Outside av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Outside
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 25. september 1995
Innspelt Mars 1994 – februar 1995
Studio
Sjanger
Lengd 74:36
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi
Rarestonebowie
(1995)
Outside BBC Sessions 1969–1972 (Sampler)
(1996)
Studioalbum av David Bowie-kronologi
Black Tie White Noise
(1993)
Outside Earthling
(1997)
Singlar frå Outside
  1. «The Hearts Filthy Lesson»
    Utgjeve: 11. september 1995
  2. «Strangers When We Meet»
    Utgjeve: 20. november 1995
  3. «Hallo Spaceboy»
    Utgjeve: 19. februar 1996

1. Outside (med undertittelen The Nathan Adler Diaries: A Hyper-cycle) er det nittande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 25. september 1995[3]Arista Records, BMG og RCA Records i Europa og Virgin Records i USA. Det markerte gjenforeininga mellom Bowie og Brian Eno, som han hadde arbeidd med på Berlintrilogien i 1970-åra.[4] Outside krinsar rundt karakterar i ei dystopisk verd på nyårsaftan 1999. Albumet sette Bowie attende på musikk-kartet med singlane «The Hearts Filthy Lesson», «Strangers When We Meet» og «Hallo Spaceboy» (remiksa av Pet Shop Boys).

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Outside markerte eit nytt samarbeid mellom Bowie og Brian Eno, som ikkje hadde arbeidd i lag sidan slutten av 1970-åra på «Berlintrilogien» til Bowie. Dei møtte kvarandre i bryllaupet til Bowie og Iman Abdulmajid i 1992, der dei kvar spelte stykke av sin eigen musikk på bryllaupsfesten og gleda seg over korleis par på dansegolvet kom og gjekk. På det tidspunktet visste Bowie at «me var begge interessert i å nappe i periferien av det kommersielle i staden for å hoppe inn. Me sende kvarandre lange manifest om kva som mangla i musikken og kva me burde gjere. Me valte å verkeleg eksperimentere og gå i studio utan eit fnugg av ein idé.»[5] Bowie og Eno vitja Gugging psykiatriske sjukehus nær Wien tidleg i 1994 og intervjua og fotograferte pasientar, som var kjende for sin «Outsider-kunst».[3] Ein av songane på albumet, «I'm Deranged», var direkte inspirert av ein av pasientane Bowie intervjua på sjukehuset.[6] Bowie og Eno tok med seg noko av kunsten attende til studio[3] då dei arbeidde i lag i mars 1994 og kom opp med eit tre timar langt stykke som hovudsakleg bestod av dialog. Seint i 1994 spurte magasinet Q Bowie om å skrive ei dagbok for ti dagar, som dei skulle publisere i magasinet. Bowie frykta at dagboka hans kom til å vere keisam («...drog til studio, kom heim og la meg»), og valte i staden å skrive ei dagbok for ein av dei oppdikta karakterane (Nathan Adler) frå den tidlegare improvisasjonen hans med Eno. Bowie sa «I staden for ti dagar, vart det 15 år av livet hans!» Dette danna grunnlaget for soga på 1. Outside.[7]

«Alt eg hadde kjøpt eller pleidde å gå for å sjå eller lytta til, det var alltid ting på kanten. Eg var alltid langt meir interessert i ytterkantane av livet, enn det som skjedde i sentrum. Senteret verka som eit enkelt ordforråd eller noko. Det [midten] fanga ikkje fantasien min.»

