Tungenes prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tungenes fyr. Tungenes i Randaberg er nordspissen på Jæren, og har gjeve namn til prostiet.

Tungenes prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Det har prostesete i Randaberg der Randaberg kyrkje er prostikyrkje.

Prostiet vart oppretta i 1998, og omfatta då Randaberg og Kvitsøy kommunar, som vart utskilde frå Jæren prosti, og sex sokn i Stavanger kommune (Madlamark, Hafrsfjord, Sunde, Tasta, Vardeneset og Tjensvoll), som vart utskilde frå Stavanger domprosti. I 2006 vart Tjensvoll flytta att til domprostiet, mens dei andre Stavanger-sokna gjekk til det då nyoppretta Ytre Stavanger prosti. Til gjengjeld vart Tungenes prosti auka med Sola kommune, som vart tilført frå Sandnes prosti, og Rennesøy og Finnøy kommunar, som vart tilførte frå Søre Ryfylke prosti.[1]

Noverande geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]