Underernæring i Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Underernæring og feilernæring er eit stort problem i Afrika. I følgje UNICEF[1] er Afrika sør for Sahara (ASS) den delen av verda der både spedbarns- og barnedauden er størst (i 2003 døydde 104 av 1000 levandefødde før dei vart eitt år gamle, og 175 av 1000 døydde før dei vart fem år gamle). Underernæring og feilernæring er ei viktig medverkande årsak til desse tala.

Underernæring viktig årsaksfaktor til barnedød og -sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Underernæring aleine er årsak til ei rekkje sjukdomar som kjem av at kroppen ikkje får dei næringsstoffa han treng. Dette er sjukdommar som kjem av mangel på mellom anna jern, folsyre, vitamin-A. I slike tilfelle kan ofte underernæringa vera ei delvis underernæring som også kan kallast feilernæring. Mangelen på viktige næringsstoff fører til at kroppen fungerer dårlegare, får eit dårlegare immunforsvar og etterkvart «forvitrar». For barn fører det til hemma utvikling av kroppen og i alvorlege tilfelle stopp i utviklinga.

ASS er etter Sør-Asia den delen av verda som er verst ramma av kortvokstheit («stunting» på engelsk). Kwashiorkor er ein av dei verste lidingane barn får som konsekvens av underernæring. Barn ramma av lidinga smiler ikkje, har vanskeleg for å røra på seg (kan i nokre tilfelle ikkje ein gong halda hovudet), utviklar svullar i huda, utviklar dårleg og misfarga hår, er apatiske, har muskelsvinn og ikkje minst så har dei veldig ofte mange andre alvorlege infeksjonar.

Underernæring og sjukdom blir saman sjølvforsterkande faktorar. Underernæring fører til sjukdom, og sjukdom fører til underernæring, også kalla «den fatale synergisme.»[2] Mangelen på viktige næringsstoff fører til eit svekka immunsystem som gjer at infeksjonar som før fort og lett hadde vorte motarbeidde av barnet no angrip og fører til sjukdom. Allereie når barnet blir fødd kan det vera ramma av underernæring under fødselen som gjer det ekstra sårbart. Mødre som sjølve er fysisk dårleg utvikla eller skadd på grunn av anemi, rakitt eller infeksjonar på grunn av underernæring kan få komplikasjonar under fødselen.[2][3]

Mekanismar (den fatale synergisme)[endre | endre wikiteksten]

Underernæring > infeksjon[endre | endre wikiteksten]

Mekanismane som gjer at underernæring fører til sjukdom som igjen fører til underernæring er mange. Som nemnd så blir kroppen sitt forsvar mot infeksjonar svekka som følgje av lite eller feil næring. Mineral, vitamin og enkelte aminosyrer (som kjem frå protein) er avgjerande for eit effektivt og bra immunforsvar. Faktisk infeksjonsfrekvens aukar kanskje berre litt, men sidan immunforsvaret er så svekka fører infeksjonar som før ville gått over umerka, fort til alvorleg sjukdom.[4] Slik kan underernæring aktivera latent (/sovande) tuberkulose[5]

Barn med låg fødselsvekt (under 2500 gram) vil vera spesielt utsette for å få lungebetennelse, og vitamin-A-mangel i kombinasjon med meslingar er ein spesielt dårleg kombinasjon som ser ut til å auka sjansane for at barnet blir blindt.[6]

Infeksjon > underernæring[endre | endre wikiteksten]

Barn treng ikkje bli underernærte på grunn av mangel på mat, sjukdom fører også til underernæring, og den kan forsterka allereie byrja underernæring. Infeksjonssjukdomar fører til dårleg appetitt og dermed mindre inntak av mat. Magesjukdom fører til at fordøyinga fungerer dårlegare og kroppen tek opp mindre næring frå den maten som barnet trass alt får i seg. Samtidig treng kroppen meir næring til å motarbeida infeksjonane. For å auka kroppstemperaturen treng barnet meir energi og basalmetabolismen aukar. For at kroppen skal motarbeida infeksjonane tek den i bruk meir aminosyrer, energi (for feber) og vitamin.[7] Dersom barnet allereie er avmagra vil det ikkje ha nokon reservar å gå på, og vera særleg sårbart.

Etter sjukdom er det veldig viktig å gjennomgå ein rehabiliteringsperiode («catch up») med auka matinntak. Denne bør ofte vara ei veke eller lengre.[7]

Sårbar periode[endre | endre wikiteksten]

Barn er mest sårbare i perioden rett etter fødsel dei neste 6 månadane. I denne perioden er barnet avhengig av mykje og riktig næring. Før trudde ein at underernæring kom mest av mangel på protein, men ein har etterkvart funne ut at det er energi som er det som oftast manglar. Barn kan ha bruk for halvparten så mykje energi som eit vakse menneske, sjølv om magen berre er så stor som knyttneven åt barnet. Denne perioden er viktig for kroppen og ikkje minst hjernen si utvikling. Sidan morsmjølk har dei eigenskapane som er viktig for barnet i denne første perioden er det heilt avgjerande for barnet si helse at mora ammar. Morsmjølka har riktig konsistens/struktur, nok energi, vitamin, mineral, protein og antistoff frå mora som er viktige for barnet sitt immunforsvar. Risikoen for å døy av diaré den første månaden av livet åt eit barn kan vera opp til 25 gonger så stor for eit barn som ikkje blir gjeve morsmjølk i forhold til eit barn som blir mata berre med morsmjølk frå bryst.[8]

Nyfødde barn har ikkje eit trena immunforsvar og heller ikkje like god vern i huda. Dei er difor veldig sårbare og ekstra sårbare dersom dei ikkje får den næringa som skal til for å motarbeida infeksjon og utvikla seg. Ei undersøking publisert i Lancet viser at enkel massering av huda med olje på nyfødde med vekt under 1500 gram fleire gonger om dagen kan gi god vern mot infeksjonar.

