Zinaida Kupryjanovitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zinaida Kupryjanovitsj
Зина Куприянович на Детской Песни года (cropped).jpg
Fødd17. september 2002 (18 år)
FødestadMinsk
Fødenamnkviterussisk: Зінаіда "Зіна" Аляксандраўна Купрыяновіч, russisk Зинаида "Зина" Александровна Куприянович, Zinanda «Zina» Aleksandrovna Kuprijanovitsj
AliasZENA
OpphavKviterussland
Aktiv2013–
Sjangerpop, Hiphop, danse-pop, tech house, Elektronisk dansemusikk, elektropop
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar, skuespillerkunst

Zinaida «Zina» Aljaksandrawna Kupryjanovitsj (fødd 17. september 2002 i Minsk) er ein kviterussisk songar, skodespelar og tv-programleiar. Ho er kjend under artistnamna Zina og ZENA (kviterussisk ЗЕНА) og representerte Kviterussland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med låten «Like It».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kupryjanovitsj byrja artistkarrieren som barnesongar i 2013, då ho deltok i songtevlingane New Wave Junior 2013 og juniorutgåva av Slavianski Bazaar i 2014.[2]

Kupryjanovitsj deltok to gonger i den kviterussiske uttakinga før Junior Eurovision Song Contest: i 2015 vart ho nummer fire med songen «Mir», og i 2016 vart ho nummer tre med «Kosmos». I 2017 kom ho på tredjeplass i den tiande sesongen av Fabrika zvjozd, den russiske versjonen av spanske Operación Triunfo. Etter tevlinga innleia Kupryjanovitsj ein karriere som programleiar på tv og var ein av programleiarane under Junior Eurovision Song Contest 2018 i Minsk. Som skodespelar har ho hatt stemma til Vaiana i den russisk-dubba versjonen av Vaiana og Rive-Rolf krasjer internett.[3]

Kupryjanovitsj representerte Kviterussland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Like It».[4][5][6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Album
«Mir» 2015 Ikkje frå album
«Kosmos» 2016
«Like It» 2019

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Nøter
2016 Vaiana Vaiana russisk-dubba versjon
2018 Rive-Rolf krasjer internett

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Belarus goes for ZENA with 'Like It'!». Henta 9. mars 2019. 
  2. «Международный конкурс детской песни "Новая волна-2013"» (på russisk). Rossija 1. Henta 7. mars 2019. 
  3. «Моана > Russian Soundtrack». Cast Albums. Henta 7. mars 2019. 
  4. Granger, Anthony (7. mars 2019). «Belarus: ZENA To The Eurovision Song Contest 2019». Eurovoix. 
  5. Halpin, Chris (7. mars 2019). «From Junior to Adult: Zena wins Belarus’ national final with “Like It”». Wiwibloggs. 
  6. Oliver, Eliza-Jane (7. mars 2019). «Belarus: ZENA will fly to Tel Aviv!». ESCToday. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]