Vokativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vokativ (latin [casus] vocativus, 'rope på') er eit grammatisk kasus, brukt som kasuset til tiltaleforma.[1]

Denne kasusen finn ein mellom anna i latin, gresk, irsk og baltiske, romanske og slaviske språk som ei tiltaleform av substantiv. Norrønt hadde også vokativ, men dette har stort sett falle bort på moderne norsk.

Døme[endre | endre wikiteksten]

«Et tu, Brute!»

Julius Cæsars siste ord då han vart myrda av Brutus år 44 f. Kr., slik dei er gitt att i skodespelet til William Shakespeare.[2]

«Brute» er vokativforma av «Brutus»[3].

Ifølge språkkjennaren Per Egil Hegge finst det berre éi ekte vokativform i norsk, nemleg «folkens», som i uttrykket «hei, folkens».[4] I staden for vokativ kan ein på norsk bruka pronomenet «du» foran substantivet: «Du Guri, ...», «du mann» eller «de ungar». Ein slags distinksjon mellom vokativ og ikkje vokativ markering har vi for personnamn i dialektar med såkalla propriell artikkel. I slike dialektar vil «Kari» og «Per» markere vokativ, mens «ho Kari» og «han Per» vil markere andre funksjoner.[treng kjelde]

Eit døme frå gresk er eit uttrykk som ofte blir brukt i kristen liturgi, som Litaniae Lauretanae (Loreto-litanien[5]:

Κύριε ἐλέησον, Χριστὲ ἐλέησον, Κύριε ἐλέησον.
Kýrie, eléison; Khristé, eléison; Kýrie, eléison.
«Herre, miskunn deg, Kristus, miskunn deg, Herre, miskunn deg»

Der er κύριε (kyrie) vokativforma av κύριος (kyrios), 'herre', og Χριστὲ (Khriste) er vokativforma av Χριστός (Khristos), «Kristus».

litauisk er ordet for mann, vyras, vyre i vokativ.[6] Vokativforma for mannsnamnet Petras er Petrai.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «vokativ». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 27. september 2019. 
  2. [1]Julius Cæsar, akt 3, scene 1, linje 77. The Complete Works of William Shakespeare, MIT (lest 25.10.2017)
  3. [2] Schaden 2010:177 i: Julien, Marit. "Vokativar i norsk". Norsk Lingvistisk Tidsskrift. Årgang 32, nr.1 (2014). Oslo: Novus forlag. s. 130 (lest 25.10.2017)
  4. "Helt unyttig", i Per Egil Hegges språkspalte i Aftenposten 01.10.2004
  5. [3] Treasury of Latin Prayers. Database over latinske bønner, av Michael Martin. (lest 25.10.2017)
  6. Ambrazas, Vytautas m.fl. (c1997). Lithuanian Grammar. Vilnius: Baltos lankos. s.110. ISBN 9986813220
  7. Ambrazas, Vytautas m.fl. (c1997). Lithuanian Grammar. Vilnius: Baltos lankos. s.112, punkt 1.20 (1). ISBN 9986813220
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.