Vidar Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Vidar Sveinung Kleppe (fødd 16. september 1963 i Bergen) er ein norsk politikar som var ein sentral politikar for Framstegspartiet fram til 2001. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder 1989–1993 og 1997–2001 og 2. nestformann i Framstegspartiet 1995–1999. Han vart i 2001 suspendert frå Framstegspartiet etter å ha vorte skulda av Carl I. Hagen for å vera ein «edderkopp», og melde seg då ut. Han var leiar for Demokratane 2002–2012. Han er no medlem av Vest-Agder fylkesting og Kristiansand bystyre.

Kleppe er busett i Vågsbygd i Kristiansand kommune.

Bakgrunn og politisk virke[endre | endre wikiteksten]

Kleppe er utdanna mekanikar: Maskin- og mekanikarskule 1981.

Han reiste i utanriks sjøfart 1981–1982, og var deretter industriarbeid i Kristiansand 1982–1987. Han var sjølvstendig næringsdrivande 1987–1989. Han var tilsett i Dica Reklame 1994–1997.

Kleppe starta den politiske karrieren sin på 1980-talet då han var medlem av Kristiansand formannskap og bystyre i periodane 1987–1991, 1995–1997 og 2003–2007. Han var medlem av Vest-Agder fylkesting 1995–1997 og 2003–2011. Han byrja sin rikspolitiske karriere då han vart innvald på Stortinget i 1989. Han markerte seg på 1990-talet som ein restriktiv innvandringspolitikar både i Frp og i norsk politikk.

Kleppe vart suspendert frå Frp i mars 2001. Carl I. Hagen var overtydd om at Kleppe hadde ambisjonar om å verta etterfølgjaren hans .[1] Han melde likevel seg ut av partiet same år. Etter ein snartur innom Det Liberale Folkepartiet stifta han i 2002 partiet Demokratane, og han har sidan 2002 vore leiar for partiet.

Kleppe var ein av Stortingets mest markante politikarar på 1990-talet. Han var hovedarkitekten bak at Stortinget vedtok lik krigsinvalidepensjon, uavhengig av om den pensjonerte hadde vore dekksgutt eller kaptein i krigsåra 1939–1945. Kleppes framlegg om fangeerstatning (100 000 kroner) til norske fangar i japansk-kontrollerte område under den andre verdskrigen, fekk full tilslutting av Stortinget.

Vidar Kleppe er son av direktør Erling Kleppe (1941 – 1989) og husmor Harriet Kleppe (fødd Uthaug) (fødd 1944). Kleppe er gift med Elin Dyrstad Kleppe og har tre born.

Stortingsperiodar[endre | endre wikiteksten]

Medlemskap i presidentskapet[endre | endre wikiteksten]

  • 1989–1993: sekretær i Lagtinget frå 10. oktober 1989.

Medlemskap i stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Medlemskap i delegasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997–2001: varamedlem i Konsultasjonsorganet for EØS-sakar i EØS-utvalet frå 4. november 1997.

Medlemskap i gruppestyre[endre | endre wikiteksten]

Utdanning og yrke[endre | endre wikiteksten]

  • Maskin- og mekanikarskule 1980–1981.
  • Utanriks sjøfart 1981–1982.
  • Industriarbeid i Kristiansand 1982–1987.
  • Næringsdrivande 1987–1989.
  • Tilsett i Dica Reklame 1994–1997.

Kommunal- og fylkespolitisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

  • Fylkespolitisk aktivitet:
    • Medlem Vest-Agder fylkesting (1993–1997), (2003–2007), (2007–2011) og (2011–2015).
    • Leiar av Kontrollutvalet i Vest-Agder (2003–2007), (2007–2011) og (2011–2015).
    • Leiar av Lister Brukarutval i Vest-Agder (2010–2011).
    • Medlem av Fylkeseldrerådet i Vest-Agder (2007–2015).

Offentlege verv[endre | endre wikiteksten]

  • Styremedlem i Kristiansand elektrisitetsverk 1985–1989 og nestleiar 1995–1997.
  • Medlem i Fiskerinemnda i Kristiansand 1987–1989.
  • Medlem av Overligningsnemnda i Kristiansand 1987–1989.
  • Styremedlem i styret for Vest-Agder sentralsjukehus 1987–1989.
  • Medlem i Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske styresmakter 1995–1997.

Tillitsverv i parti[endre | endre wikiteksten]

  • Styremedlem i Kristiansand FpU 1982–1988.
  • Ei rekkje tillitsverv FpU på lokal- og fylkesplan 1982–1989.
  • Medlem Frps landsstyre 1989–1999.
  • Medlem Frps sentralstyre 1993–1999.
  • 2. nestformann Framstegspartiet 1995–1999.
  • Leiar for Demokratane 2002–2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]