Junior Eurovision Song Contest 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Junior Eurovision Song Contest 2018
#LightUp!
Dato
Finalen 25. november 2018[1]
Vertskap
Stad Minsk Arena i Minsk, Kviterussland[2]
Programleiar Jevgenij Parlin
Zinaida Kuprijanovitsj
Helena Meraai
Deltakarar
Deltakarland 20[3]
Debuterte Kasakhstan
Wales
Attende Aserbajdsjan
Frankrike
Israel
Trekte seg Kypros
Kart
Vinnar
Land Polen
Song «Anyone I Want To Be»
Artist Roksana Węgiel
Junior Eurovision Song Contest
Tbilisi 2017 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Gliwice 2019

Junior Eurovision Song Contest 2018 (JESC 2018) var den 16. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Minsk Arena i Minsk i Kviterussland.[2] Dette vil vere andre gongen Kviterussland arrangerer tevlinga. Finalen vert arrangert 25. november 2018.[1]

Tjue land deltok i tevlinga, det høgste antallet med deltakande land i tevlinga si historie.[4][3] Kasakhstan og Wales vil for fyrste gong tevla i Junior Eurovision Song Contest, medan Aserbajdsjan, Frankrike og Israel vil vende tilbake til tevlinga.[5][4]

Polen vann tevlinga for fyrste gong, med songen «Anyone I Want To Be», sungen av Roksana Węgiel.

Arrangementet[endre | endre wikiteksten]

Vertslandet[endre | endre wikiteksten]

Den 15. oktober 2017, over ein måned før Junior Eurovision Song Contest 2017 vart halden, vart det stadfesta at Kviterussland hadde blitt tildelt vertskapet. Dette etter at tevlinga si styregruppe hadde fjerna ein klausul frå regelverket som ga vinnarlandet moglegheita til å takka nei til å vere vertskap for påfølgjande års tevling. I staden fekk European Broadcasting Union (EBU) sine medlemsland moglegheit til å søkje om å vere vertskap, og dette gjorde at Kviterussland og BTRC vart tildelt rolla som vertskapet da dei vart ansett som meist egna.

Dette var den andre gongen Kviterussland arrangerte Junior Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert tevlinga i 2010,[2] samt fyrste gang sidan 2012 at konkurransen vart halden i eit land som var bestemt på førehand uavhengig av utfallet av førre års tevling.

Kviterussland kunngjorde 23. november 2017 at dei hadde hensikt om å lempe på visumavgrensingar i løpet av november månad for å gjere det lettare for delegasjonar, presse og fans å deltake i konkurransen.[6]

Stad[endre | endre wikiteksten]

Da vertslandet vart kunngjort, vart det klart at tevlinga ville verte halden i hovudstaden Minsk. 23. november vart det klart at tevlinga ville verte halden i Minsk Arena.[7] Dette er fyrste gang tevlinga arrangeres i same arena to gongar. Den 18. mars 2018 vart det også kjend at tevlinga ville bli halden 25. november 2018.[8] Opningsseremonien fann stad i BelExpo.[9]

Format[endre | endre wikiteksten]

Grafisk design[endre | endre wikiteksten]

Då datoen for tevlinga vart presentert, vart tevlingas offisielle logo og slagord også presentert. #LightUp (Lys opp (#Зажигай på russisk)) er slagordet, og logoen er en morgenstjerne med vertikalt inverterte lydbølger. Inspirasjonen kjem frå deltakaranes kunstnarlege potensial og kreativitet, noko som gjer scena til noko magisk, som ei himmel full av stjerner.[8]

Programleiarar[endre | endre wikiteksten]

