Thor Rogstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thor Rogstad
Fødd 1786
Kongsberg
Død

15. mai 1853

Yrke embetsmann, politikar

Thor Rogstad (178615. mai 1853) var ein norsk jurist og stortingsmann frå Kongsberg. Han var far til Nils Rogstad.

Rogstad var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han cand.jur. i 1805, og vart prøveprokurator i 1808. Frå 1810 praktiserte han som prokurator ved overretten i Kristiansand, ti år seinare vart han assessor ved stiftsoverretten i byen, justitarius ved same frå 1840.

Både i 1818 og 1824 var Rogstad andre-representant frå Kristiansand på Stortinget. I 1818 var han medlem av åtte komitear, mellom dei om kjøpstadskatten, om adelslova, utskiftingslova og om sagbruksprivilegiar. Dessutan var han medlem av stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm i 1818. År 1824 var kan visesekretær i Lagtinget, medlem av tollkomiteen og av komiteane om adelsrettar, om innløysing av riksbanksetlane, samt statens krav mot firmaet Møller & Co.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]