Hopp til innhald

Tore O. Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore O. Sandvik

Foto: Jarle Vines
Fødd31. august 1969 (56 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alle verv
  • statssekretær (20012001)
  • fylkesordførar i Sør-Trøndelag (20032017)
  • fylkesordførar i Trøndelag (20182023)
  • statssekretær (20232024)
  • Norsk miljøvernminister (20242024)
  • Norsk forsvarsminister (2025) Sjå dette på Wikidata

Tore Onshuus Sandvik (fødd 31. august 1969) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, oppvaksen på Kolstad i Trondheim. Sidan 4. februar 2025 har han vore forsvarsminister i Støre-regjeringa.[1] Før det var han konstituert som klima- og miljøminister i regjeringa Støre medan Andreas Bjelland Eriksen har foreldrepermisjon frå 2. september 2024 til 31. desember 2024.[2]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Fylkesordførar

[endre | endre wikiteksten]

Han er tidlegare fylkesordførar i Trøndelag fylke, og var den siste fylkesordføraren i Sør-Trøndelag fylke. Han vart vald til fylkesordførar i 2003, og vart vald på nytt ved lokalvalet i 2007 etter at Arbeidarpartiet gjekk fram med 10,5 prosentpoeng til 41,3 prosent i fylkestingsvalet i Sør-Trøndelag.

Som fylkesordførar har Sandvik særleg vore oppteken av regional næringspolitikk, og har mellom anna vore med-initiativtakar til næringspolitisk regionalsamarbeid med Kina, og det bedriftsretta programmet «Innflagging Trøndelag». Han har også styrkt samarbeidet mellom styresmakter og NTNU, SINTEF og næringsliv i trøndelagsregionen.

Statssekretær

[endre | endre wikiteksten]

Sandvik har vore statssekretær to gongar: Nærings- og handelsdepartementet (2000–2001) og Nærings- og fiskeridepartementet (2023–2024).[2]

Andre verv

[endre | endre wikiteksten]

Sandvik har vore prosjektdirektør i IT-selskapet Extend AS. Før dette var han ungdomssekretær i LO i Sør-Trøndelag og visepresident i europeisk LO sin ungdomsorganisasjon, ETUC Youth.

Sandvik gav i 2004 ut boka Et nytt nei saman med partifellane Wegard Harsvik, Jo Stein Moen og Anne Marit Bjørnflaten.

  1. «Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap)» (på norsk bokmål). Forsvarsdepartementet. Henta 8. februar 2025.
  2. 1 2 «Klima- og miljøminister Tore Onshuus Sandvik (Ap)» (på norsk bokmål). Klima- og miljødepartementet. Henta 13. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tore O. Sandvik