Ragnhild Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnhild Gulbrandsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1977 (44 år)
Narvik
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Ragnhild Øren Gulbrandsen (fødd 22. februar 1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar, fødd i Narvik. Ho vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney. Gulbrandsen var ein duellsterk midtspiss.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Gulbrandsen var midtbanespelar på Ranheim IL sitt fotballag på nivå 2 til og med 1996-sesongen. Sidan spelte ho på Trondheims-Ørn frå 1997 til 2005, med unnatak for 2002-03, då ho gjorde teneste for Boston Breakers i USA. På Trondheims-Ørn tok ho ei sentral rolle i angrepsspelet og var med å vinne tre seriemeisterskap; 1997, 2000 og 2001, samt fire cupmeisterskap, 1997–99 og 2001. Alle tre sesongane Trondheims-Ørn vann Toppserien var ho mestskårande i serien. Dei to siste sesongane som aktiv spelar, 2006 og -07, kledde Gulbrandsen seg i Asker-drakt.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten i 1997 til ho avslutta landslagstida under VM 2007 deltok Gulbrandsen i 80 landskampar. Ho var då med i fem meisterskapsturneringar; EM 1997, VM 1999, OL 2000, EM 2001 og VM 2007. Under OL-finalen 2000 sende ho i det 78- minutt Noreg opp i 2-1-leiing, og såg ut til å verte matchvinnar, til dess USA utlikna i plusstida. I staden vart det Dagny Mellgren som vart norsk matchvinnar i ekstraomgangen. Gulbrandsen skåra i alt 30 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 2000 for Noreg
  • Seriemeister: 1997, 2000 og 2001 med Trondheims-Ørn
  • Noregsmeister: 1997, 1998, 1999 og 2001 med Trondheims-Ørn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]