Pavel Koltsjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pavel Koltsjin
Pavel-Kolchin (cropped).jpg
Verkeleg namn Павел Константинович Колчин
Fødd 9. januar 1930
Jaroslavl
Død

29. desember 2010
Otepää

Yrke langrennsløpar
Pavel Koltsjin på Commons

Pavel Konstantinovitsj Koltsjin (9. januar 193029. desember 2010) var ein russisk langrennsløpar som konkurrerte for Sovjetunionen. Han vann åtte OL og VM-medaljar i tida mellom 1956 og 1964, hans einaste gullmedalje kom på 4x10 km stafett under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Koltsjin. som var frå Jaroslavl, debuterte i dei store internasjonale meisterskapane med ein 10. plass på 30 km under Ski-VM 1954 i Falun. To år seinare vann han bronsemedaljen på same distansen under OL 1956 i Cortina, var då over minuttet bak både olympiameisteren Veikko Hakulinen og den svenske sølvvinnaren Sixten Jernberg. Tre dagar seinare, 30. januar 1956, tok han ein ny bronse, då berre tre sekundar bak Jernberg som fekk eit nytt sølv, men over halvminuttet bak gullvinnaren Hallgeir Brenden. Etter å ha vorte nummer seks på femmila, gjekk Koltsjin andreetappen på Sovjets sigrande stafettlag. Saman med Fjodor Terentjev, Nikolaj Anikin og Vladimir Kuzin gjekk han Sovjet inn til gull på tida 2.15,30; 1.01 minutt føre sølvlaget frå Finland.

Koltsjin markerte seg stort også under Ski-VM 1958 i Lahti. Her vann han tre sølvmedaljar på høvesvis 15 km, 30 km og 4x10 km stafett. I tur og orden måtte han gje tapt for finnane Kalevi Hämäläinen på 30 km og Veikko Hakulinen på 15 km, og til sist Sveriges firemannslag på stafetten. Seinare i 1958-sesongen vann Koltsjin både 15 og 50 km under Holmenkollrenna.

Både under ski-VM 1962 i Zakopane og vinter-OL 1964 i Innsbruck var Koltsjin med i Sovjet-mannskapa som ved begge høva vann bronsemedaljar.

Koltsjin vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1963, saman med kona Alevtina Koltsjina, Astrid Sandvik og Torbjørn Yggeseth.

Koltsjin døydde i Otepää i Estland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]