Everything That Happens Will Happen Today

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Everything That Happens Will Happen Today
Studioalbum av David Byrne og Brian Eno
Utgjeve 18. august 2008
Innspelt Demoinnspeling av Eno i heimestudioet hans i London i 2006, gjort ferdig av Byrne og Leo Abrahams i studioa deira i New York City og London i 2008; innspelingar òg gjort i Cafe Music Studios og Harder Sound i New York City.
Sjanger Elektronisk, gospel
Lengd 47:16
Selskap Todo Mundo
Produsent David Byrne og Brian Eno, samt produksjon av Leo Abrahams
Kritikk
David Byrne og Brian Eno-kronologi
My Life in the Bush of Ghosts
(1981)
Everything That Happens Will Happen Today
Brian Eno-kronologi
Another Day on Earth
(2007)
Everything That Happens Will Happen Today Small Craft on a Milk Sea
(2010)


Everything That Happens Will Happen Today er det andre albumet til David Byrne og Brian Eno, gjeven ut 18. august 2008 på Todo Mundo.

Albumet vart det første samarbeidet deira sidan My Life in the Bush of Ghosts i 1981. Byrne og Eno arbeidde med å blande elektronisk musikk med gospel.[1]. Singelen «Strange Overtones» vart gjeven ut for å promotere albumet og Byrne la ut på turne i 2008 og 2009 med songar frå albumet, samt songar frå det første samarbeidet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då Byrne og Eno diskuterte ei nyutgjeving av My Life in the Bush of Ghosts i 2006, sa Eno at han hadde nokre songar han mangla tekst og vokal på. Dei hadde snakka om å lage eit album i lag i fleire år, men dette var det første seriøse forsøket deira sidan 1980-åra.

Det meste av albumet vart laga av dei to på kvar si side av Atlanteren. Dei arbeidde berre i studio i lag ved eit par høve.

Albumet fekk stort sett positiv kritikk og har ein gjennomsnittleg score på 75 % basert på 24 meldingar hos Metacritic. Albumet vart nominert til tre Grammy Award, for beste alternative musikkalbum, for beste plateomslag og for beste boks eller Special Limited Edition-innpakning. Designer Stefan Sagmeister vann prisen for beste plateomslag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Byrne (tekst) og Eno (musikk). 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Home»    5:06
2. «My Big Nurse»    3:21
3. «I Feel My Stuff»    6:25
4. «Everything That Happens»    3:46
5. «Life Is Long»    3:45
6. «The River»    2:30
7. «Strange Overtones»    4:17
8. «Wanted for Life»    5:06
9. «One Fine Day»    4:55
10. «Poor Boy»    4:19
11. «The Lighthouse»    3:46
12. «Poor Boy» (Eno & Leo Abrahams remix - japansk bonusspor)  3:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Talking Heads front man hits NZ». Television New Zealand. 2009-02-13. Henta 26. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]