Hopp til innhald

Podgorica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Titograd)
Podgorica
Подгорица
by
Utsyn over Podgorica.
Flagg
Våpenskjold
Land  Montenegro
Koordinatar 42°26′N 19°16′E / 42.433°N 19.267°E / 42.433; 19.267
Høgd 44 m
Areal 1 205 km²
Folketal 180 186  (2023)[1]
Grunnlagd Før 1000-talet
Borgarmeister Marko Kovačević
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 81000
Retningsnummer 81
Bilnummer PG
Kart
Podgorica
42°26′29″N 19°15′46″E / 42.441388888889°N 19.262777777778°E / 42.441388888889; 19.262777777778
Kart som viser Podgorica.
Kart som viser Podgorica.
Kart som viser Podgorica.
Wikimedia Commons: Podgorica
Nettstad: podgorica.me

Podgorica (kyrillisk Подгорица) er hovudstaden og den største byen i Montenegro med om lag 180 000 innbyggjarar. Byen vart tidlegare kalla Titograd. Han ligg der elvane Ribnica og Morača renn saman og der dei frodige Zeta- og Bjelopavlićislettene møter kvarandre, berre nokre få titals kilometer frå både vinterskistadane i nord og feriestadane ved Adriahavet.

Kommunen blir offisielt omtala som «hovudstaden Podgorica» (Glavni grad Podgorica / Главни град Подгорица). Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 180 186 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]

Kommunen Podgorica utgjer om lag 10,4 % av det totale arealet til Montenegro og 27,3 % av folkesetnaden. I tillegg til å vere det administrative senteret i Montenegro er Podgorica òg det viktigaste senteret for økonomi, kultur og handel.

Podgorica ligg sentralt i Montenegro i den nordlege delen av Zetasletta. Heile området der Podgorica ligg er kryssa av elvar og sjølve byen ligg berre 15 km nord for Shkodërsjøen. Elvane Morača og Ribnica renn begge gjennom byen, medan elvane Zeta, Cijevna, Sitnica og Mareza renn i nærleiken.

I motsetnad til det meste av Montenegro ligg byen i eit relativt flatt område, og det einaste unntaket er åsane som ligg rundt byen. Den største av desse er Goricaåsen som stig 107 meter opp og som har gjeve namn til byen. Av andre åsar finn ein Malo brdo («Litleåsen»), Velje brdo («Storeåsen»), Ljubović og Čardak. Desse er stort sett for bratte for busetnader.

Podgorica har eit typisk middelhavsklima med tørre og varme somrar og milde vintrar. Snø er særs sjeldan i byen. Han har ein årleg nedbørnormal på 1 544 mm og ein årleg middeltemperatur på 16,44 °C. 135 dagar av året har temperaturar over 25 °C. Podgorica er kjend for å få særs varme sommardagar og temperaturar over 40 °C er ikkje uvanleg i juli og august. Den høgaste temperaturen som er målt i Podgorica er 44,8 °C den 16. august 2007.

Podgorica ligg ved kryssingspunktet til fleire viktige vegar som førte ned elvedalane i området og ligg òg i eit låglandsområde med god dyrkbar mark og gode klimatiske tilhøve. Området har derfor vore busett sidan førhistorisk tid. Dei eldste funna høyrer til steinalderen. Etter kvart vart området busett av to illyriske stammer, kalla labeatearar og docleatar. Labeatarane hadde ei festning, Meteon (i dag Medun) og eit god utvikla levesett, særleg militært.

Docleatane var busett litt lenger nord i Zetadalen og på grunn av den frodige jorda og plasseringa langs viktige vegar opplevde dei rask økonomisk vekst. Deira største busetnad var Doclea, som ligg om lag 3 km nordvest for dagens Podgorica. På denne tida var dette ein storby med 8-10 000 innbyggjarar.

På byrjinga av 400-talet kom dei første slavarane og avarane til området då Romarriket var i ferd med å bryte opp. Etter kvart vart den gamle byen forlaten og nye byar vart grunnlagd i området. Slaviske stammer i området var stadig i strid med austromarane og dei grunnla etter kvart ein eigen stat. Dei grunnla òg ein ny by ved elva Ribnica, som fekk same namn (må ikkje forvekslast med Ribnica i Slovenia). Ribnica vart først nemnd då den serbiske kongefamilien Nemanjići styrte her.

Namnet Podgorica vart først nemnd i 1326. Podgorica dreiv handel med Dubrovnik på denne tida via vegen som førte gjennom Trebinje og Nikšić. Sidan han låg der fleire handelsvegar kryssa kvarandre var Podgorica eit handelssenter med mange varer, handelsmenn, meldingar og passasjerar som førte til utvikling av dei økonomiske tilhøva, den militær styrken og gjorde byen strategisk viktig.

Det osmanske riket erobra Podgorica i 1474 stoppa denne utviklinga opp. Osmanarane bygde store festningsverk i Podgorica og busetnaden vart omvandla frå eit handelssenter til ein bastion for å forsvare stadige åtak frå opprørske stammer. Festningsbyen med alle tårna, portane og festningsvollane gjorde klarte å stå imot alle åtak. I 1864 vart Podgorica ein kommune (kaza) i İşkodra vilayet kalla Böğürtlen («Bjørnebær» på tyrkisk).

Etter Berlinkongressen i 1878 vart Podgorica innlemma i Montenegro og fire hundre år under tyrkarane tok slutt. Byen utvikla seg relativt raskt og voks til eit handelssenter igjen.

Podgorica vart hardt råka under den andre verdskrigen og vart bombardert over 70 gonger. 4 100 innbyggjarar mista livet. Byen vart frigjeve 19. desember 1944.

Under namnet Titograd vart byen 13. juli 1946 hovudstad i Sosialistrepublikken Montenegro. Titograd utvikla seg raskt og vart ein kommersiell, samfunnsøkonomisk og kulturelt senter i Montenegro.

Då Jugoslavia braut saman vart byen omdøypt til Podgorica igjen den 2. april 1992.

Den øydeleggjande jugoslaviakrigane råka ikkje Montenegro direkte, men Podgorica og landet leid stort økonomisk. Først tidleg på 2000-talet utvikla økonomien seg igjen og Podgorica utvikla seg til ein vestlegorientert by. Podgorica vart hovudstad i den sjølvstendige staten Montenegro frå 3. juni 2006.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

I 2011 hadde Podgorica 185 937 innbyggjarar.[2] 1. september 2018 vart ein del av kommunen skild ut som kommunen Tuzi,[3] og 23. august 2022 vart kommunen Zeta skild ut.[4]

Kommunen med sine noverande grenser hadde 158 443 innbyggjarar i 2011. Dei største busetnadene i den noverande kommunen var:

Folketal 2011[2]
Podgorica 150 977
Donji Kokoti 1 073
Grbavci 575
Beri 556
Farmaci 462
  1. 1,0 1,1 «Preliminarni rezultati Popisa stanovništva, domaćinstava i stanova u 2023. godini (Førebels resultat av folketeljinga 2023 – hushald og bustader)». Monstat. 2023. Henta 11. september 2024. 
  2. 2,0 2,1 «POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data)». Monstat. 2011. Henta 11. september 2024. 
  3. «Tuzi will become an independent municipality». CDM. 31. august 2018. Henta 14. september 2024. 
  4. «Zeta becomes municipality from today». CDM. 23. august 2022. Henta 14. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Podgorica
Reiseguide for Podgorica frå Wikivoyage