UEFA-cupfinalen i fotball 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1991 stod mellom dei to italienske klubbane FC Inter og AS Roma og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 8. mai på San Siro i Milano framfor 68 887 tilskodar, returkampen den 22. mai på Stadio Olimpico i Roma såg 70 901 frå tribuneplass. Inter sigra i finalen med 2 mot 1 og drog avgarde med pokalen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Opningskampen på San Siro i Milano enda 2-0 til heimelaget, etter skåringar av Lothar Matthäus og Nicola Berti 10 og 22 minuttar ut i den andre omgangen, fyrste målet kom frå straffemerket.

Heime på Stadio Olimpico fann Ruggiero Rizzitelli nettmauskane ti minuttar før dommaren bles av kampen. 1-0 til Roma var ikkje nok, Inter-kaptein Giuseppe Bergomi tok mot UEFA-pokalen då kampen vel var over.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Inter-mannskapet bestod av Walter Zenga, Giuseppe Bergomi, Sergio Battistini, Riccardo Ferri, Andreas Brehme, Antonio Paganin, Alessandro Bianchi, Nicola Berti, Lothar Matthäus, Jürgen Klinsmann, Aldo Serena, Fausto Pizzi, Giuseppe Baresi, Andrea Mandorlini.

Roma-spelarane var Giovanni Cervone, Thomas Berthold, Sebastiano Nela, Aldair Santos, Antonio Tempestilli, Antonio Comi, Manuel Gerolin, Giuseppe Giannini, Fabrizio Di Mauro, Rudi Völler, Ruggiero Rizzitelli, Stefano Desideri, Roberto Muzzi, Amadeo Carboni, Fausto Salsano.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Aleksej Spirin frå Sovjetunionen var kampleiar på San Siro i Milano, i Roma Joël Quiniou frå Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]