Vasspiplerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasspiplerke
Vasspiplerke Foto: Ukjent
Vasspiplerke
Foto: Ukjent
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Vasspiplerke
Utbreiinga av Vasspiplerke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Vasspiplerke A. spinoletta
Vitskapleg namn
Anthus spinoletta

Vasspiplerke, Anthus spinoletta, er ein liten sporvefugl som hekkar i fjella i Sør-Europa og sørlege tempererte Asia over til Kina. Dette er kortdistanseflyttfugl som vandrar ned til vått, opent lågland slik som myrar og oversumte marker om vinteren. Nokre fuglar migrerer nordover til Storbritannia om vinteren, og dreg nytte av det varme maritime klimaet der.

Som dei fleste andre Anthus-piplerker, er dette ein vanskeleg kjenneleg art som lever på bakken. Denne piplerka er hovudsakleg brun over og mørk stripa gråbrun under. Ho har mørke bein, kvit ytre halefjør og ei lengre mørkt nebb. Om sommaren har ho ein særeigen hekkedrakt, med rosa bryst, grått hovud og eit bleikt augebrynstrek.[1][2] Ho er 15,5 til 17 cm i lengd.

Underarten littoralis av skjerpiplerke i sommardrakt er veldig tett til vasspiplerka i sitt ytre. Likevel kan dei skiljast frå kvarandre etter lætet,[3] og dei okkuperer ulike typar habitat, sjølv når dei generelt finst i det same området.[4] Vasspiplerka er òg mykje mindre imøtekomande enn skjerpiplerke, forlèt området ved å stige høgt og raskt når ein nærmar seg. Vasspiplerka og myrpiplerka overlappar ikkje utbreiingsområde bortsett frå i eit lite område i Sentral-Asia.[5]

Denne arten er insektetar. Ropa er ein eksplosiv 'vyiist', som skjerpiplerka. Songen er lik, men han består av kanskje fem 'blokker' i omtrent eit halvt dusin tonar kvar, det endar anten med ingen eller med gjentatte triller.[4] Skjerpiplerka har færre, men lengre blokker.

Tidlegare var skjerpiplerke og myrpiplerke klassifisert som underartar av vasspiplerke.[6] Førstnemnte er nærare knytt til vasspiplerke enn den sistnemnde, det er indikert av eksterne[1] og molekylære eigenskapar.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Per Alström & Krister Mild (1996). «The identification of Rock, Water and Buff-bellied Pipits». Alula 2 (4): 161–175. 
  2. Per Alström & Krister Mild (1987). «Some notes on the taxonomy of the Water Pipit complex». Eilat: International Birdwatching Center: 47–48. 
  3. V. V. Leonovich, G. V. Deminia & O. D. Veprintseva (1997). «On the taxonomy and phylogeny of pipits (Genus Anthus, Motacillidae, Aves) in Eurasia». Biulleten Moskovskogo obshchestva ispytatelei prirody. Otdel biologicheskii (på russisk) 102 (2): 14–22. 
  4. 4,0 4,1 R. Bijlsma (1977). «Voorkomen en oecologie van Anthus spinoletta en A. s. littoralis in de uiterwaarden van de Rijn bij Wageningen». Limosa (på nederlandsk) 50: 127–136. 
  5. A. A. Nazarenko (1978). «On species validity of Anthus rubescens Tunstall (Aves: Motacillidae)». Zoologicheskiy Zhurnal (på russisk) 57: 1743–1744. 
  6. George Sangster, Alan G. Knox, Andreas J. Helbig & David T. Parkin (2002). «Taxonomic recommendations for European Birds». Ibis 144 (1): 153–159. doi:10.1046/j.0019-1019.2001.00026.x. 
  7. G. Voelker (1999). «Molecular evolutionary relationships in the avian genus Anthus (Pipits: Motacillidae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 11 (1): 84–94. PMID 10082613. doi:10.1006/mpev.1998.0555. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]