Bente Nordby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bente Nordby
Fødd 23. juli 1974
Noreg
Yrke fotballspelar

Bente Nordby (fødd 23. juli 1974) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Raufoss som vart olympisk meister med Noreg i 2000. Målvakta vann elles OL-bronse i 1996 og EM-sølv i 2005. Nordby var gjennom fleire sesongar ei av dei aller beste kvinnelege målvaktene i verda og spelte 172 landskampar i tida 1991-2007.

Nordby spelte på Raufoss/Vind til 1992, då ho melde overgang til topplaget Sprint/Jeløy (seinare Athene Moss). Etter Sommar-OL 2000 fekk ho kontrakt med Carolina Courage, men vart snøgt overført til San Diego Spirit, begge laga i USA. Frå 2002 til -04 var Nordby Kolbotn-spelar. Deretter vakta ho målet til Asker SK i ein sesong og vann NM-finalen 2005 med klubben, før ho i 2006-07 gjorde teneste i svenske Djurgården/Älvsjö. Ho avslutta si aktive karriere med 18 månader i Olympique Lyon i 2008-09.

Nordby landslagsdebuterte 17 år gammal i 1991. Frå 1991 til 2007 var ho med i alle dei fem fyrste verdsmeisterskapane i kvinnefotball. Etter 1994 var fyrsteval som målvakt på Noregs lag i 13 år. Ho var med i heile ti meisterskapsturneringar og vann VM-gull 1995, OL-bronse 1996, OL-gull 2000 og EM-sølv 2005. I 2001 enda ho og Noreg på 3./4. plassen i fotball-EM.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 2000
  • Verdsmeister: 1995
  • OL-bronse: 1996
  • Seriemeister: 1993 med Sprint/Jeløy og 2002 med Kolbotn IL
  • Noregsmeister: 2005 Asker SK
  • Fransk seriemeister: 2008 med Olympique Lyon
  • Fransk cupmeister: 2008 med Olympique Lyon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]