Villrein
Fjellrein | |
Fjellrein | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Hjortedyr Cervidae |
Slekt: | Rangifer |
Art: | Reinsdyr R. tarandus |
Underart: | Fjellrein R. t. tarandus |
Vitskapleg namn | |
Rangifer tarandus tarandus |
Villrein lever i Alaska, Canada, Grønland, Noreg med Svalbard, Finland, Russland og i Kina. Systematikk og levevis er omtalt i artikkelen reinsdyr.
Villreinen i Skandinavia
[endre | endre wikiteksten]Det er sju underarter av rein, men all rein tilhøyrer same art. I Skandinavia finst tre underartar:
- tundraformen R. t. tarandus, som òg finst i Russland
- Svalbardrein (R. t. platyrhynchus), som berre finst på Svalbard.
- skogsrein (R. t. fennicus) i tre førekomstar i Finland .
Villreinen har vore i Noreg sidan innlandsisen trekte seg tilbake for ca. 10.000 år sidan. I mange tusen år var reinen livsgrunnlaget for fangstfolka som følgde reinen under trekket til dei ulike årstidsbeita.
Då tamreindrifta tok seg opp frå 1700-talet, fortrengde tamreinen villreinen frå store beiteareal. Når jakta ut på 1900-talet vart driven meir intensivt, førte det til at villreinen vart utkonkurrert og fordriven i heile Sverige, Finland og nesten hele Nord-Noreg. I Sør-Noreg var det rein igjen berre i nokre av fjellområda. I 1920-åra var villreinbestanden i Noreg neppe større enn 2.700 dyr. Frå 1930-åra vart jakta kvoteregulert, og reinbestanden auka på nytt og reinen spreidde seg til nye fjellområde. Forvilla tamrein bidrog i tillegg til å auke villreinbestandane.
Forvalting av villreinen
[endre | endre wikiteksten]Både opphavleg villrein, slik vi finn han i Rondane og på Dovre, og forvilla og utsett tamrein, slik vi finn han i Ottadalsområdet, vert i dag forvalta som villrein. I dag har vi i Noreg ein vinterbestand på om lag 30 000 villrein av varierande genetisk opphav, fordelt på 26 ulike villreinområde i Sør-Noreg.
Noreg er i dag det einaste landet i Europa som har rester av den opphavlege ville fjellreinen. Styresmaktene kjenner derfor eit ansvar for å ta vare på dette viltet, både ved å sikre livsgrunnlaget for fjellreinen, og for ved jakt å syte for at reinen ikkje et seg ut av matfatet.
Villreinområde i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Villreinområde | Vinterstamme (2006) | Forvalta av Fylkesmannen i: |
---|---|---|
1. Setesdal Ryfylke | 1700 | Vest-Agder |
2. Setesdal Austhei | 700 | Aust-Agder |
3. Skaulen Etnefjella | 200 | Rogaland |
4. Våmur Roan | 200 | Telemark |
5. Brattefjell Vindeggen | 440 | Telemark |
6. Blefjell | 150 | Telemark |
7. Hardangervidda | 8000 | Buskerud |
8. Norefjell - Reinsjøfjell | 570 | Buskerud |
9. Oksenhalvøya | 30 | Hordaland |
10. Fjellheimen | 500 | Hordaland |
11. Nordfjella (Hallingskarvet) | 2500 | Sogn og Fjordane |
12. Lærdal Årdal | 70 | Sogn og Fjordane |
13. Vest-Jotunheimen | 340 | Sogn og Fjordane |
14. Sunnfjord | 120 | Sogn og Fjordane |
15. Førdefjella | 85 | Sogn og Fjordane |
16. Svartebotnen | 80 | Sogn og Fjordane |
17. Ottadalsområdet | 3000 | Møre og Romsdal |
18. Snøhetta | 1400 | Møre og Romsdal |
19. Rondane | 3500 | Oppland |
20. Sølnkletten | 500 | Hedmark |
21. Tolga Østfjell | 700 | Hedmark |
22. Forollhogna | 1300 | Hedmark |
23. Knutshø | 1370 | Sør-Trøndelag |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) fjellrein hos Artsdatabanken
- (en) fjellrein i Encyclopedia of Life
- (en) fjellrein i Global Biodiversity Information Facility
- (en) fjellrein hos ITIS
- (en) fjellrein hos NCBI
- (en) Kategori:Rangifer tarandus tarandus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Rangifer tarandus tarandus – detaljert informasjon på Wikispecies