Terje Riis-Johansen
Terje Riis-Johansen | |
![]() | |
Fødd | 15. mars 1968 (55 år) Skien kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar, agronom, Dagleg leiar |
Utdanna ved | Høgskolen i Telemark Søve videregående skole |
Verv | Fylkesordførar i Telemark 5. oktober 2011–13. oktober 2015 |
Føregangar | Gunn Marit Helgesen |
Etterfylgjar | Sven Tore Løkslid |
Verv | Norsk olje- og energiminister 20. juni 2008–4. mars 2011 |
Føregangar | Åslaug Haga |
Etterfylgjar | Ola Borten Moe |
Verv | Norsk landbruks- og matminister 17. oktober 2005–20. juni 2008 |
Føregangar | Lars Sponheim |
Etterfylgjar | Lars Peder Brekk |
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 1993–30. september 1997 |
Alle verv |
|
Terje Riis-Johansen (fødd 15. mars 1968) er ein norsk senterpartipolitikar frå Skien. Han var landbruks- og matminister 2005 - 2008 og olje- og energiminister i Jens Stoltenberg si andre regjering 2008-2011. Riis-Johansen gjekk av 4. mars 2011 og vart etterfølgd av partifellen Ola Borten Moe. 5. oktober 2011 vart han vald til fylkesordførar i Telemark og sat til 2015.
Riis-Johansen er utdanna innan agronomi og landbruksteknikk. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 1991 vart han vald inn i Skien bystyre og Telemark fylkesting for Senterpartiet, og i 1993 vart han vald inn på Stortinget, men mista plassen sin der i 1997. Frå 17. oktober 2005 og fram til 20. juni 2008 var han statsråd i Landbruks- og matdepartementet i same regjeringa Stoltenberg II.
Under regjeringa Bondevik I var han rådgjevar i Finansdepartementet. Han var fram til han vart utnemnd som statsråd styremedlem i Noregs Bondelag (2000–2005). Elles har Riis-Johansen mellom anna vore sentralstyremedlem i Norges Bygdeungdomslag (1989–1991) og nestleiar i Nei til EU (1995–1997).
I 2009 vart Riis-Johansen trekt inn i ein kritikk av Innovasjon Norge, då det kom fram at han i 2007 fekk 500 000 kroner i rein støtte frå innovasjonsføretaket for å pusse opp ein fjøs.[1]
Terje Riis-Johansen er gift og har tre ungar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Terje Riis-Johansen» hjå Store Norske Leksikon, innhenta 30. oktober 2009 (lisensiert under CC-BY-SA).
- «Terje Riis-Johansen» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 11. mars 2010.
- «Riis-Johansen, Terje ( 1968- )», biografi på Stortinget.no, innhenta 11. mars 2010.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Frp: – Støtter bønder mer enn gründere» av Cathrine Graff på TV2Nyhetene.no (21.06.2009).
- Einskildmenn
- Fødde i 1968
- Norske landbruksministrar
- Norske olje- og energiministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Senterpartistatsrådar
- Politiske rådgjevarar frå Sp
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar for Telemark
- Fylkesordførarar i Telemark
- Sp-politikarar i Telemark
- Lokalpolitikarar i Skien
- Norske agronomar
- Folk frå Skien