Torbjørn Yggeseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torbjørn Yggeseth
Torbjørn Yggeseth 1960b.jpg
Fødd 18. juni 1934
Asker
Død

10. januar 2010

Yrke skihoppar
Torbjørn Yggeseth på Commons

Torbjørn Yggeseth (18. juni 193410. januar 2010) [1]) var ein norsk skihoppar, flygar og idrettsleiar frå Heggedal i Asker. Han tevla for Heggedal Idrettslag i si tid som aktiv.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Yggeseth tok examen artium i 1953 før han gjekk inn i Forsvaret der han utdanna seg til jagarflygar på flyskule i Canada. Seinare var han pilot og testflygar i SAS, der han arbeidde til han gjekk av med pensjon i 1994.

Yggeseth vann skiflygingsrennet i Kulm i 1959, og vart same året tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' som «Årets idrettsnamn». Han vart nummer fem i hopprennet under vinter-OL 1960 i Squaw Valley. I 1963 vann Yggeseth hopprennet i Holmenkollen. Han kom på andreplass samanlagt i den tysk-austerrikske hoppveka både i 1962/63 og 1963/64, der han vann to av renna; i Bischofshofen i 1963 og i Oberstdorf 1963/64. Hans einaste NM-medalje var eit sølv i 1963, bak Torgeir Brandtzæg. Under Vinter-OL 1964 kom han på høvesvis 14. og 28. plass.

I 1965 kommenterte Yggeseth og Per Jorsett frå NM i hopp i Skuibakken. Yggeseth uttalte då at «selv for Engan er det ikke moro å hoppe etter Wirkola». Dette skal vere fyrste gongen dette uttrykket vart brukt.[1][2][3]

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Nr 13 i Holmenkollen
  • 1958: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1959: Nr 6 i Holmenkollen
  • 1960: Nr 5 i OL i Squaw Valley. Nr 4 i Holmenkollen
  • 1963: Siger i Bischofshofen og i Holmenkollen, nr 3 i Oberstdorf. Nr 2 i den tysk-austerrikske hoppveka
  • 1963/64: Siger i Oberstdorf, nr 3 i Bischofshofen. Nr 2 i den tysk-austerrikske hoppveka

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1958: Nr 4 i Oslo
  • 1963: Sølvmedalje i Rælingen
  • 1966: Nr 6 i normalbakken på Rena
  • 1967: Nr 5 i normalbakken i Mo i Rana

Idrettsleiar. Ymse[endre | endre wikiteksten]

Yggeseth var leiar for hoppseksjonen til Det internasjonale skiforbundet (FIS) frå 1982 til 2004. Han fekk mykje motbør då han i 2004 nekta kvinnelege hopparar å delta i skiflygingsrenn.

Yggeseth vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1963, saman med Alevtina Koltsjina, Pavel Koltsjin og Astrid Sandvik. Han var æresmedlem av Det internasjonale skiforbundet, samt av Norges Skiforbund.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]