David Bowie i 1995 om fascinasjonen for det som er «utafor» det kommersielle[8]

Resultatet vart, i motsetnad til tidlegare Bowie-album,[9] at ikkje ein einaste song, utanom «Strangers When We Meet», vart skriven før bandet gjekk i studio. I staden for skreiv Bowie mange songar i lag med bandet i improviserte økter.[10] Bowie og Eno fortsette med dei eksperimentelle låtskrivarteknikkane dei hadde byrja med attende under Berlintrilogien. I 1995, då han snakka til pressa om albumet, sa Bowie «Det Brian gjorde, som verkeleg var nyttig, er han gav alle kort i byrjinga av dagen. På kvart kort stod det skildra ein karakter, som 'Du er eit misnøgd medlem av eit sørafrikansk rockeband. Spelt dei tonane som vart undertrykte.' ... Fordi det sette tonen for dagen, tok musikken seg inn i alle desse uklåre områda. Og det var sjeldan det fall inn i ein klisjé.»[10]

Dei «tilfeldige utklippa» frå soga om Adler er ein del av teksten på albumet og platenotata i omslaget, skriven av Bowie. Han skreiv dei inn på Macintosh-maskina si og så gjennom eit program kalla Verbasizer. Verbasizer var eit program skriven av Ty Roberts, som var med å skipe Gracenote,[11] og kunne kutte opp og setje saman att orda til Bowie elektronisk, på liknande vis som han hadde gjort med papir, saks og lim attende i 1970-åra. Han såg så på teksten medan bandet spelte ein song og avgjorde «om eg skulle synge, gjere ein dialog, eller bli ein karakter. Eg improviserte med bandet, verkeleg kjapt på beina, kome frå ei linje til ei anna og sjå kva som fungere.» Bowie hevda det tok kring tre og ein halv time å bruke denne metoden til å skape «praktisk talt heile opphavet» til albumet Outside.[10]

Med ei lengd på nesten 75 minutt er albumet det lengste Bowie har laga. Då det kom ut visste Bowie at det kunne bli eit problem. Han sa «så snart eg gav det ut tenkte eg 'Det er altfor langt. Det kjem til å døy.' Det er for mykje på det. Eg skulle ha gjort det om til to CD-plater.»[12]

Konsept og tema[endre | endre wikiteksten]

Bowie i 1995

Platenotata består av ei novelle av Bowie kalla «The diary of Nathan Adler or the art-ritual murder of Baby Grace Blue: A non-linear Gothic Drama Hyper-cycle.», som fortel ei noko dystopisk utgåve av året 1999, der styresmaktene gjennom kunstkommisjonen sin har skapt eit nytt byrå som etterforskar kunstkriminalitet. I denne framtida har mord og lemlesting blitt ein ny populær undergrunnskunst. Hovudkarakteren, Nathan Adler, arbeidde med å avgjere kva av dette som var juridisk akseptabelt og kva som var søppel. Albumet er fylt med referansar til karakterar og liva deira medan han undersøkjer dei kompliserte hendingane som førte opp til mordet på ei fjorten år gammal jente. Ein kan bli ført til å tru at Nathan Adler arbeider for britiske styresmakter på grunn av referansar til byane London og Oxford, men i platenotata viser det seg, i det minste somme stader, at stadane er London i Ontario og Oxford i New Jersey, som indikerer at staden finn stad i Nord-Amerika eller, at det ikkje lenger er mogeleg å skilje mellom dei to stadane.

Bowie hevda at albumet hadde «ein smak av Diamond Dogs ... Ideen om at denne postapokalyptiske verda er der på eit vis. Du kan på eit vis kjenne det.»[13] I intervju sa Bowie at albumet var meint å reflektere angsten dei siste fem åra av tusenåret og sa «Totalt sett er ein langsiktig ambisjon å gjere det til ein serie album som strekker seg til 1999 - å prøve og fange, ved hjelp av denne innretninga, korleis dei siste fem åra av dette tusenåret kjennest. Det er ei dagbok i dagboka. Forteljinga og historiene er ikkje innhaldet - innhaldet er mellomromma mellom dei lineære bitane. Den urolege, rare teksturen .... Åh, eg har dei varmaste vonene for fin de siècle. Eg ser det som eit symbolsk offerritual. Eg ser det som eit avvik, eit heidensk ønske om å blidgjere gudar, så vi kan gå vidare. Det er ein ekte andeleg svolt der ute som blir fylt av desse mutasjonane av nesten gløymde ritual. Å ta plassen til tomrommet etterlaten av ei ikkje-autoritativ kyrkje. Vi har denne panikknappen som fortel oss at det kjem til å bli ein kolossal galskap på slutten av dette hundreåret.»[14]

