Verdscupen i sjakk 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdscupen i sjakk i Kanty-Mansijsk 2007 var ei sjakkturnering som kvalifiserte for Verdsmeisterskapen i sjakk 2009 og Verdsmeisterskapen i sjakk 2011. Den vart arrangert med 128 spelarar som ei utslagsturnering (cup) mellom 24. november og 16. desember 2007 i Khanty-Mansijsk i Russland.

Turneringa samla eit fleirtal av dei beste spelarane i verda. Den vart vunnen av Gata Kamsky frå USA. Han vann finalen over fire parti mot Alexei Shirov frå Spania med 2.5–1.5. To 17 år gamle spelarar, Sergej Karjakin frå Ukraina og Magnus Carlsen frå Noreg nådde semifinalane.

Desse 4 semifinalistane var dermed også direkte kvalifiserte for FIDE Grand Prix 2008-2009, som kvalifiserer til Verdsmeisterskapen i sjakk 2011.

Kvalifisering til VM 2009[endre | endre wikiteksten]

Verdscupen i 2007 er ein del av kvalifiseringa for Verdsmeisterskapen i sjakk 2009. Gata Kamsky, som vinnar av turneringa, skal spele ein tvekamp over 8 parti mot Veselin Topalov hausten 2008, om retten til å spele mot dåverande verdsmeister om Verdsmeisterskapen i sjakk 2009. Dette vil bli ein kamp mot vinnaren av Verdsmeisterskapen i sjakk 2008, som går mellom noverande verdsmeister i sjakk Viswanathan Anand, India og utfordraren, tidlegare verdsmeister Vladimir Kramnik, Russland.

Framståande ikkje-deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Vladimir Kramnik og Veselin Topalov fekk ikkje lov til å vere med, på grunn av dei privilegia dei allereie hadde i VM-kvalifisering og VM-kampar for 2008 og 2009.

Alle dei andre leiande spelarane, også verdsmeister Viswanathan Anand hadde høve til å delta. Men Anand, som nettopp var blitt verdsmeister, og som skulle spele VM-kamp hausten 2008, valde å ikkje delta.

Tre andre spelarar som nettopp hadde deltatt i Verdsmeisterskapen i sjakk 2007 i Mexico - Péter Lékó, Aleksander Morozevitsj og Boris Gelfand - valde å ikkje delta. Lékó og Morozevich avslo å delta som ein protest mot dei privilegia som var gitt til Kramnik og Topalov i VM-kvalifisering og VM-kampar for 2008 og 2009.

Den einaste av dei andre spelarane frå topp 30 i verda som ikkje deltok var Judit Polgár.

Kvalifisering[endre | endre wikiteksten]

Den endelege lista over dei 128 deltakarane var følgjande:[1]

  • Tre av dei åtte deltakarane i Verdsmeisterskapen i sjakk 2007 (Levon Aronian, Peter Svidler og Aleksander Grischuk). Dei andre fem som var kvalifiserte på denne måten vart erstatta av fem spelarar kvalifisert etter rating.
  • Verdsmeisteren for kvinner for 2006 - Xu Yuhua.
  • Verdsmeisteren for juniorar for 2006 - Zaven Andriasian.
  • 25 spelarar med den høgaste FIDE-rating (inkludert dei 5 ovanfor nemnde reservane). Gjennomsnittet frå ratinglistene for juli 2006 og januar 2007 vart brukt.
  • 89 spelarar kvalifisert frå kontinentale turneringar og soneturneringar:
    • 45 spelarar frå Europa - Europameisterskapen i sjakk kvalifiserte 16 i 2006 og 29 i 2007.
    • 19 spelarar får Amerika (7 frå den 4. Pan-Amerikanske meisterskapen og 12 frå soneturneringane for sone 2.1 til 2.5).
    • 19 spelarar frå Asia og Oseania (10 frå den 6. asiatiske meisterskapen, 9 frå soneturneringane for sone 3.1 til 3.6.
    • 6 spelarar frå Afrika - Afrikameisterskapen for 2007.
  • 5 nominert av Presidenten i FIDE: Sergei Rublevsky, Evgeny Bareev, Sergei Zhigalko, Ziaur Rahman og Boris Savchenko.
  • 4 oppnemnde av den lokale arrangøren: Evgeny Alekseev, Nikolai Kabanov, Aleksei Pridorozhni og Vladimir Genba.

Framståande deltakarar[endre | endre wikiteksten]

(Namn, rangering i turneringa, land, rating pr 1. oktober 2007.

(To spelarar av dei 128 vart ikkje med i turneringa - den eine på grunn av sjukdom, den andre på grunn av problem med visa).