26. oktober 2018 vart Jevgenij Perlin og Zinaida Kuprijanovitsj presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2018, saman med Helena Meraai, som skulle rapportere frå green room under sendinga. Perlin er nyheitsanker og programleiar i BRTC, og har vore kommentator for Kviterussland i Eurovision Song Contest sidan 2013. Kuprijanovitsj er kjend som artist, og har deltake to gongar i Kviterussland si nasjonale utveljing til Junior Eurovision Song Contest i 2015 og 2016. Meraai er også kjend som artist, og representerte Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest i 2017, hvor hun endte på 5.-plass. Det kom også fram at Denis Dudinskij og Anna Kvilorija ville leia opningsseremonien. [10]

Deltakande land[endre | endre wikiteksten]

Følgjande land deltok i Junior Eurovision Song Contest i 2018.[4]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Ukraina Darina Krasnovetska «Say Love» Ukrainsk og engelsk 04 182
02 Portugal Rita Laranjeira «Gosto de Tudo (Já Não Gosto de Nada)» Portugisisk 18 042
03 Kasakhstan Danelija Twlesjova «Özinge sen» Kasakhisk og engelsk 06 171
04 Albania Efi Gjika «Barbie» Albansk og engelsk 17 044
05 Russland Anna Filiptsjuk «Nepobedimy» Russisk og engelsk 10 122
06 Nederland Max & Anne «Samen» Nederlandsk og engelsk 13 091
07 Aserbajdsjan Fidan Hüseynova «I Wanna Be Like You» Aserbajdsjansk og engelsk 16 047
08 Kviterussland Daniel Jastremskij «Time» Russisk og engelsk 11 114
09 Irland Taylor Hynes «IOU» Irsk 15 048
10 Serbia Bojana Radovanović «Svet» Serbisk 19 030
11 Italia Melissa & Marco «What Is Love» Italiensk og engelsk 07 151
12 Australia Jael Wena «Champion» Engelsk 03 201
13 Georgia Tamar Edilasjvili «Your Voice» Georgisk og engelsk 08 144
14 Israel Noam Dadon[11] «Yelaad'im kaeele» Hebraisk 14 081
15 Frankrike[5] Angélina[12] «Jamais sans toi» Fransk og engelsk 02 203
16 Makedonia Marija Spasovska «Doma» Makedonsk 12 099
17 Armenia L.E.V.O.N «L.E.V.O.N» Armensk 09 125
18 Wales Manw «Perta» Walisisk 20 029
19 Malta Ela Mangion «Marchin' On» Engelsk 05 181
20 Polen Roksana Węgiel «Anyone I Want To Be» Polsk og engelsk 01 215

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Junior Eurovision 2018 to take place on Sunday 25th November!» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 18. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Minsk announced as the host city for Junior Eurovision 2018!» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 15. oktober 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Surprise! Ukraine joins as 20th country for Minsk 2018» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 2. august 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «These are the 19 (!) countries taking part in Junior Eurovision 2018» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 25. juli 2018. 
  5. 5,0 5,1 «France: Returns to the Junior Eurovision Song Contest» (engelsk). Eurovoix.com. Henta 12. mai 2018. 
  6. «Belarus: No Visa Restriction During Junior Eurovision 2018 - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 23. november 2017. Henta 11. mai 2018. 
  7. «Junior Eurovision 2018 To Be Held In Minsk Arena - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 23. november 2017. Henta 11. mai 2018. 
  8. 8,0 8,1 «Junior Eurovision 2018 to Be Held on November 25 - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 18. mars 2018. Henta 11. mai 2018. 
  9. «Junior Eurovision'18: BelExpo To Host Opening Ceremony - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 14. februar 2018. Henta 11. mai 2018. 
  10. «Meet the hosts of Junior Eurovision 2018!». Junioreurovision.tv. Arkivert frå originalen 2017-10-26. Henta 26. oktober 2017. 
  11. «Israel: Noam Dadon to Junior Eurovision 2018». Eurovoix.com. Henta 6. september 2018. 
  12. «Angélina will represent France in Minsk with “Jamais sans toi”!». ESCXtra.com. Henta 13. oktober 2018.