Bowie var inspirert av performancekunstnaren Ron Athey og dette kom ofte fram i diskuasjonane til Bowie kring Outside, mellom anna i publiserte samtalar med Brian Eno.[15] Bowie refererte direkte til Athey i musikkvideoen til The Hearts Filthy Lesson (regissert av Samuel Bayer, 1995), der pornoskodespelaren Bud Hole framfører varemerket til Athey, «kirurgisk tornekrone» (utan løyve frå Athey, som tidlegare avslo å delta i videoen).[16] Bowie laga òg eit digitalt manipulert portrett av Athey og Divinity Fudge (òg kjend som Darryl Carlton) til bidraget hans til ei spesialutgåve av magasinet Q same året.[17] Portrettet tileigna seg eit fotografi av Dona Ann McAdams som dokumenterte Athey-framsyninga 4 Scenes in a Harsh Life ved PS122 i New York. McAdams vann eit søksmål mot Bowie for å ha brukte biletet hennar utan løyve.[18]

I 1999 oppsummerte Bowie arbeidet sitt frå Outside og fram til då og sa «Kanskje den eine linja mellom nokre av greine på Outside og det kommande tusenåret er denne nye heidenske tilbedinga, heile søket etter eit nytt andeleg liv som pågår. På grunn av måten me har rive ideen om Gud med det triumviratet i byrjinga av hundreåret, Nietzsche, Einstein og Freud. Dei øydela verkeleg alt me trudde på. 'Tida bøyer seg, Gud er død, det indre eg er laga av mange personlegdommar' ... wow, kvar faen er me? [...] Eg lurer på om me har innsett at det einaste me kunne skapa som 'Gud' var hydrogenbomba og at fallet frå erkjenninga av at me som gudar berre ser ut til å forårsaka katastrofe, er folk som prøver å finne litt andeleg binding og universalitet med eit godt pleidd indre liv. Men det er òg denne positivismen du finn no som eigentleg ikkje var der på slutten av førre hundreåret. Deretter var det generelle slagordet blant det kunstnariske og litterære samfunnet at det var enda på verda. Dei følte verkeleg at det i 1899 ikkje var noko anna, at berre ein fullstendig katastrofe kunne følgje. Det er ikkje sånn no. Me kan vera litt forsiktige eller nervøse for det som er rundt hjørnet, men det er inga kjensle av at alt kjem til å ende i år 2000. I staden er det nesten ei festleg kjensle av 'rett', i det minste kan vi kome i gang og verkeleg dra det i land.'»[19] Sjølv om han beklagelegvis sa «eg trur at alt kjem til å renne ut i sanden 1. januar. Å stå opp og bestemme kva du skal ete til frukost, det blir det mest spanande å gjere i Den nye tidsalderen.»[20]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget er eit nærbilete av eit sjølvportrett av ein serie på fem måleri av David Bowie i 1995. Sjølvportrett heitte «The Dhead – Outside» og er eit litografi på 25,5 × 20 cm. Det originale portrettet var i den private kunstsamlinga til Bowie.[21]

Oppfølgjaralbum[endre | endre wikiteksten]