Reglane for turneringa mv[endre | endre wikiteksten]

Turneringa vart arrangert på same måten som FIDE sine Verdsmeisterskap 1998-2004: Kvar runde bestod av ein kamp over to parti med full tenketid, med unntak av finalen, som gjekk over 4 parti. Viss det var uavgjort etter dei to første partia så blei det spelt omspel, ekstra parti med kortare tenketid.[2]

tenketida for dei vanlege partia var 90 minutt for dei 40 første trekka, med 30 minutt for resten av partiet, med 30 sekund i tillegg for kvart trekk. Omspela var først to parti hurtigsjakk (25 minutt kvar + 10 sekund pr trekk); følgd av to parti lynsjakk, viss nødvendig (5 minutt kvar + 10 sekund pr trekk); følgd av eit enkelt parti Armageddon-sjakk viss nødvendig (kvit har 6 minutt og må vinne, svart har 5 minutt og vinn kampen med remis - det blir trekt lodd før partiet, og vinnaren av loddtrekninga får velje om han vil ha kvit eller svart).

Pengepremiane var frå (US dollar) $ 6,000 for spelarane som vart slått ut i første runde til $ 80,000 for tapande finalist og $ 120,000 for vinnaren.

Resultata[endre | endre wikiteksten]

Runde 1[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste toppspelarane gjekk vidare. Av dei 32 som var rangert øvst, var dei einaste som vart slått ut Pavel Eljanov (19), Konstantin Landa (25) og Pentala Harikrishna (32).[3]

Runde 2[endre | endre wikiteksten]

Av dei 32 øvst rangerte vart Teimour Radjabov (3) og Loek van Wely (24) slått ut etter dei to ordinære partia.[4][5] Ytterlegare 3 av dei 32 øvst rangerte vart slått ut i omspela: Rustam Kasimdzhanov (22), Andrei Volokitin (26) og Vadim Zvjaginsev (30). Dermed var 24 av dei 32 øvst rangerte tilbake, saman med 8 som var rangert lenger nede.

Høgt rangerte som trengde omspel for å gå vidare omfatta Vassily Ivanchuk (1), Magnus Carlsen (10), Ruslan Ponomariov (14) og Wang Yue (15). [6]

Runde 3[endre | endre wikiteksten]

Etter dei to partia med full tenketid hadde 10 av dei 16 kampane fått ein vinnar: Dette var: Alexei Shirov (rangert som nr 5), Michael Adams (7), Evgeny Alekseev (8), Magnus Carlsen (10), Gata Kamsky (11), Vladimir Akopian (12), Dmitry Jakovenko (13), Ruslan Ponomariov (14), Wang Yue (15) og Ivan Cheparinov (31).[7][8] Cheparinov slo ut rangert nr 2, Shakhriyar Mamedyarov.

Dei andre 6 kampane vart avgjort etter omspel. Vinnarar var: Liviu-Dieter Nisipeanu (33) (som slo ut topprangerte Vassily Ivanchuk), Krishnan Sasikiran (35), Evgeny Bareev (41), Levon Aronian (4), Peter Svidler (6), Sergej Karjakin (17).[9]

Runde 4[endre | endre wikiteksten]

I partia med full tenketid vann Shirov, Ponomariov, Carlsen, Karjakin og Cheparinov sine respektive kampar mot Akopian, Sasikiran, Adams, Nisipeanu og Wang Yue. Dei andre tre kampane (Jakovenko-Aronian, Svidler-Kamsky og Bareev-Alekseev) gjekk vidare til omspel,[10][11] med sigrar for Jakovenko, Kamsky og Alekseev.

Runde 5 - kvartfinale[endre | endre wikiteksten]

I kvartfinalen vann Shirov 2-0 over Jakovenko, Kamsky 1,5-0,5 over Ponomariov og Magnus Carlsen 1,5-0,5 over Ivan Cheparinov. I omspelet vann Sergej Kajakin 1,5-0,5 mot Alekseev.[12][13] [14]

Runde 6 - semifinale[endre | endre wikiteksten]

I semifinalen vann Gata Kamsky 1,5-0,5 over Magnus Carlsen, medan Alexei Shirov vann omspelet mot Sergej Karjakin med 1,5-0,5.[15]

Runde 7 - finale[endre | endre wikiteksten]

Finalen gjekk over 4 parti, deretter om nødvendig omspel. Gata Kamsky vann finalen mot Alexei Shirov, etter remis i første parti, siger med kvit i andre parti, og remisar i tredje og fjerde parti. Dermed 2,5-1,5 til Kamsky.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]