Ubuntu
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ubuntu Linux.
Ubuntu er ein etisk eller humanistisk ideologi som fokuserer på alliansar og relasjonar mellom menneske. Ordet kjem frå bantuspråka zulu og xhosa i Sør-Afrika. Ubuntu blir sett på som eit tradisjonelt afrikansk konsept.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Det er mange moglege omsettingar til norsk for ubuntu, dei inkluderer
- «vere medmenneske for sine neste»
- «eg er fordi alle vi er»
- «eg er kva eg er på grunn av kva vi alle er»
- «ein person blir menneskeleg gjennom andre personar»
- «ein person er ein person på grunn av andre personar»
Ein definisjon er «trua på eit universelt felles band som knyter saman alle menneske.»[2]
Erkebiskop Desmond Tutu gjorde i 1999 ein freistnad på ein lengre definisjon:
- Ein person med ubuntu er open og tilgjengeleg for andre, aktar andre, kjenner seg ikkje truga av at andre er duglege og har det bra, for han eller ho har ei korrekt sjølvstadfesting som kjem frå å vite at han eller ho høyrer heime i ein større heilskap og blir nedtrykt når andre blir audmjuka eller nedtrykt, når andre blir torturert eller halde attende.
Louw 1998 foreslår at konseptet ubuntu definerer individet etter alle relasjonane dei har til andre individ, og framhevar verdet ubuntu har som eit religiøst konsept. Han slår fast at zulu-utrykket umuntu ngumuntu ngabantu («ein person er ein person gjennom (andre) personar») ikkje treng å ha nokre religiøse sidetydingar i ein vestleg samfunnskontekst, medan det i ein afrikansk omgjevnad tyder at ein førsteperson med ein menneskekjærleg framferd er verdig vørdnad frå ein forfader. Dei som held oppe prinsippet om ubuntu gjennom livet sitt vil oppnå ei sameining med dei som framleis lever etter sin eigen død.
Nelson Mandela greier ut om ubuntu:
- Om ein reisande gjennom land vårt vil kvile ved ein landsby, treng han ikkje spørje etter mat eller vatn. Med ein gong han stoggar vil folket gje han mat og hyggje. Dette er ei side av ubuntu, men ubuntu har mange sider. Ubuntu tyder ikkje at folk ikkje skal tenke på seg sjølv. Spørsmålet er derfor: Vil du handle på ein måte som hjelper samfunnet rundt til å verte betre?
Forandring i Sør-Afrika
[endre | endre wikiteksten]Ubuntu blir sett på som eit grunnleggande prinsipp i den nye republikken Sør-Afrika, og vert kopla med ideen om ein afrikansk renessanse.[3] I den politiske sfæren blir konseptet ubuntu brukt for å legge vekt på naudsynet for sameining i avgjersler, så vel som naudsynet for ein passande humanitær etikk for å informere om desse avgjerslene.
Konseptet ubuntu blir illustrert i filmen In My Country, om sannings- og forlikskomiteen i Sør-Afrika, med Samuel L. Jackson og Juliette Binoche.
Rwanda
[endre | endre wikiteksten]I kinyarwanda, morsmålet i Rwanda, betyr ubuntu mellom anna «menneskeleg sjenerøsitet» så vel som humanitet som over. Som elles i Afrika, blir ubuntu sett på som måten å leve på for alle menneske, å gi fritt til kvarandre og gjensidig hjelpe kvarandre.
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- «Ubuntu Linux», Linux-distribusjonen, eit operativsystem for datamaskinar er inspirert av konseptet, og argumenterer at det bringar «ånda i ubuntu over til programvareverda.»[4][5]
- Tidlegare president Bill Clinton brukte omgrepet under ein (2006) Labour Party konferanse i Storbritannia (og seinare i Grieghallen i Bergen i Noreg 22. mai 2007[6]) for å forklare kvifor samhald er viktig.[7]
- Ubuntu er også den grunnleggjande filosofien til Ubuntu Education Fund, ein ikkje-statleg organisasjon som arbeider med foreldrelause og sårbare barn i Port Elizabeth i Sør-Afrika.[8]
Kjelder og referansar
[endre | endre wikiteksten]Første versjon var ei omsetjing frå tilsvarande artiklar på Wikipedia på engelsk og bokmål slik dei var den 11. august 2007. Dei gav desse referansane:
- ↑ Interviewed by Tim Modise, copyright by Canonical Ltd.--transcription: "In the old days, when we were young, a traveler through the country would stop at a village, and he didn't have to ask for food or for water; once he stops, the people give him food, entertain him. That is one aspect of ubuntu, but it will have various aspects."
- ↑ Our heritage: a view of the future?, arkivert frå originalen 29. juni 2007, henta 18. august 2007
- ↑ African Renaissance, arkivert frå originalen 8. august 2007, henta 18. august 2007
- ↑ Ubuntu: Linux for Human Beings
- ↑ Ubuntu: Code of Conduct
- ↑ http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1633396.ece
- ↑ Coughlan, Sean (28. september 2006). «All you need is ubuntu». BBC News Magazine (BBC). Henta 29. september 2006.
- ↑ Ubuntu Education Fund http://www.ubuntufund.org Arkivert 2017-09-28 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ubuntu - African Philosophy
- A definition of ubuntu Arkivert 2007-07-17 ved Wayback Machine.
- Abstract of an article about the relation between ubuntu and the law by Y. Mokgoro
- Louw, Dirk J. 1998. "Ubuntu: An African Assessment of the Religious Other". Twentieth World Congress of Philosophy.
- Ubuntu Arkivert 2017-04-06 ved Wayback Machine. A brief discussion including an expanded description by Desmond Tutu
- All you need is ubuntu
- Web video of Nelson Mandela explaining the concept of Ubuntu
- Ramose, Mogobe B. (2003) 'The philosophy of ubuntu and ubuntu as a philosophy', in P.H. Coetzee & A.P.J. Roux (eds.) The African Philosophy Reader (2nd ed.) New York/London: Routledge, 230-238.
- Samkange, S. & Samkange, T.M. (1980) Hunhuism or Ubuntuism: A Zimbabwe indigenous political philosophy. Salisbury [Harare]: Graham Publishing.
- Ambrose, David. (2006) 'Your Life Manual: Practical Steps to Genuine Happiness': Revolution Mind Publishing, 37-40.
- Forster, Dion. (2006) Self validating consciousness in strong artificial intelligence: An African theological contribution. Pretoria: Doctoral Dissertation, University of South Africa / UNISA, an extensive and detailed discussion of ubuntu in chapters 5-6. Dion Forster
- Forster, Dion. (2006) * Identity in relationship: The ethics of ubuntu as an answer to the impasse of individual consciousness (Paper presented at the South African science and religion Forum – Published in the book The impact of knowledge systems on human development in Africa. du Toit, CW (ed), Pretoria, Research institute for Religion and Theology (University of South Africa) 2007:245-289).Pretoria: UNISA. Dion Forster
- Matshe, Getrude. Born On The Continent - Ubuntu Arkivert 2013-09-03 ved Wayback Machine.. (self-published)
- HUNHUISM OR UBUNTUISM: A ZIMBABWE INDIGENOUS POLITICAL PHILOSOPHY. BY Stanlake J. W. T. Samkange AND S. SAMKANGE. 106PP. GRAHAM PUBLISHING, HARARE, 1980. ISBN 0-86921-015-7. PAPERBACK