Tyburn-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innandørs «elv» som skal vera ein del av Tyburn i Gray's Antiques i London.

Tyburn er ei sideelv til Themsen som i dag går i kulvert gjennom dei vestlege delane av sentrale London. Ho kjem frå høgdedraga ved Hampstead, renn gjennom Regents Park og St. James's Park og ut i Themsen i Pimlico nær Vauxhall Bridge. Marylebone Lane følgjer det gamle elveløpet gjennom den tidlegare landsbyen Marylebone.

Medan områda utanfor City of London enno ikkje var bymessig utbygd, rant Tyburn ut i våtmarkene langs Themsen sør for dagens Green Park. Her delte ho seg i to løp; eit som rann ut nord for dagens Whitehall og eit sør for der parlamentet ligg i dag. Mellom desse to løpa hadde det danna seg ei grusøy – Thorney – som Westminster Abbey vart bygd på. Ei røyrlagt grein av Tyburn renn også unner Buckingham Palace.

Frå 1200-talet vart Tyburn teke i bruk som vasskjelde for folkesetnaden til byen. Vatnet vart leia gjennom holte almestokkar fram til vasspostar. Etter som folkesetnaden til byen voks og dei meir bynære elvane Themsen, Walbrook og Fleet - forutan kjelder som Goswell og Clerkenwell - vart meir og meir forureina, vart vatnet frå den meir avsidesliggande Tyburn stadig viktigare. Vatn frå Tyburn vart leia fram til eit reservoar omtrent der Bond Street undergrunnsstasjon ligg i dag. Herfrå vart det ført i lêrrøyr til Cheapside inne i byen. Ein annan leidning, bygd av William Lamb forsynte Holborn. Denne lever vidare i gatenamnet Lamb's Conduit Street. Vassforsyninga til London gjekk gjennom ei radikal utbetring med bygginga av New River i 1613, og Tyburn kunne oppgjevast som drikkevasskjelde og utan motførestellingar omgjerast til den underjordiske kloakken ho er i dag.

Tyburn vart òg eit namn på området omkring elva, men dette har gått meir ut av bruk til fordel for Marylebone og Mayfair. Oxford Street heitte tidlegare Tyburn Road og Park Lane Tyburn Lane. Tyburn var elles mest kjend som rettarstad for grevskapet Middlesex mellom det 1100- og 1700-talet, og «Tyburn Tree» var den folkelege nemninga på galgebakken som opphavleg låg ved elvebreidda, men som på 1500-talet vart flytta opp til staden der Marble Arch ligg i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]