Bowie hadde planlagt å lage eit album i året fram til slutten av hundreåret for å fortelje soga om korleis milleniet kjendest ut.[3][13] Han sa «Dette er ein sjanse du berre får ein gang i livet, som eit forteljande instrument for å skrive ned dei siste fem åra av milleniet. Den overambisiøse intensjonen er å vidareføre dette til år 2000.»[7] Han meinte han hadde spelt inn nok materiale under 1. Outside-innspelinga at han gav uttrykk for sin intensjon om å fortsette forteljinga gjennom ei samling på tre album.[10] Han indikerte at han kom til å gje ut fleire album som heldt fram soga og sa «Eg føreser ganske godt at me neste år vil utvikle heilt andre karakterar, eller kanskje introdusere nokre av desse eller til og med fjernar nokre av dei. Kanskje me aldri finn Baby Grace. Kanskje blir Adler det neste offeret. Eg veit ikkje. Og det er det som er interessant. Kanskje me berre blir lei av drap som kunst og flyttar inn i eit anna område av samfunnet vårt. Det er alt å hente. Så eg er ganske interessert i framtida til denne saka.»[10] Han meinte å kalle oppfølgjaren Contamination, og hadde skissert ut karakterar for albumet (inkludert nokre «1600-tals folk») og venta at albumet skulle kome ut våren 1997.[22] I midten av 1996 sa Bowie i eit intervju at han tenkte å gå i studio i september eller oktober det året, berre han og Eno, for å arbeide på ein oppfølgjar til Outside, men skulle arbeide på eit studioalbum med turnébandet sitt i juli først.[23] Trass i dette vart det aldri laga nokon direkte oppfølgjar til Outside , og det neste albumet til Bowie var det jungle- og drum and bass-påverka albumet Earthling (1997). Etter at ein assisterande lydteknikar lak lydband meint for prosjektet på internett, skrinla Bowie ideen i følgje musikaren Mike Garson.[24]

Bowie nemnte òg at han kanskje skulle gje ut eit album kalla Inside som kom til å omhandle produksjonen av Outside: «Me kjem til å forklare arbeidsmetodane våre på det, og syne eit bar jammar og meir av desse stemmene. Den første monologen med Baby Grace var 15 minuttar lang og særs Twin Peaks[25] Det kom derimot aldri eit slikt album.

Om all musikken som vart spelt inn for albumet, sa Bowie «Det einaste eg verkeleg kan sei, og seriøst tenkjer på for framtida, er at eg vil setje tenna mine i det - det er berre så overveldande - er resten av musikken som Eno og eg gjorde då me spelte inn Outside. Me improviserte i åtte dagar og hadde kring 20 timar med musikk som eg ikkje ein gong er i nærleiken av å byrje og lytte til. Men det er absolutt nokre juvelar der...»[26]

I 2016, dagen etter Bowie døydde, sa Eno: «Me snakka om Outside kring eitt år sidan - det siste albumet me arbeidde på i lag. Me likte begge særs godt det albumet og følte at det hadde falle gjennom sprekkene. Me snakka om å dra attende til det og ta det ein ny stad. Eg såg fram til det.»[27]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[28]
Blender3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[29]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[30]
Entertainment WeeklyB–[31]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[32]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[33]
The Rolling Stone Album Guide1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[34]
Select2/5[35]
Spin6/10[36]
Sputnikmusic3.5/5[37]

Rolling Stone gav albumet tre av fem stjerner då det kom ut og kritiserte dei forteljande spora som kom innimellom og sa «Det er dei overflødige orda - dei påtrengjande talte monologane - den jury-rigga cybernoir-soga, dei overarbeidde karakteriseringane - som nær søkk heile plata.»[4] Magasinet likte derimot musikken og sa «det er utan tvil den beste musikken hans sidan 1970-åra»[38] og «ei potent samling av avantgarde riff og rytmar». Dei sa vidare at dei likte tekstane til Bowie som «smarte», «effektive» og «lure», særskild på songane «I Have Not Been to Oxford Town» og «A Small Plot of Land».[4]

Tom Doyle sa i Q at «Ein del av fansen kjenner kanskje at det manglar litt på melodifronten, og dei legionane som kom inn på Let's Dance vil heilt sikkert bli totalt og heilt forvirra. Men kanskje det er heile poenget.»[32]

Magasinet Live! kalla albumet «risikabelt» men vurderte det til sjuande og sist som ein suksess.[39] Etter Bowie døydde sa magasinet Prog at «albumet vart angripe av somme då det kom ut for å vere sjølvtilfreds, men Outside vil no bli vurdert på ny og rekna som eit av hans beste.»[40] Consequence of Sound rangerte Outside på sjuandeplassen på lista si over dei beste studioalbuma til Bowie, over kritikarroste alubm som Blackstar eller Station to Station, og sa at albumet «lykkast fordi Bowie gjekk ullstendig inn i konseptet og underlegheita».[41]

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Outside-turneen.

