Turkisbrynmotmot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turkisbrynmotmot

Status i verda: LC Livskraftig

Frå den arkeologiske staden Uxmal i Yucatán, México Foto: Katja Schulz
Frå den arkeologiske staden Uxmal i Yucatán, México
Foto: Katja Schulz
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Momotidae
Slekt: Eumomota
Art: E. superciliosa
Namn på andre språk
  • Engelsk: Turquoise-browed Motmot
  • Vitskapleg namn
    Eumomota superciliosa
    Sandbach, 1837

    Turkisbrynmotmot (Eumomota superciliosa) er ein fugl i motmotfamilien, Momotidae. Han held til Mellom-Amerika frå søraustlege Mexico, mest då Yucatán-halvøya, sør til Costa Rica, der arten er vanleg og ikkje blir sett på truga. Han er ein velkjent fugl i utbreiingsområdet sitt og er valt som nasjonalfugl i både El Salvador og Nicaragua. Artsnamnet stammar frå det turkisefarga augebrynet.

    Denne arten er meir iaugefallande enn andre motmotar, og sit ofte godt synleg på leidningar og gjerde. Frå desse utkikksplassane skannar dei byttedyr, som insekt og små krypdyr.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Turkisbrynmotmotar er 33-38 centimeter lange og veg ca. 65 gram. Fjørdrakta er stort sett i grønblått med raudbrunt på rygg og buk. Han har ei lysblå stripe over auget og ein svart flekk på halsen med blå kantar. Vengfjørene og oversida av halen er blå. Dei to sentrale halefjørene hos motmotar har form som rekkertar, og dei nakne fjørskafta er lengre enn hos nokon andre motmotar. Sjølv om det ofte blir sagt at motmotar nappar bistrålane av halefjørene sin for å skape rekkertforma, er det ikkje tilfellet; bistrålane er svakt festa og fell av på grunn av slitasje mot underlag og ved rutinemessig fjørstell.[1] Lætet frå turkisbrynmotmotar er nasalt, kvekkande og har stor rekkjevidd.

    Han lever i høgder opptil 1400 moh. ganske opne habitat som skogkantar, galleriskog og kratt. Hoa legg 2 til 6 kvite egg i ein opptil 2,4 meter lang tunnel i ein jordbanke eller liknande.

    I motsetnad til dei fleste fugleartar der hannar er meir iaugefallande enn hoer, syner begge kjønn av turkisbrynmotmot den ekstraordinære rekkertforma halen. Eit forskingsresultat indikerer at halen har utvikla seg til å fungere ulikt for kjønna. Hannar brukar halen sin tilsynelatande som eit signal for å vekke interesse hos partnarar, hannar med lengste halar har større paringssuksess og reproduksjonssuksess.[2] I tillegg til denne funksjonen, kan rørsler med dalen bli brukte til å gje signal til predatorar at han er oppdaga.[3] Begge kjønn gjer slike rørsler i nærvær av ein predator, og det er trudd å gje naturleg utvalde føremon ved å kommunisere til rovdyr at eit eventuelt åttak vil ikkje resultere i fangst.

    Eit estimat på populasjonen ligg på 50 000-500 000 individ, og bestanden er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Snow, D. & Kirwan, G.M. (2016). Turquoise-browed Motmot (Eumomota superciliosa) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 13. februar 2016
    Referansar

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Turkisbrynmotmot