Valderøytunnelen
Valderøytunnelen er ein undersjøisk tunnel på riksveg 658 i Ålesund og Giske kommunar i Møre og Romsdal. Tunnelen går under Valderhaugfjorden mellom Hovset på Ellingsøya og Ytreland på Valderøya. Tunnelen er 4222 meter lang, den når 137 meter under havet, og største stigning er 8,5 %. Valderøytunnelen blei opna i 1987. Saman med Ellingsøytunnelen gav den ferjefritt vegsamband mellom Ålesund og Valderøya i Giske kommune, og dermed også ferjefritt samband til Ålesund lufthamn, Vigra på Vigra.
Tunnelen var ein bomveg, bomstasjonen stod på Kverve på Ellingsøya. Bomperioden skulle opphavleg vare i 15 år, men på grunn av økonomiske problem hos tunnelselskapet, vart bompengeperioden forlenga til 22 år. Bompengeperioden opphøyrde i november 2009, og det er no gratis å bruke tunnelen.
Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Valderøytunnelen.