Tundravier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tundravier
Tundravierhann
Tundravierhann
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vierfamilien Salicaceae
Slekt: Vierslekta Salix
Art: Tundravier S. arctica
Vitskapleg namn
Salix arctica

Tundravier (Salix arctica) er ein krypande markbusk i vierfamilien som blir opptil 10 centimeter høg. Han veks i Arktis, inklusive Island, Svalbard og Færøyane. Planten føretrekk fuktig jord, hei, grusbakkar, frodig tundra, grusryggar eller bekkekantar. Tundravier dannar neppe hybridar eller variantar.

Tundravier på Kamtsjatka.
Foto: Denis Anisimov

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tundravier er ein krypande, svært låg busk, som elles er morfologisk ganske lik sølvvier, men manglar dei loddentjukke håra på årskvistane. Han har gråbrun til mørkebrun bork og ligg krypande langs bakken med blotta, knortete og krokete kvistar og bladoverplater. Blada er lansettforma, butta eller berre moderat spisse i begge endar, og 2–7 cm lange. Bladskivene er mørkegrøne oppå og litt glatte med noko hår, medan bladstilken er raud til liks med midtnerven til bladet. Øyreblada er små eller heilt fråverande. Blomstringa finn stad i juli-august.

Raklane er inntil 8 cm lange og relativt snaue. Dei står på 1–5 cm lange, hårete skaft med 3-4 blad på. Raklane er brune og butta, kapslane er inntil 1 cm lange og av ulik farge, grøn-gråskjær med brunt eller raudt. Kapselen er tett hårete, og skafta kapselen står på er svært kort med raudt arr. Raklane er iaugefallande og gjer ein illusjon av raud-kvite, oppståande «blomstrar».

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tundravier veks på Grønland, Island, Færøyane og på sentral-sørlege Svalbard mellom anna rundt Isfjorden. Han veks òg i store delar av Canada, i Alaska og Washington i USA, i Russland og i Xinjiang i Kina.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Nordvest på Grønland har rotbork, blad og modne horaklar vore brukte som tilskot i kosten.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Salix arctica Pall. GRIN-Global», npgsweb.ars-grin.gov, henta 11. juni 2023 
  2. Gamle norske matplanter. Oslo: I kommisjon hos J. Dybwad. s. 4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]