Venskapsby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skilt som syner retningane til Oskarshamn sine venskapsbyar. Byane på skilta er som fylgjer: Middelfart, Danmark; Mandal, Noreg; Pärnu, Estonia; Korsholm, Finland; og Hibiscus Coast, Sør Afrika.

Venskapsby er eit omgrep som vert brukt for å skildre samarbeidsavtalar mellom byar på ulike stader for å promotere kulturelle og/eller handelsband. Denne typen avtale finst også mellom ulike administrative einingar som fylke, regionar, distrikt osv.[1]

Det moderne konseptet for venskapsby vart utvilka etter Andre verdskrigen i 1947, og hadde som formål å byggje og oppmuntre venskap og forståing mellom ulike land og mellom tidlegare fiendar som innsats for fred og forsoning,[2][3] samt oppfordre handel og turisme. Rundt 2000-talet vart denne typen avtale ofte brukt for å opprette strategiske internasjonale handelsband mellom byar.[4]

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Eksempel på venskapsavtale mellom Castellabate, Italia ('gemellaggio') og Blieskastel, Tyskland ('Partnerschaft').

I fastlands-Europa er omgrepa "tvillingby", "partnarby" eller "venskapsby" er ofte brukt. I Storbritannia er "tvillingby" mest brukt, medan "systerby" er hovudsakleg brukt i Nordamerika.

Europakommisjonen brukar omgrepet "twinned towns" og refererer til denne typen prosess som "town twinning."[5] Ein "douzelage" vert ogso brukt for avtalar som gjeld ein by i kvar medlemsland.[1][6]

I Spania brukast omgrepet "ciudades hermanadas," som tyder "systerbyar". I Tyskland, Polen, og Tsjekkia vert det brukt Partnerstadt (De) / miasto partnerskie (Pl) / partnerské město (Cz), som omsetjast til "partnarby". I Frankrike vert det brukt omgrepet ville jumelée (jumelage), og i Italia gemellaggio (twinning) og comune gemellato (twinned municipality).[7] I Nederland brukast anten partnerstad eller stedenband ("byband," når det gjeld fellesstønad). I Hellas brukast ordet αδελφοποίηση (adelfopiisi – "brorskap"). I Island, brukar dei både vinabæir og vinaborgir ("venby"). I den tidlegare Austblokka, brukast det "tvillingsby",[8] og города-побратимы (Ru) ("brorby").[9]

I Amerika, Sørasia, og Australasia brukast "systerby" og "tvillingby" side om side. I Kina, heiter det 友好城市 (yǒuhǎo chéngshì – "vanskapsby").[10] Styringsorganar omgås av og til partnarskap saman, som til dømes avtalen som finst mellom Hainan-provinsen i Kina og Jeju-do i Sørkorea.


Jamvel om omgrepa vert brukte for å referere til same konsept kan variantane tyde på ulike typar avtalar, som mellom ordførarar for eksempel.[11]

Bydiplomati[endre | endre wikiteksten]

Bydiplomati er ein slags paradiplomati som inneber samtalar mellom tilsette og innbyggjarane til byar som ofte ligg i ulike land. Bydiplomati refererer til ein type internasjonale relasjonar som fungerer parallelt med konvensjonelle diplomatimekanismar, som mellom ambassadar og avtalar forhandla på nasjonalstatsnivå. I fylgje Rodrigo Tavares, var dei fyrste forsøk på å opprette bydiplomati lanserte på 1800-talet. Denne gongen var det framleis få byar som vart involverte i slike avtalar, og det var ikkje før 1900 at liknande partnarskapar vart meir vanlege.

Hovudprioriteten til dei som arbeider med bydiplomati heng ofte saman med kommunane sine ansvarsområde, som til dømes, å betre innbyggjarane sine livsvilkår. Samstundes arbeider partnarskommunar ofte saman på saker av ein annan skala, som for eksempel klimaendringane.

