Vikunja
| Vikunja | |
Vikunja | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av vikunja | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Kamelfamilien Camelidae |
| Slekt: | Vicugna |
| Art: | Vikunja V. vicugna |
| Vitskapleg namn | |
| Vicugna vicugna | |
Vikunja (Vicugna vicugna), frå quechua wik'uña gjennom spansk vicuña, er eit kameldyr (Camelidæ) som lever på Altiplano i sørlege Peru, i delar av Bolivia, i nordre Chile og nordvest i Argentina. Største bestanden finn ein i Peru. Saman med guanako er han einaste atterlevande ville kameldyrarten i Sør-Amerika. Han er ein nær slektning av lama og sannsynleg stamform for husdyret alpakka. Vikunja er er avbilda i det peruanske riksvåpenet,[1] og er rekna som nasjonaldyret til Peru.
Arten er hovudsakleg kjend for si fine ull, som er særs kostbar fordi dyra berre kan klippast kvart tredje år og ein fangar inn ville dyr for å hausta henne. Kvart individ produserer i gjennomsnitt 200–250 gram av denne, og ho vert omsett til ein kilopris av ca. 300–500 USD (i år 2002). Også inkaene verdsette vikunjaen for ullkvaliteten, det var forbode for andre enn herskarane å bere klede av vikunjaull. Både den gongen og i dag er vikunjaen verna av lovverk, men i ein periode gjekk det føre seg mykje ukontrollert krypskyting slik at populasjonen kom ned i ca. 10 000 dyr på 1960-talet. Då arten vart erklært truga i 1974 var det berre rundt 6 000 dyr att. Etter det vart det sett inn vernetiltak både i Peru og i Chile. I dag har vikunjapopulasjonen stige tilbake til rundt 350 000 individ, og trenden er aukande.[2] Arten er difor ikkje lenger klassifisert som sårbar eller truga av Verdas naturvernunion.
Artsskildring
[endre | endre wikiteksten]Vikunja er det minste av kameldyra, vaksne dyr har ei kroppslengd på 1,45–1,6 meter, skulderhøgd på 75–85 cm og veg mellom 35 og 65 kilogram. Han har ein meir elegant bygnad enn guanakoen, og er noko mindre med litt kortare hovud og lengre øyre. Pelsen har gulbrun farge på ryggen medan hår på hals og bryst er lyst og ganske langt. Dyra er skye, dei kan flykte i ein fart på 47 km pr time i ei høgd på 4 500 moh.

Habitat
[endre | endre wikiteksten]Dette kameldyret lever på skoglaust grasland og på fjellsletter i regionen over ca 3200 moh. I habitatet veks berre næringsfattig gras av fleirårige plantar og grastustar som er harde å beite. Temperaturen varierer mykje i slik høgd frå under frysepunktet om natta til sterk solvarme om dagen. Habitatet må syte for god vasstilgang, dyra krev drikkevatn kvar dag og går sjeldan over to kilometer frå næraste kjelde.

Levevis
[endre | endre wikiteksten]Ein finn vikunja i familiegrupper på 6–10 dyr med eit dominerande hanndyr saman med hodyr og ungdyr. Flokken kviler på ei høgd over beiteområdet. Dei lagar gjødningshaugar på ca. 4 meter i diameter. Paringstida er på hausten, fostertida er på rundt 11 månader og kalven diar i opp til 10 månadar. Dyra er kjønnsmodne etter 2 år og kan nå ein levealder på 15–20 år. Unge hanndyr lever i ungkarsflokkar større enn dei vanlege familieflokkane. Naturlege predatorar er puma og andinsk rev (Pseudalopex culpaeus). Kondorar drep nomalt ikkje sjølv, men et åtsel frå daude vikunja.
Utnytting av arten
[endre | endre wikiteksten]I førkolumbisk tid var hausting frå populasjonen særs regulert, det har vore foreslått at så mykje som to millionar dyr levde i Andes med ei utbreiing så langt nord som i Ecuador. Etter at arten vart nær utrydda kom det i gang internasjonale vernetiltak frå 1969. Det vart oppretta eit nett av verneområde etter ein aksjonsplan i dei landa som hadde bestand. På 1980-talet kom det i gang prosjekt for berekraftig hausting av populasjonen i samarbeid mellom mindre lokalsamfunn og styresmakter innanfor verneområde. Eit døme på eit slikt reservat er La Reserva Nacional de Pampa Galeras i Ayacucho-regionen i Peru med eit areal på 6 500 hektar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Vikunja i dyrehage i Frankfurt.
- Vikunja i Argentina
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ley del 25 de febrero, Art. 1 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 20200611031624
{{citation}}: Check date values in:|arkivdato=(hjelp) - ↑ Acebes, P.; Wheeler, J.; Baldo, J.; Tuppia, P.; Lichtenstein, G.; Hoces, D.; Franklin, W.L. (2018). «Vicugna vicugna». IUCN Red List of Threatened Species. 2018 e.T22956A145360542. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22956A145360542.en. Henta 15. februar 2020.
- Kim, D. 1999. Vicugna vicugna (On-line), Animal Diversity Web. Tilgang den 14. mars 2006
- Antonio Tovar: Sustaining vicuna populations through community involvement Arkivert 2006-05-09 ved Wayback Machine.
- «National arms of PERU», Heraldry of the World (ngw.nl)
- Denne artikkelen bygger på «Vicuña» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) vikunja i Catalogue of Life
- (en) vikunja i Encyclopedia of Life
- (en) vikunja i Global Biodiversity Information Facility
- (en) vikunja i Global Biodiversity Information Facility
- (en) vikunja hos Fossilworks
- (en) vikunja hos ITIS
- (en) vikunja hos NCBI
- (en) Kategori:Vicugna vicugna – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Vicugna vicugna – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lama vicugna – detaljert informasjon på Wikispecies