Slimål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slimål


Myxine glutinosa
Slimål Myxine glutinosa

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Slimålar
Orden: Slimålar
Familie: Slimålar
Slekt: Myxine
Art: glutinosa
Vitskapleg namn
Myxine glutinosa
Slimål
Norske dialektnamn
Pirål, sleipmark
Namn på andre språk
Svensk Pirål
Engelsk Atlantic hagfish
Tysk Nordatlantischer Schleimaal
Spansk Mixino
Russisk Jevropejskaja miksina (Eвропейская Миксина), miksina obyknovennaja (миксина обыкновенная)

Slimål (Myxine glutinosa), også kalla pirål og sleipmark, er ein fisk som lever i saltvatn. Han er ein rundmunn i klassen slimålar, og ikkje i nær slekt med europeisk ål.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Slimålen er som vaksen 35 til 60 cm lang, rosafarga og utan skjel. Han har ikkje eigentlege finnar, mein ein hudfold langsetter bakkroppen. Langs buken har han slimkjertlar og rundt munnen har han fire tentaklar. Augene er tilbakedanna, og med nedsatt funksjon. Slimålen er hermafroditt fram til kjønnsmodning. Befruktinga skjer truleg utvendig, og yngelen klekkast utan larvestadie.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Han finst langs heile norskekysten, og elles i det nordlege Atlanterhavet, på eit djup frå 20-40 meter og ned til 600, i ekstreme tilfelle 2000 meter. Slimålen lev på blaut bunn, kor den ofte grev seg ned. Han vil ha temperatur under 10 grader og vatn med 32 promille salt.

Han lever hovudsakleg av åtsel, mellom anna av daud og halvdaud fisk, og er difor ein plage i botngarn og liner kor han går på fanga fisk. Han et også børstemark, havsniglar og anna.

Kjøttet er velsmakande, men ikkje bruka i Noreg.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]