Omgrepet bydiplomati ("city diplomacy") vert i brukt i ulike internasjonale samarbeidsarenaar, som United Cities and Local Governments og C40 Cities Climate Leadership Group. Konseptet er samstundes anerkjent av USC Center on Public Diplomacy. I mars 2014 anerkjende Det britiske overhuset at venskapsbyavtalar skulle utviklast til å verte til bydiplomati, spesielt innom handels- og turismespørsmål, men også for kulturelle og etterkonfliktsforsoningar.[12]

Verdas økonomisk forum har også meddelt at det var viktig for byane å utvikle "sine eigne utanlandske økonomiske program om handel, utanlandske investeringar, turisme og for å trekkje til seg utanlandske kompetansar".[13]

I tillegg til C40 arbeider andre organisasjonar for å lettgjere bydiplomati, som for eksempel World Cities Summit, Smart City Expo World Congress,[14]Strong City Network[15] og 100 Resilient Cities.[16]

I 2016 var det estimert at det fantast opp til 125 multilaterale nettverk og forum av denne typen i verda.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Kolonne dedisert til Paris i Rome

Den tidlegaste kjende bypartnarskapen Europa angjekk Paderborn i Tyskland og Le Mans i Frankrike, i 836.[2][17]

I 1905 oppretta Keighley i Vestyorkshire, England ein avtale med byane Suresnes og Puteaux i Frankrike.[18][19]

Den fyrste bypartnarskapen som likna på dei moderne parnarskapsavtalane vart inngått mellom Keighley og Poix-du-Nord i Nordfrankrike, i 1920 etter Den fyrste verdskrigen.[4][20][21] Den gongen var partnarskapen sett som ein slags "adoptering" av den franske byen; den formelle partnarskapsavtalen vart ikkje innførd før 1986.[22]

Byvenskapspraksisen heldt fram etter Andre verdskrigen. Denne gongen var den sett som ein måte å promotere felles forståing og nytte på tvers av landegrenser.[1][2][23][24][25] For eksempel, byane Coventry, Stalingrad og seinare Dresden som vart bombarderte under krigen inngjekk ein venskapsavtale saman

[21][26][27][28]. I mars 1945 oppretta Bath i England ein "Alkmaar Adoption Committee" medan den nederlandske byen framleis var okkupert av den tyske arméen. So tidleg som i 1946 deltok born frå begge byar på utvekslingar.[29] På like line, i 1947 vart fem borgarar frå Bristol sende på vegne av Bristol Corporation (seinare Bristol City Council) til Hanover.[4]Same år oppretta Reading samband med Düsseldorf. Partnarskapen finst framleis i dag[30]. I 1956 vart Paris og Roma venskapsbyar under mottoet "Seule Paris est digne de Rome, seule Rome est digne de Paris - Solo Parigi è degna di Roma, solo Roma è degna di Parigi" ("Berre Paris er verd Roma, berre Roma er verd Paris").[31][32]

Sidan 1989 får byvenskapsavtalar i Europa stønad frå Den europeiske unionen.[1][2][4]I 2003 vart eit budsjett på €12 million brukt for å støtte omtrent 1 300 prosjekt av denne typen. Rådet for kommunar og regionar i Europa samarbeider også tett med Europakommisjonen for å fremje moderne og høgkvalitets partnarskapsinitiativ og utvekslingar på alle nivå. Rådet har også oppretta ei nettside med dette føremålet.[33]

I 1995 rekna Den europeiske unionen fleire enn 7 000 bilaterale avtalar som gjeldte omtrent 10 000 europeiske kommunar, hovudsakleg franske (2837) og tyske (2485).[25]

Offentleg kunst er ofte brukt for å feire byvenskap.



Forsking har synt at geografisk avstand hadde lite å gjere med kva som vart valde for å inngå partnarskap. Kommunane er ofte valde på grunn av trekka dei har tilfelles. Det er for eksempel 15 landsbygder i Wales som har inngått partnarskap med bygder i Bretagne, og Oxford er venbyar til Bonn, Leiden, Grenoble og andre universitetsbyar.[1] På same måte inngjekk mange tidlegare vest-tyske og aust-tyske byar partnarskap før Jarnteppet fall, som Hannover og Leipzig, eller mellom Hamburg og Dresden.

Den fyrste partnarskapen mellom ein tysk og ein amerikansk by var inngått i 1947 mellom Worthington i Minnesota og Crailsheim.

