Trondheimsleia
63°24′44.737″N 8°33′10.282″E / 63.41242694°N 8.55285611°E
Trondheimsleia er havområdet mellom Smøla og Aure på Nordmøre og mellom Hitra og kommunane Hemne, Snillfjord og Agdenes i Trøndelag.
Trondheimsleia strekkjer seg 94 km nordaustover frå nordsida av Tustna i sørvest til innløpet til Trondheimsfjorden ved Agdenes i nordaust. Delen av Trondheimsleia på sørsida av Smøla vert òg kalla Edøyfjorden. Mellom Smøla og Hitre går Ramsøyfjorden sørover til Trondheimsleia og frå her går leia inn i Sør-Trøndelag.
Av stader langs leia finn ein Leira på Tustna, Tjeldbergodden, Sandstad og Grindvika på Hitra og Vassbygda.
Sidefjordar og delfjordar
[endre | endre wikiteksten]- Edøyfjorden er ein delfjord sør for Smøla
- Foldfjorden er ein fjordarm på Ertvågsøya
- Søraust for Skardsøya ligg Årvågfjorden
- Ramsøyfjorden går mellom Smøla og Hitra, inn til Trondheimsleia.
- Mistfjorden er ein fjord i Hemnes, aust for Tjeldbergodden.
- Hemnfjorden er eit fjordsystem i Hemnes og Snillfjord.
- Imsterfjorden i Snillfjord, sør for Sørleksa
- Verrafjorden, innanfor Agdenes
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Hurtigruta og Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim trafikkerer Trondheimsleia på langs. I tillegg kryssar fleire ferjesamband leia:
- Frå Medholmen går det ferje over til Brekstad i nord.
- Frå Agdenes går det ferje til Nordleksa og vidare nordover til Garten og Storfosna.
Frå Aure går det Smøla kryssar leia.
- Frå Stabblandet og Ertvågsøya i Aure til Edøy i Smøla og vidare til Forsnes på Hitra
Leia er særs djup, opptil 250 meter på det djupaste, noko som skapte problem då Hitratunnelen vart prosjektert. Mellom Jøstenøya på Hitra og Hemnskjel i Snillfjord vart det funne ein terskel som «berre» var 185 meter djup og her vart tunnelen til slutt bygd med det lågaste punktet på 264 meter.