Tim Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tim Davis
Fødd29. november 1943
FødestadMilwaukee
Død20. september 1988
OpphavUSA
Verka somperkusjonist, singer-songwriter

Timothy L. «Tim» Davis (29. november 194320. september 1988)[1] var ein amerikansk trommeslagar, songar og låtskrivar, mest kjend for å ha vore med å skipe Steve Miller Band.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Davis vart fødd i Milwaukee og voks opp i Janesville i Wisconsin. Han spelte på dei første fem albuma til Steve Miller Band, og bidrog med både solo- og korvokal, i tillegg til at han skreiv songar. Davis slutta i bandet for å arbeide med andre artistar, som Ben Sidran, og for å satse på ein solokarriere. Kort tid etter han slutta i bandet, gjekk Davis inn i eit band med David Lindley for Terry Reid, og spelte på Isle of Wight-festivalen i 1970.[2]

Davis hadde ein liten hit i 1972, «Buzzy Brown», skriven i lag med James «Curley» Cooke, som òg spelte i Steve Miller Band. Davis fortsette å arbeide med Steve Miller i periodar, og skreiv to songar i lag med MIller i 1984 for Steve Miller Band-albumet Italian X Rays.[3]

Davis døydde i 1988 etter komplikasjonar med diabetes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Steve Miller Band[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 Pipe Dream
  • 1974 Take Me As I Am

I lag med andre[endre | endre wikiteksten]

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Notice of Death; www.thedeadrockstarsclub.com. See comments of Steve Miller in the liner notes to the Steve Miller Band Box Set (1994).
  2. Isle of Wight 3 1970.
  3. Susan Masino, Famous Wisconsin Musikars - 2003, with an introduction by Les Paul, p. 28.
  4. Title track written and sung by Tim Davis.
  5. First compilation album of The Steve Miller Band, comprising material from the band's first five albums. «Your Saving Grace», originally credited solely to Davis on Your Saving Grace is credited on Anthology to Davis, Steve Miller and Ben Sidran. Credit reverts solely to Davis by the time of The Best of 1968-1973 - 1990 and the Box Set - 1994.
  6. Another compilation/anthology; «Complete Greatest Hits».
  7. Chuck Berry vart akkompagnert av «The Steve Miller Blues Band», inkludert Davis, som var ein føregjengar for The Steve Miller Band.
  8. Includes one Steve Miller track, «Mercury Blues», with Davis on trommer.
  9. One track credited to Steve Miller, though appearance was by «The Steve Miller Blues Band": «Mercury Blues».