St Petersburg er byen i verda som har flest partnarskapsavtalar med andre kommunar. I 2012 vart den skotske landsbygda Dull og den amerikanske bygda Boring i Oregon partnarbyar for å fremje turisme i begge kommunane ved å spele på namna sine.[34][35]

I nyare tider har somme kommunar oppretta partnarskapar mellom reelle og fiksjonelle stadar. Wincanton i England er til dømes partnarby med Ankh-Morpork frå Terry Pratchett si Discworldserie.[36]

Venskapsbyavtalar har i aukande grad vorte brukt som ein del av internasjonal handelsstrategiar. Det var for eksempel høvet då kommunestyringa i Nottingham bad partnarbyen Karlsruhe om råd i førearbeidet for å byggje sporvognnettverk. Med hjelp av ingeniørar frå Karlsruhe fekk Nottingham byggje opp si andre sporvognslinje i 2013.

I 2014 delte både Bristol og New Orleans at dei skulle inngå partnarskap basert på byane sine respektive musikk- og kulturarvar. I fleire år har Annecy i Frankrike og Nerima i Japan, vore partnarbyar i forhold til byane sine tradisjonar innom animasjon.[37][38]

Språkgrunnar[endre | endre wikiteksten]

Forholda mellom byar kan ogso kome når dei heiter det same. Dei kan vere oppkalla etter ei folkegruppe (som i Córdoba), dei kan ha same namn (som med Santiago de Compostela), eller namna kan ha same etymologi.

Vegskilt i Artieda de Aragón og Emiliano Zapata, ein sjølvstendig Zapatistakommune.

Likskapane kan ha som opphav eit felles språk eller fordi byane har tidlegare vore del av same stat.

Politisk tyding[endre | endre wikiteksten]

By- eller kommunevenskap kan ha politiske mål. I 2013 inngjekk for eksempel.Gyöngyös i Ungarn ein partnarskapsavtale med Shusha i Aserbaijan i samanheng med Ungarn si anerkjenning av byen som ein del av Aserbaijan (sjølv om byen er styrd av Armenia sidan Nagorno-Karabakh-krigen, men er de jure ein del av Azerbaijan).[39] På same vis i 2003 prøvde kommunestyret i Preston i England å inngå partnarskap med Nablus i Palestina som teikn på solidaritet.

Avslutting på partnarskapsforhold som resultat av omstridt[endre | endre wikiteksten]