Bowie vurderte å gjere ei teatralsk framsyning av Outside, men var ikkje heilt sikker på korleis. Han sa «eg kjem ikkje til å presentere det nye albumet teatralsk, det vil vere altfor ambisiøst. For meg er det attraktivt å arbeide med noko som liknar på verka til Brecht, stykka han gjorde med Weill. The Rise & Fall of Mahagonny hadde alltid ein enorm innverknad på meg. Iden om å prøve å gjenskape den slags situasjonar i rocken har alltiv vore attraktivt og eg kjenner eg at det kanskje er det eg dreg attende mot.»[7]

I staden for tok Bowie musikken sin på ein meir konvensjonell turné frå seint i 1995 til tidleg i 1996. Bowie turnerte med Nine Inch Nails for å marknadsføre albumet, kalla Outside-turneen.[38] Morrissey varma opp for Bowie i Storbritannia i september, som enda med tre konsertar på Wembley Arena i London. Morrissey var òg meint å vere oppvarmingsartist på den europeiske delen av turneen i oktober, men han trekte seg like før turneen starta.[38]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av David Bowie.

Nr.TittelMusikkSungen frå perspektivet tilLengd
1.«Leon Takes Us Outside»Bowie, Brian Eno, Reeves Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay, Sterling CampbellLeon Blank1:25
2.«Outside»Bowie, Kevin Armstrongprolog4:04
3.«The Hearts Filthy Lesson»Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kızılçay, CampbellDetektiv Nathan Adler4:57
4.«A Small Plot of Land»Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kızılçay, CampbellInnbyggjarane i Oxford Town i New Jersey6:36
5.«Segue - Baby Grace (A Horrid Cassette)»Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kızılçay, CampbellBaby Grace Blue1:39
6.«Hallo Spaceboy»Bowie, EnoPaddy5:14
7.«The Motel»BowieLeon Blank6:49
8.«I Have Not Been to Oxford Town»Bowie, EnoLeon Blank3:47
9.«No Control»Bowie, EnoNathan Adler4:33
10.«Segue - Algeria Touchshriek»Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kızılçay, CampbellAlgeria Touchshriek2:03
11.«The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)»Bowie, Eno, GabrelsThe Artist/Minotaur4:21
12.«Segue - Ramona A. Stone/I Am with Name»Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kızılçay, CampbellRamona A. Stone og akolyttane hennar4:01
13.«Wishful Beginnings»Bowie, EnoThe Artist/Minotaur5:08
14.«We Prick You»Bowie, EnoMedlemmar av domstolen4:33
15.«Segue - Nathan Adler»Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kızılçay, CampbellNathan Adler1:00
16.«I'm Deranged»Bowie, EnoThe Artist/Minotaur4:31
17.«Thru' These Architects Eyes»Bowie, GabrelsLeon Blank4:22
18.«Segue - Nathan Adler»Bowie, EnoNathan Adler0:28
19.«Strangers When We Meet»BowieLeon Blank5:07
Japansk bonusspor på 1995- og 2004-utgåva
Nr.TittelMusikkLengd
20.«Get Real»Bowie, Eno2:49
Excerpts from Outside LP — side A
Nr.TittelLengd
1.«Leon Takes Us Outside» (edit)0:24
2.«Outside»4:04
3.«The Hearts Filthy Lesson»4:57
4.«A Small Plot of Land»6:34
5.«Segue - Baby Grace Blue (A Horrid Cassette)»1:39
6.«Hallo Spaceboy»5:14
Excerpts from Outside LP — side B
