Toralf Engan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toralf Engan

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1936 (87 år)
Meldal kommune
Yrke skihoppar
Toralf Engan på Commons

Toralf Engan (fødd 1. oktober 1936) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hølonda i Melhus. Han vart i 1962 verdsmeister i normal bakke. I 1962/63 vann han den tysk-austerrikske hoppveka samanlagt, etter å ha vunne tre av dei fire renna. Engan vart olympisk meister i stor bakke under Vinter-OL 1964 i Innsbruck og vann dessutan sølvmedalje i normal bakke.

I 1962 vart Engan tildelt Morgenbladets Gullmedalje og Holmenkollmedaljen. Han vart i tillegg kåra av norske sportsjournalistar til Årets idrettsnamn. Etter OL i 1964 fekk han òg Fearnleys olympiske ærespris.

Engan var medlem i Idrettslaget Leik.

Meisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]

Dei olympiske ringane Olympiske leikar
Medalje Øving År Stad
Gull stor bakke OL 1964 Flagget til Austerrike Innsbruck
Sølv normalbakke OL 1964 Flagget til Austerrike Innsbruck
Skihopp Verdsmeisterskap
Medalje Øving År Stad
Gull normalbakke VM 1962 Flagget til Polen Zakopane

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Nr 9 i Garmisch-Partenkirchen
  • 1960: Nr 2 i Holmenkollen, nr 3 i Svenska skidspelen i Transtrand
  • 1961: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
  • 1962: Vinnar i Holmenkollen og Svenska Skidspelen i Falun
  • 1963: Vinnar av dei tre fyrste renna i den tysk-austerrikske hoppveka og samanlagtvinnar, og vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
  • 1964: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1965: Nr 3 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]