Thomas Engelhart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Engelhart

Thomas von Westen Engelhart (6. oktober 18503. august 1905) var ein norsk statsråd for Venstre, amtmann og statsadvokat.

Engelhart var fødd i Vinger, faren var offiser. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1866, og avla juridisk embetseksamen i 1871. Deretter var han advokatfullmektig og frå 1873 overrettssakførarKongsvinger. Frå 1876 var han høgsterettsadvokat i Vinger, der han også var ordførar mellom 1881 og 1889 og direktør i den lokale sparebanken. I 1889 vart han statsadvokat for Akershus og Kristians (Oppland) lagsokn.

Engelhart representerte Hedemarkens amtStortinget i tida 1886-97. Han var 1886-89 medlem av jarnbanekomiteen, 1888-89 som formann. 1889 og 1891 var han president i Odelstinget. I 1890 vart han nekta møte på Stortinget, 56 røyster mot 40, ettersom han hadde søkt statsadvokatembetet. Medlem av konstitusjonskomiteen 1893, formann 1894-96. Medlem av valkomiteen 1893-96 og av undersøkingskomiteen 1894, samt medlem av Lagtinget 1895-96.

Frå mars 1891 til 1892 leia Engelhart Revisjonsdepartementet i Johannes Steen si fyrste regjering, var så medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm til regjeringa gjekk av i 1893. Sidan vart han 1895 utnemnd til sjef for Indredepartementet i den fyrste Francis Hagerup-regjeringa, før han atter vart medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm 1897-98.

Han var amtmann i Bratsberg amt 1898-1902 og i Jarlsberg og Larvik amt frå 1902 til han døydde brått sommaren 1905 medan han var på Feskjær ved Åsgårdstrand.

Engelhart vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1898. Han var også innehavar av fleire utanlandske ordenar, mellom dei den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914