Nr.TittelLengd
7.«The Motel» (edit)5:03
8.«I Have Not Been to Oxford Town»3:47
9.«The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)»4:21
10.«Segue - Ramona A. Stone/I Am with Name»4:01
11.«We Prick You»4:33
12.«Segue - Nathan Adler»1:00
13.«I'm Deranged»4:31
1996 versjon 2 japansk bonusplate
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) 4:26
2.«Under Pressure» (konsertopptak, spelt inn 1995)Brian May, Roger Taylor, Freddie Mercury, John Deacon, Bowie4:08
3.«Moonage Daydream» (konsertopptak, spelt inn 1995)Bowie5:29
4.«The Man Who Sold the World» (konsertopptak, spelt inn 1995)Bowie3:35
5.«Strangers When We Meet» (edit) 4:21
6.«The Hearts Filthy Lesson» (Rubber mix) 7:41
Bonusplate med avgrensa spesialutgåve i digibook frå 2004
Nr.TittelLåtskrivar(ar)RemiksarLengd
1.«The Hearts Filthy Lesson» (Alternativ mix) Trent Reznor, Dave Ogilvie, Chris Vrenna5:20
2.«The Hearts Filthy Lesson» (Rubber mix) Tony Maserati, Robert Holmes7:41
3.«The Hearts Filthy Lesson» (Simple Test mix) Maserati, Holmes6:38
4.«The Hearts Filthy Lesson» (Filthy mix) Maserati, Holmes5:51
5.«The Hearts Filthy Lesson» (Good Karma mix) Tim Simenon5:00
6.«A Small Plot of Land» (Basquiat-versjonen) Brian Eno2:48
7.«Hallo Spaceboy» (12" remix) Pet Shop Boys6:45
8.«Hallo Spaceboy» (Double Click mix) PSB, David Ball, Ingo Vauk7:47
9.«Hallo Spaceboy» (Instrumental) PSB, Ball, Vauk7:41
10.«Hallo Spaceboy» (Lost in Space mix) PSB, Ball, Vauk6:29
11.«I Am with Name» (albumversjonen)  4:01
12.«I'm Deranged» (Jungle mix) Mark Plati7:00
13.«Get Real»Bowie, Eno 2:49
14.«Nothing to Be Desired»Bowie, Eno 2:15
Merknad
  • «I Am with Name» inneheld sampling av publikumjubel, Brian May som ropar og eit Cozy Powell-riff frå Live at the Brixton Academy.[42]
  • Pet Shop Boys-remiksen av «Hallo Spaceboy» inneheld ein sample frå «Leon Takes Us Outside» og teksten frå «Space Oddity», skriven av Bowie og tilpassa av Neil Tennant.
  • Den europeiske utgåva av versjon 2 var ei enkelplate, og erstatta «Wishful Beginnings» med Pet Shop Boys-miksen av «Hallo Spaceboy», lagt til som sistesporet på albumet.
  • Den australske utgåva avversjon 2 hadde «Bowie mix» (identisk til albumversjonen) av «The Hearts Filthy Lesson» i staden for «Rubber mix».
  • Basquiat-versjonen av «A Small Plot of Land» kom først ut på Island Records-albumet Basquiat Original Soundtrack: Music from the Miramax Film. Jungle-miksen av «I'm Deranged» vart først gjeven ut som B-side på somme utgåver av «Dead Man Walking»-singelen. Alle andre bonusspor vart først gjevne ut på ymse singlar frå albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Produsents
  • Miksing og ekstra handsaming
    • David Richards
    • David Bowie
  • Mastering
    • David Richards
    • Kevin Metcalfe
  • Albumdesign og biletmanipulering
    • Denovo
  • Konsept for plateomslag
    • David Bowie
    • Denovo
  • Måleri på framsida
    • «Head of DB» (11«x11») akryl på lerret 1995 av David Bowie
  • Fotografi:
    • John Scarisbrick
  • Stylist:

