Willy Rasmussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willy Rasmussen
Fødd 3. desember 1937
Kongsberg
Død

12. august 2018

Yrke friidrettsutøvar

Willy Lorang Rasmussen (fødd 3. desember 1937) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kongsberg. Han spesialiserte seg i spydkast og var etter tur medlem av Bergkameratene og IK Tjalve. Rasmussen vart norsk meister i spydkast i 1958, 1959, 1961 og 1965. I 1961 vart han også nordisk meister i øvinga. Hans aller lengste kast oppnådde han på Bislett stadion i august 1961, då spydet landa på 84,18 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rasmussen sette personleg rekord med 76,48 meter på Bislett stadion i juli 1958, slått av det norske spydesset Egil Danielsen med vel ein meter. I august vart Rasmussen norsk meister i spydkast, Danielsen vart skadd i fyrste kast og braut av tevlinga. Begge kvalifiserte seg i september månad til finalen under EM i Stockholm. Rasmussen vart der nummer 12 på moderate 68,63 m, medan Danielsen tok sølvmedaljen i meisterskapen.

I 1959-sesongen vart Rasmussen noregsmeister etter ein tett duell med Egil Danielsen, der begge stod for sterke prestasjonar. To år seinare tok han sitt tredje NM-gull med stor margin til andremann. Han vart også nordisk meister i øvinga i Oslo. Same sesongen slengde han spydet 84,18 meter og sette ein personleg rekord som låg nær verdstoppen.

Rasmussen deltok for Noreg i alle dei internasjonale meisterskapane i tida 1958 til -64. Etter tolvteplassen under europameisterskapen i 1958, fekk to år seinare han si beste plassering då han vart nummer fem i dei olympiske leikane i Roma. I 1962 kom han på niandeplass under EM i friidrett i Beograd, medan han ikkje lukkast å kvalifisere seg til OL-finalen i Tokyo 1964.

I 1964 vart Rasmussen sett i skuggen av landsmannen Terje Pedersen som forbetra verdsrekorden i spydkast to gongar. Under NM var Rasmussen likevel nær å ta gullmedaljen, då han var berre 14 cm bakom same Pedersen. Rasmussen heldt fram å sanke NM-medaljar i spydkast, den 12 kom i 1969. Samlinga av NM-medljar bestod då av 4 gull, 5 sølv og tre bronser.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Sølv – 67,62 m, bakom Egil Danielsen (72,09 m)
  • 1958: Gull – 71,33 m, framom Einar Røberg (65,84 m)
  • 1959: Gull – 77,96 m, framom Egil Danielsen (75,98 m)
  • 1960: Sølv – 68,47 m, bakom Terje Pedersen (74,18 m)
  • 1961: Gull – 79,37 m, framom Bjørn Selvik (70,37 m)
  • 1962: Sølv – 72,35 m, bakom Terje Pedersen (74,09 m)
  • 1963: Bronse – 72,18 m
  • 1964: Sølv – 78,81 m, bakom Terje Pedersen (78,95 m)
  • 1965: Gull – 77,70 m, framom Harald Lorentzen (73,92 m)
  • 1967: Bronse – 73,66 m
  • 1968: Sølv – 76,86 m, bakom Arve Os (77,34 m)
  • 1969: Bronse – 68,46 m

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]