Île aux Cochons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°6′S 50°14′E
Île aux Cochons
øy
none  Satellittbilete av øya
Satellittbilete av øya
Land Flag of France.svg Frankrike
Øygruppe Crozetøyane
stad Det sørlege Indiahavet
 - koordinatar 46°6′S 50°14′E
Høgaste punkt Mont Richard-Foy
 - høgd 770 moh
Lengd 10 km
Breidde km
Areal 67 km²
Folketal Ukjend

Île aux Cochons (Griseøya) er ei aude øy i dei subantarktiske Crozetøyane. Med eit areal på 67 km² er ho den tredje største øya i gruppa. Adminsitrativt vert ho styrt av Dei franske sørterritoria.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Île aux Cochons er den vestlegaste øya i øygruppa og ligg om lag 30 km nordvest for Île des Pingouins og 15 km sørvest for Îlots des Apôtres. Ho er ei erodert vulkankjegle spreidd med inaktive krater og ei kystlinje som hovudsakleg består av låge klipper. Innførte artar er mellom anna kattar, kaninar og mus. Grisar vart òg innførte på øya, men er i dag utrydda. Det finst ingen menneskeleg infrastruktur på øya og ho vert sjeldan vitja av forskarar.[1]

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Øya har status som viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International fordi ho er hekkestad for sjøfugl, mellom anna store pingvinbestandar. Ho har den største kolonien kongepingvin med kring ein halv million hekkande par, samt mange bøylepingvinar, gulltoppingvinar og nordleg klippehopparpingvinar. Ho har òg den største kolonien vandrealbatrossar i Indiahavet, med kring 1200 par, samt fire millionar par marionkvalfuglar og ein million par kortnebbdukkpetrellar. Det finst òg kergulenender. Her finst store bestandar med sørleg elefantsel, antarktisk pelssel og subantarktis pelssel.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Île aux Cochons.