UEFA-cupfinalen i fotball 2003

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2003 fann stad på Estadio La Cartuja i Sevilla 21. mai 2003 framfor 52 972 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom FC Porto frå Portugal og Celtic FC frå Glasgow i Skottland. Porto vann UEFA-pokalen med 3 mål mot 2.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Sekundar før pausesignalet sende Derlei Silva det portugisiske laget i føringa. To minuttar etter pausen bringa Henrik Larsson balanse i stillinga. I det 54. minutt tok Porto leiinga 2-1 ved Dmitrij Alenitsjev. Allereie tre minuttar seinare syrgde Larsson på ny for at laga stod likt. Fleire mål kom ikkje før ordinær tid var ute.

Lagoppstillingane, Porto i blått/kvitt

I fyrste ekstraomgang fekk Celtic-stopparen Bobo Baldé sitt andre gule kort og måtte stige av bana. Sigersmålet til Porto kom fem minuttar før slutt då Derlei Silva skåra etter ein retur frå Celtic-målvakta. Portos Nuno Valente vart utvist med to gule kort straks før dommaren bles av kampen.

Ľuboš Micheľ frå Slovakia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Porto sitt vinnarlag bestod av Vítor Baía, Paulo Ferreira, Jorge Costa, Ricardo Carvalho, Nuno Valente, Dmitrij Alenitsjev, Costinha, Maniche Ribeiro, Deco, Derlei Silva, Capucho Rocha og innbytarane Ricardo Costa, Pedro Emanuel, Marco Ferreira.

Celtic-mannskapet var Robert Douglas, Joos Valgaeren, Bobo Baldé, Johan Mjällby, Paul Lambert, Neil Lennon, Stilijan Petrov, Alan Thompson, Chris Sutton, Henrik Larsson, Ulrik Laursen, Jackie McNamara, Shaun Maloney.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]