Yoann Kowal
Yoann Kowal | |
Kowal under EM 2022. Foto: Sandro Halank
| |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 28. mai 1987 (37 år) Nogent-le-Rotrou |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2009, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, VM i friidrett innendørs 2014, Kontinentalcupen i friidrett 2010, EM i friidrett 2010, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2009, EM i friidrett innendørs 2011, EM i friidrett innendørs 2013, EM i friidrett innendørs 2015, EM i terrengløp 2009, Jeux de la Francophonie 2013, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Yoann Kowal (fødd 28. mai 1987) er ein fransk mellom- og langdistanseløpar som i 2014 vart europameister i 3 000 meter hinder og to år seinare tok bronsen i same øvinga.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kowal deltok i 2010 på 1500 meter ved friidretts-EM i Barcelona, og vart femtemann i finalen. Året etter sette han 8. juli personbeste på distansen med 3.33,7 i eit stemne i Paris. Etter å ha roke ut i semifinalane på 1500 meter både under verdsmeisterskapen 2011 og sommar-OL i 2012, valde han i staden å satse på 3 000 meter hinder.
Den 9. juni 2013 fekk Kowal i Rabat notert 8.12,5 i hinderløpet, ei tid som vorte ståande som personleg rekord. Seinare i sesongen kom han på åttandeplass i verdsmeisterskapen. Sommaren 2014 vann han gjennom ein frisk spurt EM-gullet på ordinære 8.26,6. OL-sesongen 2016 tok han bronsen i 3 000 m hinder under Amsterdam-EM og han vart nummer fem i sommarleikane i Rio de Janeiro. Under Berlin-EM 2018 var Kowal eit lite sekund for seint ute til å sikre seg ein ny EM-bronse i 3 000 m hinder.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2010 i Barcelona: Nr 5 på 1500 m – 3.43,7
- VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane på 1500 m (3.37,4=nr 13)
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 1500 m (3.43,4=nr 21)
- VM 2013 i Moskva: Nr 8 i 3 000 m hinder – 8.17,4
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.26,6, framom Krystian Zalewski (8.27,1)
- VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa i 3 000 m hinder (8.41,6=nr 20)
- EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.30,7
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.16,7
- VM 2017 i London: Nr 13 i 3 000 m hinder – 8.34,5
- EM 2018 i Berlin: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.36,7
- VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa i 3 000 m hinder (8.41,6=nr 20)
- EM 2022 i München: Nr 15 på 10 000 m – 28.17,3
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yoann Kowal» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Yoann Kowal i olympeida.org
- Einskildmenn
- Fødde i 1987
- Franske hinderløparar
- Franske mellomdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Frankrike
- Franske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Franske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Deltakarar under EM i friidrett 2010
- Deltakarar under VM i friidrett 2013
- Deltakarar under EM i friidrett 2014
- Deltakarar under VM i friidrett 2015
- Deltakarar under EM i friidrett 2016
- Deltakarar under VM i friidrett 2017
- Deltakarar under EM i friidrett 2018