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister i 1995
Liste (1995) Plassering
Australske album (ARIA)[43] 55
Austerrikske album (Ö3 Austria)[44] 22
Belgiske album (Ultratop Flandern)[45] 12
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[46] 14
Den danske albumlista[47] 10
Nederlandske album (MegaCharts)[48] 38
Finske album (Suomen virallinen lista)[49] 26
Tyske album (Offizielle Top 100)[50] 33
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[51] 37
Norske album (VG-lista)[52] 15
Svenske album (Sverigetopplistan)[53] 13
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[54] 22
Britiske album (OCC)[55] 8
US Billboard 200[56] 21

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia 45,000[57]
Storbritannia (BPI)[58] Sølv 200,000[59]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gill, Andy (12. september 2021). «David Bowie: How the outsider's outsider proved himself far braver than the rock'n'roll mainstream». The Independent. London, England: Independent Print Ltd. Henta 14. september 2021. 
  2. Savage, Mark (12. september 2021). «David Bowie: A career that shaped modern pop». BBC News. Henta 14. september 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Moody, Rick (10. september 1995). «Returning to the Sound of Those Golden Years». The New York Times (New York City). Henta 12. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Fricke, David (19. oktober 1995), «Art Crime», Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC), no. 719, s. 148 
  5. Gundersen, Edna (14. september 1995). «Cover Story: Bowie, beyond fame and fashion». USA Today (McLean, Virginia: Gannett Company): D1–2. 
  6. O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Gorman, Paul (1995). «David Bowie (Interview)». MBI (Minneapolis, Minnesota: MBI Publishing Company LLC). Arkivert frå originalen 16. juli 2001. Henta 12. september 2021. 
  8. «David Bowie Outside Press Conference London 1995». www.youtube.com. 4. desember 2012. Henta 14. september 2021. 
  9. Isler, Scott (August 1987). «David Bowie Opens Up – A Little». Musician (New York City: Billboard Publishing Inc.) (106): 60–73. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Paul, George A. (1995). «Bowie Outside Looking In». Axcess Magazine (Stockholm, Sweden: Axcess Publishing AB) 3 (5): 60–62. 
  11. Smith, Clyde (2013). «Ty Roberts From Working With David Bowie To Co-Founding Gracenote». hypebot.com. Henta 15. september 2021. 
  12. Brown, Mark (1997). «The Thin White Earthling». Arkivert frå originalen 13. oktober 1999. 
  13. 13,0 13,1 Duke of Haza, 1995, arkivert frå originalen 25. april 2005, henta 2. august 2013 
  14. Roberts, Chris (October 1995), «Action Painting», Ikon, arkivert frå originalen 2001-07-16 
  15. David Bowie and Brian Eno, ‘Internet Conversation, 26. oktober 1994’, Q (January 1995), 182–83 (183).
  16. Dominic Johnson, «Introduction: Towards a Moral and Just Psychopathology» in Pleading in the Blood: The Art and Performances of Ron Athey (Intellect and Live Art Development Agency, 2013), 17
  17. David Bowie, ‘The Diary of Nathan Addler: or, The Art-Ritual Murder of Baby Grace Belew – An Occasionally On-going Short Story’, Q (January 1995), 176–81 (181)
  18. Charise K. Lawrence, ‘David Bowie Makes Amends over Bloody Good Photos’, National Law Journal (3. juli 1995), A27.
  19. Chirazi, Stefan (2000). «Portrait of the Artist: David Bowie». Soma Magazine. Henta 14. mai 2012 – via Bowie Wonderworld. 
  20. Mabbott, Alistair (17. november 1995). «The man who fell to earth». The List. Henta 7. september 2021. 
  21. «Bowieart.com / David Bowie / Printmaking». Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  22. Kuipers, Dean (March 1997), «David Bowie: Is There Life on Earth?», Ray Gun (44) 
  23. «David Bowie – Interview with Alan Bangs/Loreley Festival 1996». June 1996. Henta 14. september 2021.  Alan Bangs