  • I 2012 suspenderte Nanjing i Kina forholdet sitt med Nagoya i Japan etter at ordføraren i Nagoya Takashi Kawamura avkrefta Nanking Massakren [40]
  • I 2013 suspenderte Milano, Venizia, i Torino sitt partnarskap med Sankt Petersburg etter at lover mot samkjønsforhold vart innførde i Russland. Same år oppfordra ulike aktivistar i Kalifornia å gjere det same.
  • I 2014 avslutta Praha sitt forhold med Sankt Petersburg og Moskva på grunn av at Russland intervenerte i Ukraina. Moskva hadde vore venskapsby med Praha sidan 1995.[41]
  • I 2017 avslutta Osaka partnarskapen byen hadde hatt med San Francisco i seksti år på grunn av at eit minne vart oppreist i San Francisco for "behage kvinnene". Det same skjedde mellom Glendale i Kalifornia ogHigashiōsaka i 2014.[42]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Clarke, N. «Town Twinning in Britain since 1945: A Summary of findings» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 29. juli 2013. Henta 29. juli 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «The Origins of Town Twinning» (PDF). The City of Inverness Town Twinning Committee. Arkivert frå originalen (PDF) 31. desember 2010. Henta 30. oktober 2009. 
  3. «What is town twinning?». Arkivert frå originalen 5. september 2013. Henta 5. september 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 http://www.lga.gov.uk/lga/aio/190428. 
  5. «Action 1 – Measure 1: Town Twinning». Henta 26. august 2013. 
  6. «Douzelage.org: Home». www.douzelage.org. Arkivert frå originalen 17. februar 2010. Henta 21. oktober 2009. 
  7. «termine». Henta 10. oktober 2019. 
  8. «Mogilev: Twin Towns – Twin Cities». Henta 19. oktober 2013. 
  9. Self-Pierson, Rob. «Is there a point to twin towns?». Henta 14. juli 2013. 
  10. «Sister City» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 16. mai 2017. Henta 15. mai 2017. 
  11. «What is the difference between a Sister City and a Friendship City? | AustinTexas.gov - The Official Website of the City of Austin». Henta 18. januar 2018. 
  12. «Lords Hansard text for 26 Mar 2014 (pt 0001)». Henta 26. april 2016. 
  13. «Five key lessons for city competitiveness». Arkivert frå originalen 19. oktober 2014. Henta 26. april 2016. 
  14. «Smart City Expo World Congress». Henta 17. desember 2019. 
  15. «Home». Henta 17. desember 2019. 
  16. «Home Page». Henta 17. desember 2019. 
  17. . Le Mans https://books.google.com/books?id=qo7rSAAACAAJ. 
  18. . ISBN 978-0-559-44381-7 https://books.google.com/books?id=NvKQhry_9Q0C&lpg=PA200&dq=sister%20cities&pg=PA200#v=onepage&q=sister%20cities&f=false. 
  19. «France Magazine – Twin Towns». www.francemag.com. Henta 6. november 2009. 
  20. . London http://www.lga.gov.uk/lga/aio/190428. 
  21. 21,0 21,1 «Town twinning in the UK and Germany». Henta 29. juli 2013. 
  22. «Keighley celebrates twin town jubilee». Newsquest Media Group. Henta 5. januar 2009. 
  23. «Ghajnsielem.com – Twinning». www.ghajnsielem.com. Arkivert frå originalen 24. januar 2013. Henta 10. oktober 2009. 
  24. «Twin Towns». www.amazingdusseldorf.com. Henta 29. oktober 2009. 
  25. 25,0 25,1 Furmankiewicz, Marek. «Town-twinning as a factor generating international flows of goods and people.» (PDF). Institute of Geography and Regional Development, University of Wrocław, Poland. Arkivert frå originalen (PDF) 29. juli 2013. Henta 29. juli 2013. 
  26. Griffin, Mary. «Coventry's twin towns». Arkivert frå originalen 6. august 2013. Henta 6. august 2013. 
  27. «Coventry—Twin towns and cities». Arkivert frå originalen 14. april 2013. Henta 6. august 2013. 
  28. «Disney seeks UK twin». www.ukprwire.com. Henta 30. oktober 2009. 
  29. «Bath Alkmaar Twinning Association | ORIGINS». Henta 23. juni 2017. 
  30. «Reading-Düsseldorf Association – Devoted to promoting & developing friendship between Reading and Düsseldorf». Henta 10. oktober 2019. 
  31. «Twinning with Rome». Arkivert frå originalen 5. september 2012. Henta 27. mai 2010. 
  32. «Les pactes d'amitié et de coopération». Arkivert frå originalen 11. oktober 2007. Henta 14. oktober 2007. 
  33. «Twinnings». Twinning.org. Henta 16. juni 2009. 
  34. LeVeille, David. «A Tale of Dull and Boring Sister Cities». The World.org. Henta 15. juli 2013. 
  35. Gambino, Lauren. «Dull and Boring? Sounds exciting». KVAL. Arkivert frå originalen 22. oktober 2013. Henta 22. februar 2013. 
  36. unknown. «Pratchett city twins with real town». British Broadcasting Corporation. Henta 5. september 2013. 
  37. «'Stimulation Project for the Coexistent Animation Industry Cluster in Nerima', Nerima City,. januar 2009» (PDF). Henta 10. oktober 2019. 
  38. «'Using pop culture to assert distinctiveness of place', Japan Local Government Centre, London,. mars 2011» (PDF). Henta 10. oktober 2019. 
  39. «APA – Gyöngyös city of Hungary fraternize with Azerbaijan's occupied town of Shusha – PHOTOSESSION». Henta 26. april 2016. 
  40. Wang, Chuhan. «Nanjing suspends official contact with Nagoya». CNTV. 
  41. «Prague suspends partnership with Russian cities». Prague Post. 2. september 2014. Arkivert frå originalen 12. september 2014. Henta 12. september 2014. 
  42. «Japan city mayor lodges protest over "comfort women" memorial cost». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 26. april 2016. 
  43. «Sister Cities International (SCI)». Sister-cities.org. Arkivert frå originalen 13. juni 2015. Henta 21. april 2013.