Tungenes fyr
| | |||
| Fylke | Rogaland | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Randaberg | ||
| Funksjon | Innseglingsfyr | ||
| Oppretta | 1828 | ||
| Fyrtårn | |||
| Byggjemateriale | Tre | ||
| Status | |||
| Eigar | Randaberg kommune | ||
| Nedlagt | 1984 | ||
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
![]() Tungenes fyr 59°02′09″N 5°34′52″E / 59.03571°N 5.58123°E | |||
Tungenes fyr er ein tidlegare fyrstasjon som ligg på Tungeneset, på det nordlegaste punktet på Jæren, i Randaberg kommune i Rogaland fylke. Det markerer byrjinga på innseglinga til Stavanger. Fyret vart oppretta i 1828 og nedlagd i 1984. Det vart oppretta av Stavanger Havnekommisjon. Hovudoppgåva for fyret var i staren å leie båttrafikken til Stavanger under sildefiske.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fyrstasjonen vart etablert etter initiativ frå både lokale byborgarar og sildefiskarar. Bakgrunnen var at sildefisket gav Stavanger store inntekter, og det oppstod eit behov for trygg innsegling. Før sjølve fyret vart bygd, vart fiskarane leidde inn til Tungevågen ved hjelp av nokre talglys i eit loftsvindu.[1]
Fyret vart seinare oppgradert og modernisert, og det utgjorde etter kvart eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området. Etter den siste store utbygginga i 1959 bestod anlegget av fire bygningar: ein fyrbygning, eit uthus, ein fyrvoktarbustad og ein fyrbetentbustad.[1]
I 1984 vart fyrstasjonen avfolka og teken ut av ordinær drift. Han vart erstatta av ei automatisert lykt på skjeret «Bragen» like utanfor neset.[1]
Noverande bruk og status
[endre | endre wikiteksten]I dag er fyret eigd av Randaberg kommune, og både kommunen og Jærmuseet nyttar bygningsmassen. Tungenes fyr er òg ein del av Kystverkmusea, som er etatsmuseum for Kystverket. Anlegget vett drive som eit kultursenter med eit mangfaldig aktivitetstilbod. Fyrbygningen er innreidd som eit museum som viser korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet, medan det i uthuset vert arrangert ulike temautstillingar. Det er òg ein kafé på området.[1]
Fyrstasjonen og dei omliggjande områda er ein populær utfartsstad for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar. Området er prega av nærleiken til skipsleia, og besøkjande til fyret kan òg gå tur i Tungevågen.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tungenes fyr i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
