Dei franske sørterritoria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei franske sørterritoria
Dei franske sørterritoria sitt flagg.
Dei franske sørterritoria sitt våpen.
Flagget til dei franske sørterritoria. Våpenet til dei franske sørterritoria.
Status Fransk oversjøisk territorium (Territoire d'outre-mer)
Prefekt (Préfet) Pascal Bolot
Hovudstad Saint-Pierre på Réunion (administrasjonssete)
Offisielt språk Fransk
Areal

- % vatn

439 781 km²
Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 140 ([[]])
ca. /km²

Verdsdel Afrika og Antarktis
Internet-domene .tf
Tidssone UTC
Internasjonal telefonkode
Nasjonalsong

Dei franske sørterritoria (fransk Territoire des Terres australes et antarctiques françaises, forkorta TAAF) er eit fransk oversjøisk territorium som vart oppretta som ei eining i 1955. Sørterritoria omfattar ei rekkje øyar i Indiahavet sør for Afrika og eit landområde i Antarktis. Det er ingen fastbuande i sørterritoria, men om lag 150 forskarar og arbeidsfolk befinn seg her året rundt. Dette talet aukar til rundt 300 sommarstid. Sørterritoria blir administrert av ein prefekt som er stasjonert på Réunion nord i Indiahavet.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei franske sørterritoria er delt inn i fem distrikt, med kvar sin «distriktssjef». Distrikta er:

  1. Kerguelen-øyane
  2. Île Saint-Paul og Île Amsterdam
  3. Crozetøyane
  4. Adélie Land i Antarktis
  5. Îles éparses

Øyane blir administrert frå Saint-Pierre på Réunion. Det som blir rekna som hovudstaden i sjølve sørterritoria er busetnaden Port-aux-FrançaisKerguelen. Her bur om lag 60 menneske heile året, og opp mot 120 sommarstid.

Îles éparses («dei spreidde øyane») har vorte rekna som det femte distriktet i sørterritoria sidan 2007. Øyane ligg i Indiahavet rundt Madagaskar. Øyane er utan busetnad, men kvar einskild øy blir gjort krav på av anten Madagaskar, Komorane, Seychellane eller Mauritius i tillegg til Frankrike.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Medan fleire av Îles éparses og Île Saint-Paul var kjende frå før eller tidleg i oppdagartida, blei områda lengre sør i territoriet blei først oppdaga av menneske på 1700- og 1800-talet. Crozet-øyane blei oppdaga den 24. januar 1772 av Julian Crozet, som siglde med stillehavsutforskaren Marc-Jospeh Marion-Dufresne. Den franske antarktisekspedisjonen leidd av Yves-Joseph de Kerguelen de Trémarec kom til Kerguelen , som dei kalla Îles de la Fortune ('Lukkeøyane'), den 12. februar 1772. Adelie Land vart oppdaga i 1840 av den franske polfararen Jules Dumont d'Urville.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Dei franske sørterritoria. Adélie Land i Antarktis), Banc du Geyser (i Îles Éparses), og Bassas da India (i distriktet Îles Éparses) er ikkje med
Kerguelen-kål på Mayes i Kerguelen.

Territoriet omfattar Île Amsterdam, Île Saint-Paul, Îles Crozet og Îles Kerguelen sør i Indiahvet nær 43 °S, 67 °E, langs det franske kravområdet i Antarktis, Adélie Land, kalla opp etter kona til den franske polfararen Jules Dumont d'Urville.

Adélie Land dekkjer kring 432 000 km² og øyane i alt 7 781 km². Ingen av områda har fast busetnad, men i 1997 var det kring 100 forskarar som budde her frå vinteren (juli) til sommaren (januar).

Île Amsterdam og Île Saint-Paul er utdøydde vulkanar. Det høgaste punktet i territoriet er Mont Ross på Îles Kerguelen på 1850 meter over havet. Det er ikkje flystripe på nokre av øyane og langs den i alt 1232 km lange kyststripa finst det ingen hamner, berre ankarplassar til sjøs.

Kerguelen - Volcan du Diable.

Øyane i Indishavet får forsyningar frå spesialskipet «Marion Dufresne», som seglar ut frå Le PortRéunion. Terre Adélie får forsyningar frå «Astrolabe», som seglar ut frå HobartTasmania.

Territoriet inneheld den einaste landmassen som ligg direkte på andre sida av jordkloden for USA.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°15′0″S 69°10′1″E