Wilhelm Saxild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Saxild
Fødd18. november 1825
Død23. september 1884
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Wilhelm Jens Gram Saxild (18. november 182523. september 1884) var ein norsk lærar, postmeister og stortingsmann, fødd i Norderhov i Buskerud.

Saxild var son til ein prokurator. Han voks opp i Trondheim og etter faren døydde, hos ein morbror i Kolvereid. Han studerte geologi og tok bergeksamen i 1846. I 1849 vart han styrar av krutverket tilhøyrande Kongsberg sølvverk. Året etter vart han timelærar ved middel- og realskulen i Larvik, før han atter var tilbake på Kongsberg 1852-54 som aspirant ved sølvverket. Adjunkt ved Kongsberg middel- og realskule frå 1854, i tillegg forstandar for den elementære bergskulen frå 1867. År 1877 tilsett som postmeister i Risør.

Saxild var 1. representant frå Kongsberg på Stortinget 1859-60, han var sekretær i næringskomite nr 1. Han døydde i Kristiania i 1884, under eit mellombels opphald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914