Tonje Angelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tonje Angelsen under europameisterskapen i Helsingfors 2012

Tonje Angelsen (fødd 17. januar 1990) er ein friidrettsutøvar frå Trondheim. Ho vart norsk meister i høgdehopp i 2011. I 2012 vann ho EM-sølv i Helsingfors med eit hopp på 1,97 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Angelsen slo gjennom i 2006-sesongen, då ho sette norsk aldersrekord for 16-åringar med eit bestehopp på 1,82 meter. Under noregsmeisterskapen same året fekk ho bronsemedaljen etter å ha hoppa 1,81 m, to centimeter bak noregsmeisteren Stine Kufaas og med same resultat som sølvvinnaren Anne Gerd Eieland.

Både i 2007 og 2008 sleit ho med ei korsbandskade, og fyrst i 2009 kunne ho atter måle seg mot dei beste norske. Ho erobra sølvmedaljen under NM 2009 på Lillehammer med 1,84 m, Stine Kufaas vann gullet med 1,87 m.

I juni 2010 sette Angelsen ny personleg rekord med 1,89 m under Tyrvingleikane i Bærum. To månader seinare kom ho på bronseplassen under NM i friidrett 2010 i Sandnes. Ho hoppa då 1,81 m og var dermed åtte centimeter bak gull- og sølvvinnarane.

I februar 2011 vann ho NM innandørs med ny personleg rekord på 1,91 m. Under EM i friidrett innandørs 2011 i Paris tre veker seinare forbetra ho persen til 1,92 m. Sommarsesongen starta med fleire hopp over 1,89 m. 16. juli, under EM i friidrett for utøvarar under 23 år i Ostrava klarte ho atter å kome over 1,92 m-lista og vart nummer fire. Midt i august månad vart ho noregsmeister i høgdehopp for fyrste gong, då ho under noregsmeisterskapen i Breim noterte seg for 1,86 m, same høgda som Kufaas, men med færre riv enn den tidlegare klubbkameraten. Ho deltok i VM i friidrett 2011 i Daegu i Sør-Korea, men klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen.

Angelsen starta 2012-sesongen med å hoppe 1,93 under eit innandørsstemne i Trondheim i januar. Same høgda nådde ho då ho ein månad seinare vart nordisk innandørsmeister. 24. mai forbetra ho sin personlege rekord til 1,95 m under eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Under EM i friidrett 2012 i Helsingfors sette ho 28. juni personleg rekord med 1,97 m og vann sølvmedaljen i høgdehopptevlinga, europameisteren Ruth Beitia frå Spania stoppa på same høgda, men hadde færre riv. Angelsen skal også delta under Sommar-OL 2012 i London. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]