Protein-energi-feilernæring («Protein energy malnutrition», PEM) er eit samleomgrep for sjukdom som kjem av underernæring, det vil seie mangelsjukdommar som kwashiorkor, marasmus og hemma vekst. Det er særleg frå 6 månadar til og med 5 års-alderen at barn blir ramma av PEM[9], men barn kan vera fødde underernærte, og kan sjølvsagt fortsetje som underernærte langt utover 5 år, svolt og underernæring rammar alle aldrar. Grensa på 5 år viser att i statistikken som er delt inn i spedbarnsdaud opp til eitt år, og barnedød opp til 5 år.

Effektive bistandstiltak[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire tiltak som kan vera effektive for å unngå «den fatale synergisme». Det kanskje viktigaste tiltaket mot underernærte barn er å gjera det mogleg for mødrer å amma barna så mykje som mogleg helst opp til 18 månader. For å oppnå dette trengst informasjonsarbeid og opplæring. Amming er den billigaste og mest effektive måten å gje barnet nok næring og vern mot infeksjonar, særleg for tidleg fødde eller spedbarn med låg fødselsvekt.[10] Såleis er tarminfeksjonar mykje vanlegare for spedbarn som blir gjeve morsmjølkerstatning. Det er også ein enkel og effektiv prevensjonsmetode. Studiar har vist at den er 98,3 % effektiv fram til 6. ammemånad, og 93 % fram til 12. ammemånad.[11] Prevensjon hindrar at eit nytt barn kjem til verda og dermed tar omsorg og amming frå det eldre barnet.

Opplæring og informasjonsarbeid er det andre viktige tiltaket som vil vera effektivt for å unngå underernæring. Sidan det er mødrene som tek seg av barna og som oftast har hovudansvaret for deira velvære, er opplæring av kvinner eit effektivt tiltak mot feilernæring, underernæring og sjukdom. Mødre treng opplæring om kva mat barnet treng gjennom oppveksten, om amming, om mora si ernæring og helse gjennom svangerskap og under amming, korleis lage god barnemat, hygiene, identifisering av sjukdom, og behandling av sjukdom. Med opplæring kan mødrene betre prioritera mat med rett næringsinnhald (både energi og andre næringsstoff), dei vil kunna prioritera amming, og kan identifisera og førebyggje sjukdom. Denne opplæringa kan i det minste lett utførast av helsearbeidarar på helsestasjonar når foreldre er innom med barn.

Helsestasjonane er viktige aktørar i kampen mot underernæring og sjukdom. Å styrka helsestasjonane vil difor kunne vera eit effektivt tiltak. Over 25 % av barn i ASS under eitt år får framleis (2003) ikkje standardvaksinane mot tuberkulose, difteri, kikhoste, stivkrampe, polio og meslingar.[1] Alle desse sjukdommane forverrar effekten av underernæring, og er også sjølve årsaker til underernæring. Å styrka helsestasjonane sin evne til å gje desse vaksinane vil difor vera av stor hjelp. For å identifisere underernæring er også overvaking av helsesituasjonen til barn viktig. Helsestasjonane kan enkelt vega born og samanlikne med lengde og alder for å fastslå underernæring eller oppdage underernæring under utvikling. Barn som veks normalt er aldri underernærte.[12] Helsestasjonane kan òg vera til god hjelp i arbeidet med å spreia informasjon og gje opplæring om hygiene, ernæring og sjukdom.

Ei styrking av infrastruktur for vatn og sanitæranlegg for å auka tilgang på reint vatn kan og visa seg effektivt, men opplæring og informasjon om korleis ein sjølv kan reinse vatn og gode hygienevanar (som handvask) kan visa seg vel så effektivt. Til slutt er ernæringstilskot ein enkel, billeg måte å løysa feilernæringsproblem på. I denne samanheng er særleg tilskot av vitamin A viktig i samband med meslingar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 UNICEF (2005): The state of the world's children 2005. Statistical tables. http://www.unicef.org/sowc05/english/sowc05_Tables.pdf Arkivert 2005-04-01 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 Myhre, Arne K. (2005). Barns helse i fattige land. Trondheim: NTNU. Intern leksjon nr. 3 for Afrikastudier Modul G. Side 12.
  3. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 287.
  4. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 301.
  5. Myhre, Arne K. (2005). Barns helse i fattige land. Trondheim: NTNU. Intern leksjon nr. 3 for Afrikastudier Modul G. Side 40.
  6. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 127 og 164.
  7. 7,0 7,1 Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 298.
  8. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 41.
  9. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 297.
  10. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 45.
  11. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 42.
  12. Lankinen, Kari S., Staffan Bergstrøm, P. Helena Mäkelä & Miika Peltomaa (1994). Health and disease in developing countries. London: MacMillan Education Ltd.. ISBN 0-333-58900-9. Side 303.
  • Darmstadt, G. L., Samir K. Saha, A. S. M. Nawshad Uddin Ahmed, M. A. K. Azad Chowdhury, Paul A Law, et. al (2005). Effect of topical treatment with skin barrier-enhancing emollients on nosocomial infections in preterm infants in Bangladesh: a randomised controlled trial. The Lancet. http://image.thelancet.com/extras/04art11050web.pdf