  24. @mikegarson (5. juli 2020). «An assistant engineer at the time stole the session tapes and released a bunch of raw tracks on the internet...» (Tweet) – via Twitter. 
  25. «Can the Real David Bowie Rise, Please?», HUMO (Asse, Belgium: De Persgroep), 5. desember 1995, arkivert frå originalen 12. september 2021, henta 12. september 2021 
  26. Orzeck, Kurt (August 2003), «David Bowie Faces Reality», Ice, arkivert frå originalen 3. november 2003 
  27. Geoghegan, Kev; Saunders, Emma (12. september 2021). «Reaction to David Bowie's death». BBC Online. Henta 12. september 2021. 
  28. http://www.allmusic.com/album/r220799
  29. «1. Outside – Blender». Blender. Arkivert frå originalen 4. august 2009. Henta 12. september 2021. 
  30. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  31. «Music Review: Outside, by David Bowie». Entertainment Weekly. 29. september 1995. 
  32. 32,0 32,1 «David Bowie: 1.Outside Review». Q. October 1995. 
  33. Fricke, David (19. oktober 1995). «David Bowie Outside Album Review». Rolling Stone. New York City: Wenner Media LLC. Henta 14. september 2021. 
  34. The New Rolling Stone Album Guide. New York City: Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. 
  35. Grundy, Gareth (November 1995). «David Bowie: Outside». Select. s. 107. Henta 15. september 2021. 
  36. Powers, Ann (October 1995). «David Bowie:Outside». Spin (Los Angeles, California: Eldridge Industries): 116. 
  37. Butler, Nick (21. september 2011). «David Bowie – Outside (album review 2)». Sputnikmusic. Henta 15. september 2021. 
  38. 38,0 38,1 38,2 Weisel, Al (2. november 1995), «Performance: Nine Inch Nails / David Bowie», Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC) (720), s. 28 
  39. Pond, Steve (March 1997), «Beyond Bowie», Live! Magazine: 38–41, 93 
  40. september 2021/david-bowie-s-proggiest-moments «David Bowie's Proggiest Moments» Check |url= value (hjelp). Prog. Henta 14. september 2021. 
  41. Goble, Blake; Blackard, Cap; Levy, Pat; Phillips, Lior; Sackllah, David (8. januar 2018). «Ranking: Every David Bowie Album From Worst to Best». Consequence of Sound (Chicago, Illinois: Consequence Holdings LLC). Henta 15. september 2021. 
  42. «I Am With Name». Arkivert frå originalen 10. september 2021. Henta 14. september 2021. 
  43. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  44. "David Bowie - 1. Outside" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  45. "David Bowie – 1. Outside" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  46. "David Bowie – 1. Outside" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  47. «Listen – Danmarks Officielle Hitliste – Udarbejdet af AIM Nielsen for IFPI Danmark – Uge 39». Ekstra Bladet (på dansk) (København). 1. oktober 1995. 
  48. "David Bowie – 1. Outside". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  49. "David Bowie: 1. Outside" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  50. "Offiziellecharts.de – David Bowie – 1. Outside" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  51. "David Bowie – 1. Outside". Charts.org.nz. Hung Medien.
  52. "David Bowie – 1. Outside". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  53. "David Bowie – 1. Outside". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  54. "David Bowie – 1. Outside". Swisscharts.com. Hung Medien.
  55. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  56. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  57. «Il Duca Bianco in noir». La Stampa (på italiensk). 8. februar 1996. s. 22. Henta 15. september 2021. 
  58. «British album salstrofé – David Bowie – Outside». British Phonographic Industry.  Enter Outside in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  59. «David Bowie, il volto mistico del rock». La Stampa (på italiensk). 16. november 1995. s. 23. Henta 15. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]