Nasjonaldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike nasjonar representerte av sine nasjonaldyr: Den russiske bjørnen, den franske hanen, den amerikanske og den tyske ørna, den engelske løva, den austerrikske dobbeltørna, den italienske ulven og kanskje ein japansk mårhund (tanuki) rundt den kinesiske draken. Teikninga blei brukt til å illustrera den internasjonale politiske situasjonen i 1900 der vestlege land kjempa om tilgang til Kina.
Løva i det norske riksvåpenet er opphavleg eit kongesymbol.

Nasjonaldyr kan vera dyr som blir rekna som særleg representative for eit land og/eller dei blir brukte i andre nasjonalsymbol. Mange nasjonaldyr har opphav i kongelege symbol, og er ein grunn til at mange land bruker «kongelege» dyr som ørn og løve som nasjonale symbol. Nokre nasjonaldyr kan ta utgangspunkt i lokal mytologi. Andre byggjer på dyrelivet som finst i landet.

I mange nordeuropeiske land er løve eit symbol på kongsmakta og finst i riksvåpen. Løva er rekna som konge av dyra, og tradisjonen med å bruka henne som symbol på kongsmakt skriv seg frå normannarane.[1] I Mellom-Europa er det fyst og fremst ørnar, gjerne kongeørn, ein har brukt som symbol. Dette kjem opphavleg frå den romerske Aquila, ein forgylt ørn alle legionane bar meg seg som eit symbol på keisermakta.[2] Romarriket sitt eige nasjonalsymbol var likevel ulven som fostra opp Remus og Romulus, og ulv er fortsatt rekna som nasjonaldyr for Italia.[3] Den dobbelthovuda ørnen ein finn i mange austeuropeiske land kjem frå Austromarriket (Bysants).[4]

Oversyn over nasjonaldyr[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oninas, J. (2004): Significant pre-figuration of medieval heraldry, frå Atlas of World Art, side 58
  2. Yates, J. (1875): Signa Militaria",, frå A Dictionary of Greek and Roman Antiquities, side  1044–1046
  3. Wiseman, T.P. (1995): Remus: a Roman myth, Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-48366-7
  4. Soloviev, A.V. (1935): Les emblèmes héraldiques de Byzance et les Slaves. Seminarium Kondakovianum no 7, side 119–164.
  5. lesfennecs.net
  6. National Symbols Of Antigua & Barbuda ved antiguanet.net
  7. National Icons, bangla2000.com
  8. etan.org
  9. Neubecker, O. (1973): Heraldik (dansk). McGraw-Hill, Maidenhead, England. ISBN 87-7321-063-3, Side 64-65
  10. National Animal of India, culturalindia.net, National Symbols, indianembassy.hr
  11. Henriksen, H. & Storaas, H. (1999): Elg som en økonomisk ressurs: en kunnskapsoversikt. Høgskulen i Hedemark, rapport 13. Side 11
  12. Basic Facts, Ministry of Information and Broadcasting, Government of Pakistan, infopak.gov.pk
  13. Baindu Kallon (September 29, 2013). 12 countries that have cooler national animals than the United States. Glopal Post.; National Animals: The Legendary, Extinct and Imaginary.; Scottish fact of the week: Scotland’s official animal, the Unicorn.; The Mystical Unicorn Of Scotland.; Scotland’s National Animal is a Unicorn.
  14. Royal Standard, The Royal Household, https://www.royal.gov.uk/MonarchUK/Symbols/RoyalStandard.aspx