Unni Lehn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Unni Lehn

Unni lehn.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1977 (44 år)
Melhus
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Unni Lehn (fødd 7. juni 1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Melhus som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney og vann sølv i EM 2005. Lehn spelte på Trondheims-Ørn i periodane 1994-2001 og 2004-07. I mellomtida var ho i to år aktiv for Carolina Courage i USA.

Lehn melde seg inn i Trondheims/Ørn i 1994 og var spelte på laget si midtbane til ho la opp i 2007, bortsett frå to sesongar (2002-04) i Carolina Courage i USA. I åra fram til 2001 var ho med om å vinne seks norske seriemeisterskap med topplaget frå Trondheim og like mange sigrar i de nasjonale cupfinalen. Lehn reiste i 2002 over til USA, der ho i sin fyrste sesong var med om å vinne meistertittelen i USA.

Gjennom 12 sesongar og 134 kampar på det norske landslaget i tida 1996-2007, stod Lehn for 24 nettkjenningar. Ho debuterte for Noreg i 1996, men var ikkje med i OL-troppa. Derimot spelte ho OL-finalen i Sydney fire år seinare, ein kamp som enda med norsk gull, etter siger på såkalla «golden goal». Sidan vann ho EM-sølv i 2005. Lehn deltok elles i EM 1997, VM 1999, EM 2001 og VM 2007.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 2000 med Noreg
  • EM-sølv: 2005 med Noreg
  • Seriemeister: 1994, 1995, 1996, 1997, 2000 og 2001 med Trondheims-Ørn
  • Noregsmeister: 1994, 1996, 1997, 1998, 1999 og 2001 med Trondheims-Ørn
  • USA-meister: 2002 med Carolina Courage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]