Anne Marit Bjørnflaten
Utsjånad
| Anne Marit Bjørnflaten | |||
| | |||
| Fødd | 18. juni 1969 (57 år) Harstad kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
| Ektefelle | Gunnar Wilhelmsen | ||
| Alle verv |
| ||
Anne Marit Bjørnflaten (fødd 18. juni 1969 i Harstad) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant frå Troms fylke frå 2005 til 2013.
Bjørnflaten gav i 2004 ut boka Et nytt nei, saman med partifellane Tore O. Sandvik, Jo Stein Moen og Wegard Harsvik. Boka handlar om utviklinga til EU sidan folkeavstemminga i 1994.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms fylke i 2005, og vart då vald til leiar for Stortingets justiskomité.[1] I perioden 2009-13 var Bjørnflaten nestleiar i transport- og kommunikasjonskomitéen, og leiar for den raudgrøne storfraksjonen i denne komitéen.
I 2022 vart ho utnemnd til statssekretær for næringsminister Jan Christian Vestre i Støre-regjeringa.[2]
Regjering
[endre | endre wikiteksten]- 29. mars 2000–19. oktober 2001: Politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet
- 30. september 2022: Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2009: Leiar i Justiskomiteen
- 2009–2013: Første nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomitéen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Biografi: Bjørnflaten, Anne Marit», Stortinget (på norsk), 2021-11-09, henta 2025-10-16
- ↑ «Anne Marit Bjørnflaten blir ny statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 2022-09-30, henta 2025-10-16