Tor Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mars 1934 (90 år)
Idrett friidrett

Tor Olsen (fødd 7. mars 1934) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Halden som vart norsk meister på 110 meter hekk fem år i rad: 1955-59. Han var norsk rekordhaldar på korthekken frå 1954 til 1965. Olsen var medlem i Halden Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tre dagar etter han tangerte den norske rekorden på 110 meter hekk, forbetra Olsen rekorden med to tidels sekund til 14,6 sekund i København den 2. juli 1954. Nøyaktig ein månad etterpå flytta han landsrekorden til 14,5 på Bislett stadion i Oslo, ein rekord han sidan tangerte fem gongar. 23. august 1957 i Sarpsborg senka han noregsrekorden ytterlegare til 14,4. 18. juli 1958 på Bislett stadion presterte Olsen sitt livs beste hekkeløp då han klokka inn på 14,2 sekund. Kjellfred Weum tangerte denne tida i 1964, og forbetra noregsrekorden i 1965.

Olsen kvalifiserte seg til semifinale på 110 m hekk ved EM i friidrett 1954, men starta ikkje (dermed nummer 12). Også fire år seinare tok han seg til semifinalane i europameisterskapen. Olsen vart fjerdemann i semifinaleløpet på tida 14,9 sekund, dømt sist av tre løparar med 14,9 i tid. Dermed enda han på delt sjuandeplass på korthekken.

Olsen tevla også på 100 meter. Hans personbeste på distansen er 10,6 sekund, oppnådd ved eit stemne i Fredrikstad 9. august 1958.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1952 i Oslo: Sølvmedalje på 110 m hekk
  • 1953 i Trondheim: Bronsemedalje på 110 m hekk
  • 1954 i Sarpsborg: Sølvmedalje på 110 m hekk og på 100 m
  • 1955 i Oslo: Gullmedalje på 110 m hekk, sølv på 100 m
  • 1956 i Stavanger: Gullmedalje på 110 m hekk
  • 1957 i Bergen: Gullmedalje på 110 m hekk
  • 1958 Trondheim: Gullmedalje på 110 m hekk
  • 1959Hamar: Gullmedalje på 110 m hekk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]