Ájos Evstrátios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ájos Evstrátios
Lokalt namn: Άγιος Ευστράτιος
Landsbyen Ájos Evstrátios
Landsbyen Ájos Evstrátios
Geografi
2011 Dimos Agiou Efstratiou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°31′N 25°00′EKoordinatar: 39°31′N 25°00′E
Øygruppe Dei nordegeiske øyane
Areal 43,325 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Límnos
Største busetnad Ájos Evstrátios (270 innb.)
Demografi
Folketal 270 (2011)
Folketettleik 22 /km²

Ájos Evstrátios (gresk Άγιος Ευστράτιος) eller St. Efstratios er ei lita øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya ligg 30 km sørvest for Límnos og 80 km nordvest for Lésvos.

Ájos Evstrátios er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Límnos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.

Ájos Evstrátios er ei roleg, isolert og tørr øy med om lag 300 innbyggjarar. Klimaet er tørt med lite nedbør om vinteren og lange, varme somrar. Landskapet er hovudsakleg steinete med lite og låg vegetasjon. Havet omkring er derimot rik på fisk og fiske er hovudnæringa her. Det er fleire flotte strender rundt øya som Ájos Antonios, Lemonies, Avlakia og andre, som ein kan nå med kaik. Øya har båtsamband til Límnos, Ájos Konstandínos, Kými og Kavála.

Øya er kalla opp etter St. Efstratios, som levde i eksil på øya på 800-talet fordi han stod imot den biletstormande politikken til den austromerske keisaren Leon Armenaren.

Øya vart nytta til å huse politiske fangar i eksil1930-talet. I 1968 vart øya råka av eit jordskjelv som øydela dei fleste bygningane, og desse vart erstatta av betongbygningar som planmessig vart bygd i ein militærleirliknande stil. Øya har likevel ein tiltalande hovudby, òg kalla Ájos Evstrátios. På 1970-talet vart øya igjen nytta til å halde politiske fangar. Den mest kjende av desse var musikaren Mikis Theodorakis.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei nordlege egeiske øyane

Ikaría • Foúrni • Thýmena • Sámos • Khíos • Psará • Andípsara • Inoússes • Lésvos • Límnos • Ájos Evstrátios