Valle d'Aosta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 45°44′49″N 7°26′21″E

Regione Autonoma Valle d'Aosta
Région Autonome Vallée d'Aoste
Den autonome regionen Aostadalen
[[Fil:|180px]]
Italy Regions Aosta Valley Map.png
Kart som viser plasseringa til Valle d'Aosta i Italia
Hovudstad Aosta
President Augusto Rollandin
(Valdotanian Union)
Provinsar 0
Kommunar 74
Areal 3 263 km²
 - Rangering 20. (1,1 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 123 978
 - Rangering 20. (0,2 %)
 - Tettleik 38/km²
Heimeside www.regione.vda.it

Valle d'Aosta (òg kalla Aostadalen på norsk, fransk Vallée d'Aoste eller Val-d'Aoste, frankoprovensalsk: Val d'Outa) er ein fjellregion nordvest i Italia. Det grensar til Frankrike i vest, Sveits i nord og regionen Piemonte i sør og aust.

Med eit areal på 3 263 km² og om lag 120 000 innbyggjarar er han den minste og minst folkesette regionen i Italia. Det er den einaste regionen i Italia som ikkje er inndelt i provinsar (dei vart oppløyst i 1945) og er delt inn i 74 kommunar.

Nokre kommunar, som ligg i dalbotnane, er fransktalande. Regionshovudstaden er Aosta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Aostadalen (fransk språk)

Aostadalen er ein dal i Alpane som har sidedalar som går opp til Mont Blanc, det høgaste fjellet i regionen, Italia, Frankrike og Alpane (og Europa om ein ser bort frå Kaukasus) og Matterhorn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggjarane i Aostadalen var keltarar og ligurarar. Den romerske republikken erobra regionen frå dei lokale salassarane om lag år 25 fvt. og grunnla Augusta Praetoria (Aosta) for å sikre strategiske fjellovergangar, som dei utbetra med bruer og vegar. Etter Romarriket sitt fall klarte den høgtliggande dalen og stort sett halde sjølvstyre, særleg sidan området meir eller mindre var isolert om vinteren, men dei vart likevel delvis styrt av gotarar og langobardar i periodar, så av burgundiske kongar på 400-talet, etterfulgt av frankarar som tok over det burgundiske kongedømet i 534. Då kongedømet deira vart delt av Karl den store i 870 danna Aostadalen ein del av Kongedømet Lotharingia i Italia. Eit tiår seinare vart dette vidare delt opp og Aostadalen vart ein del av Kongedømet Øvre Burgund, som vart slått saman med Kongedømet Arles — utan at noko av dette hadde stor innverknad på livet i Valle d'Aosta.

I 1031-1032 fekk Umberto Biancamano, grunnleggjaren av Huset Savoie, tittelen greve av Aosta av keisar Konrad II av den frankiske linja og bygde seg sjølv ei festning ved Bard. Region vart delt mellom solide borger og i 1191 såg Thomas I av Savoio det nødvendig å gje kommunane ein Carta delle Franchigie («Fridomspriviliegium») som tok vare på sjølvstende deira og rettane vart strengt forsvart fram til 1770, då dei vart oppheva for å knyte Aosta nærare Piemonte. Rettane vart deriomt gjeve tilbake etter napoelonstida. På midten av 1200-talet gjorde Keisar Fredrik II Grevskapet Aosta om til eit hertugdøme, og hæren deira bar ei oppreist løve i Savoiehæren fram til samlinga av Italia i 1870. I mellomalderen var regionen sterkt føydal og borgene, som Challant-familien si i Gressoneydalen, pregar framleis landskapet. På 1100- og 1200-talet vart det tysktalande samfunnet Walser oppretta i Gressoney, og nokre kommunar har framleis ein Walseridentitet i dag.

Regionen vart verande ein del av Savoie, bortsett frå ein periode med fransk okkupasjon frå 1539 til 1563. Som ein del av Kongedømet Sardinia vart det ein del av Kongedømet Italia i 1861.

Under Mussolini regionen «italianisert» og folk vart flytta til Piemonte og italiensktalande arbeidarar til Aosta. Dette flytta region mot separatisme og Aosta fekk sjølvstyre i 1948.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Valle d'Aosta

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Flag of Italy.svg
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto