Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).

Junior Eurovision Song Contest (JESC) er ein musikkonkurranse for born mellom 10 og 15 år, basert på Eurovision Song Contest som har blitt arrangert årleg sidan 2003. Den vart fyrst arrangert i Danmark i 2000 under namnet Dansk Melodi Grand Prix Junior. I 2002 vart resten av dei skandinaviske landa med, då gjekk konkurransen under namnet Melodi Grand Prix Junior Nordic, og frå og med 2003 vart konseptet utvida i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen til å omfatte heile Europa og konkurransen fekk frå dette året namnet Junior Eurovision Song Contest.

Teksten må vere på eit av dei nasjonale språka i landet dei bur i. Det finst likevel unntak, som Georgia, som song på eit kunstig språk i 2008, og Nederland, som song på nederlandsk og engelsk i 2009. Songen må vare mellom to minutt og 30 sekundar og to minutt 45 sekundar. Når dei er ferdige med å skrive tekst og melodi, kan dei sende songen til TV-kanalen som har den nasjonale finalen. Sidan 2005 har alle land fått 12 poeng før avstemminga. Avstemminga fungerer på same vis som i Eurovision Song Contest.

I 2006 heldt Danmark, Sverige og Noreg igjen ein egen Melodi Grand Prix Junior Nordic, i protest mot behandlinga av borna i den europeiske utgåva. Dermed blir det kvart år arrangert to europeiske finalar i Melodi Grand Prix for unge: ein for Norden og ein for resten av Europa.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

38 land har delteke minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

År Land som debuterte i tevlinga
2003 Belgia, Danmark, Hellas, Kviterussland, Kroatia, Kypros, Latvia, Makedonia, Malta,
Nederland, Noreg, Polen, Romania, Spania, Storbritannia, Sverige
2004 Frankrike, Sveits
2005 Russland, Serbia og Montenegro[Note 1]
2006 Portugal, Serbia[Note 2], Ukraina
2007 Armenia, Bulgaria, Georgia, Litauen
2010 Moldova
2012 Albania, Aserbajdsjan, Israel
2013 San Marino
2014 Italia , Montenegro[Note 2], Slovenia
2015 Australia, Irland
2018 Kasakhstan, Wales
2020 Tyskland
2023 Estland

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Vertsby Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2003 København Kroatia «Ti si moja prva ljubav» Dino Jelusić Kroatisk
2004 Lillehammer Spania «Antes muerta que sencilla» María Isabel Spansk
2005 Hasselt Kviterussland «My vmeste» Ksenija Sitnik Russisk
2006 Bucureşti Russland «Vesennij dzjaz» Tolmatsjova-systrene Russisk
2007 Rotterdam Kviterussland «S druzijami» Aljaksej Zjyhalkovitsj Russisk
2008 Limassol Georgia «Bzz..» Bzikebi Kunstig
2009 Kyiv Nederland «Click Clack» Ralf Mackenbach Nederlandsk, engelsk
2010 Minsk Armenia «Mama» Vladimir Arzumanjan Armensk
2011 Jerevan Georgia «Candy Music» CANDY Georgisk, engelsk
2012 Amsterdam Ukraina «Nebo» Anastasija Petryk Ukrainsk, engelsk
2013 Kyiv Malta «The Start» Gaia Cauchi Engelsk
2014 Marsa Italia «Tu primo grande amore» Vincenzo Cantiello Italiensk, engelsk
2015 Sofia Malta «Not My Soul» Destiny Chukunyere Engelsk
2016 Valletta Georgia «Mzeo» Mariam Mamadashvili Georgisk
2017 Tbilisi Russland «Wings» Polina Bogusevitsj Russisk, engelsk
2018 Minsk Polen «Anyone I Want to Be» Roksana Węgiel Polsk, engelsk
2019 Gliwice Polen «Superhero» Viki Gabor Polsk, engelsk
2020 Warszawa Frankrike «J'imagine» Valentina Fransk
2021 Paris Armenia «Kami Kami» Maléna Fox Armensk, engelsk
2022 Jerevan Frankrike «Oh Maman!» Lissandro Fransk, engelsk
2023 Nice Frankrike «Cœur» Zoé Clauzure Fransk

Forholdet mellom Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Nevena Božović som representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 og enda på tredjeplass, representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2013 som ein del av trioen Moje 3 og vart den fyrste som deltok i Eurovision Song Contest etter å ha delteke i Junior Eurovision Song Contest. Dei enda på ellevteplass i den fyrste semifinalen. Weronika Bochat som var støttevokalist for polske Marcin Mroziński i Eurovision Song Contest 2010, var òg ein del av KWADro som representerte Polen i Junior Eurovision Song Contest 2004.

Tolmatsjovy-systrene som vann Junior Eurovision Song Contest 2006 for Russland var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2009 i den russiske hovudstaden Moskva. I 2014 representerte dei Russland i Eurovision Song Contest 2014 med songen «Shine». Dei kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen, og enda til slutt på sjuandeplass i finalen.

Michele Perniola og Anita Simoncini som representerte San Marino i Junior Eurovision Song Contest i høvevis 2013 og 2014 (som ein del av gruppa The Peppermints), representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Chain of Light». Dei enda på sekstandeplass i den andre semifinalen. Anita Simoncini vart også den fyrste artisten til å representere ei nasjon fortlaupande i både Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest.[1]

Molly Sandén som representerte Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Melodifestivalen 2009 og 2012, dei svenske uttakingane til Eurovision Song Contest 2009 og 2012. Malin Reitan som representerte Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2005 deltok i Melodi Grand Prix 2012, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Mários Tofí som representerte Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2004 enda på andreplass i A Song for Europe, den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006. Dani Fernández som representerte Spania i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, som ein del av gutegruppa Auryn.

Sophie Debattista og Daniel Testa, som representerte Malta i Junior Eurovision Song Contest 2006 og Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014. Victoria Petryk, som representerte Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den ukrainske uttakinga i 2014 og enda på andre plass.

I 1992 var Nadia Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting under Eurovision Song Contest 1992. Tolv år seinare, i 2004, var ho programleiar for Junior Eurovision Song Contest på Lillehammer i Noreg saman med Stian Barsnes Simonsen. Ho har òg vore programleiar for Melodi Grand Prix Junior, den norske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest. Under Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest var Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting. I 2010 var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Bærum i Noreg saman med Haddy N'jie og Erik Solbakken, og i 2011 og 2012 var ho talsperson for Noreg då røystane vart delt ut.

Ani Lorak som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2008, og tok del i den ukrainske uttakinga i 2005, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2009 i den ukrainske hovudstaden Kiev saman med Timur Miroshnychenko og Dmytro Borodin. Zlata Ognevitsj som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2013, og deltok i dei ukrainske uttakingane i 2010 og 2011, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev saman med Timur Miroshnychenko. Poli Genova som representerte Bulgaria i 2011 og 2016, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2015 i Sofia.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppløyst i 2006.
  2. 2,0 2,1 Ein del av Serbia og Montenegro før landet vart oppløyst i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jiandani, Sanjay (27. november 2014). «San Marino: Michele Perniola and Anita Simoncini to Vienna!» (på engelsk). esctoday.com. Henta 20. november 2015. 
  2. Fisher, Luke James (21. oktober 2015). «Meet your host... Poli Genova!» (på engelsk). junioreurovision.tv. Henta 21. oktober 2015.