For Your Pleasure
For Your Pleasure Studioalbum av Roxy Music | ||
Utgjeve | 23. mars 1973 | |
Innspelt | Februar 1973 i AIR Studios i London | |
Sjanger | Glam rock, kunstrock | |
Lengd | 42:16 | |
Selskap | Island, Polydor (UK) Warner Bros., Atco, Reprise (U.S.) [1] | |
Produsent | Chris Thomas, John Anthony, Roxy Music | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Roxy Music-kronologi | ||
Roxy Music (1972) |
For Your Pleasure | Stranded (1973)
|
For Your Pleasure er eit album frå 1973 av det britiske glam- og kunstrockbandet Roxy Music, som kom ut på Island Records. Det er det andre albumet til bandet og det siste med to synthesizerar og lydspesialisten Brian Eno, som seinare vart kjend som soloartist og produsent.
Produksjon[endre | endre wikiteksten]
Gruppa var lengre i studio med dette albumet enn debuten, og kombinerte sterke songar av Bryan Ferry med meir utførlege produksjonsteknikkar. Til dømes tonar songen «In Every Dream Home a Heartache» (Ferry sin skumle ode til ei oppblåsbar dukke) ut i avslutninga, før han tonar inn med alle instrumenta køyrd gjennom phasing-effekt. Tittelsporet tonar ut i ei utførleg blanding av bandsløyfeeffektar. Eno kommenterte at den skumle «Bogus Man» hadde likskapar til samtidige songar av krautrock-gruppa Can.[6]
Av dei meir livlege songane på albumet finn ein «Do the Strand» og «Editions of You» som begge var baserte på iherdige rytmar, liknande den første singelen til bandet, «Virginia Plain». «Do the Strand» har vorte kalla den urtypiske Roxy Music-songen, medan «Editions of You» var kjend for ei rekkje fengande soloar av Andy Mackay (saks), Eno (VCS3) og Phil Manzanera (gitar).
Brian Eno er godt merkbar i den siste songen på albumet, «For Your Pleasure», og gjer han ulik nokon annan song. Songen endar med stemma til Judi Dench som seier «You don't ask. You don't ask why». Eit konsertopptak av songen vart nytta i 1975 som B-side til «Both Ends Burning».
Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]
Som med debutalbumet til Roxy Music vart det ikkje gjeven ut singlar frå For Your Pleasure då det kom ut. «Pyjamarama» med «The Pride and the Pain» på baksida, som ikkje var med på albumet, vart gjeven ut i Storbritannia og nådde 10. plass. «Do the Strand» med «Editions of You» som B-side vart gjeven ut i USA og Europa og omsider i Storbritannia i 1978.
Biletet på plateomslaget vart teken av Karl Stoecker og syner kjærasten til Bryan Ferry på den tida, songaren og modellen Amanda Lear.
Mottaking[endre | endre wikiteksten]
For Your Pleasure nådde 4. plass i Storbritannia i 1973 og 15. plass i Noreg. I 2000 plasserte Q magazine albumet på 33. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2003 plasserte Rolling Stone det på 394. plass på lista si over dei 500 største albuma gjennom tidene. Det vart plassert på 87. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[7] Morrissey sa ein gong til britisk presse at han «berre kunne kome på eitt verkeleg bra britisk album: For Your Pleasure.»
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Bryan Ferry.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Do the Strand» | 4:04 |
2. | «Beauty Queen» | 4:41 |
3. | «Strictly Confidential» | 3:48 |
4. | «Editions of You» | 3:51 |
5. | «In Every Dream Home a Heartache» | 5:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Bogus Man» | 9:20 |
7. | «Grey Lagoons» | 4:13 |
8. | «For Your Pleasure» | 6:51 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Bryan Ferry – vokal, piano, Hohner Pianet, Mellotron, munnspel
- Brian Eno – VCS3 synthesizer, korvokal
- Andrew Mackay – obo, saksofon, Farfisa orgel
- Phil Manzanera – elektrisk gitar
- John Porter – bassgitar
- Paul Thompson – trommer
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «For Your Pleasure» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate. s. 930. ISBN 1841958603.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( For Your Pleasure > Review )))». Allmusic. Henta 31. mars 2011.
- ↑ Brackett, Nathan. "Roxy Music". The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 705
- ↑ Christgau, Robert. "Roxy Music". robertchristgau.com, Henta 31. mars 2011.
- ↑ Scaruffi, Piero. "Roxy Music". pieroscaruffi.com (italiensk). Henta 31. mars 2011.
- ↑ Stump, Paul (1998). Unknown Pleasures: A Cultural Biography of Roxy Music, Quartet(UK)/Thunder's Mouth (U.S.), ISBN 1-56025-212-X, s. 82.
- ↑ Top 100 Albums of the 1970s, Pitchfork Media, 6-23-04, henta 31. mars 2011.
352: The Slim Shady LP Eminem |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 351 For Your Pleasure |
350: Music of My Mind Stevie Wonder |
397: Blue Lines Massive Attack |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 396 For Your Pleasure |
395: Sound of Silver LCD Soundsystem |