Thore Wølstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thore Wølstad
Fødd 25. april 1853
Gjesdal
Død

18. februar 1913
Hetland

Yrke bonde, politikar

Thore Olsson Wølstad (25. april 185318. februar 1913) var ein norsk gardbrukar, bankmann og politikar frå Gjesdal. Han var 1895-1903 og 1905-06 stortingsmann for Moderate Venstre frå Stavanger amt.

Wølstad var son til ein gardbrukar på Vølstad i Gjesdal. Han fekk eksamen 1870 frå Austrått landbruksskule, og arbeidde for det Det norske misjonsselskap frå 1876 til -94. Frå 1887 dreiv han gard på Øvre Tasta i Hetland herad, og frå 1906 var han med i styret for Noregs Bank si avdeling i Stavanger.

Wølstad var medlem i heradsstyret i Hetland frå 1886, ordførar 1892-93 og frå 1905 til 1912. Han var elles åstadskommissær og hadde ei rad tillitsverv.

Wølstad representerte Moderate Venstre på Stortinget frå 1895 til 1903. Opphavleg var han fyrste varamann til stortinget 1895-97, men då Ole Osmundsson Berge døydde straks etter valtinget, rykte Wølstad inn frå då 1895-sesjonen tok til. Han var i alle tingåra medlem i Næringskomite nr 2, sekretær i komiteen 1896-97. Bolken 1903-06 var han atter fyrste varamann frå Stavanger amt, møtte på tinget frå 15. mars 1905, då representanten Aasmund H. Vinje vart statsråd i den nyskipa Michelsen-regjeringa.

Wølstad levde ugift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]