Crozetøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°25′S 51°59′E
Crozetøyane
Îles Crozet
øy
none  Ei av Crozetøyane
Ei av Crozetøyane
flagg
Land Flag of France.svg Frankrike
Oversjøisk territorium Dei franske sørterritoria
Distrikt Crozetøyane
stad Indiahavet
 - koordinatar 46°25′S 51°59′E
Høgaste punkt Mont Marion-Dufresne
 - høgd 1 050 moh
Areal 352 km²
Øyar i alt 6
Større øyar 3
Jorda sentrert kring Crozetøyane
Jorda sentrert kring Crozetøyane

Crozetøyane (fransk Îles Crozet eller offisielt Archipel Crozet) er ei subantarktisk øygruppe sør i Indiahavet. Dei utgjer ein av fem administrative distrikt i Dei franske sørterritoria.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utanom holmar og skjer osv. består Crozetøyane av seks øyar. Frå aust til vest er desse:

Nr. Øy eller gruppe (norsk) Areal Høgaste punkt Plassering
L'Occidental (Vestgruppa)
1 Île aux Cochons (Griseøya) 67 km² Mont Richard-Foy, 770 moh 46°06′S 50°14′E
2 Île des Pingouins (Pingvinøya) 3 km² Mont des Manchots 340 moh 46°25′S 50°24′E
3 Îlots des Apôtres (Apostelholmane)(1) 2 km² Mont Pierre, 289 moh 45°57′S 50°25′E
L'Oriental (Austgruppa)
4 Île de la Possession (Eigedomsøya) 150 km² Pic du Mascarin, 934 moh 46°24′S 51°46′E
5 Île de l'Est (Austøya) 130 km² Mont Marion-Dufresne, 1050 moh 46°25′S 52°12′E
  Îles Crozet (Crozetøyane) 352 km² Mont Marion-Dufresne, 1050 moh 45°57' til 46°29'S

50°10' til 52°19'E

Kart over Crozetøyane

(1) Gruppe på to store øyar (Grand Île—Big Island og Petite Île—Little Island) og kring 20 klipper.

Aust- og vestgruppa ligg 94,55 km frå kvarandre (frå Île des Pingouins til Île de la Possession)

Crozetøyane er ikkje busette, utanom forskingsstasjonen Alfred Faure (Port Alfred) på austsida av Île de la Possession, som har vore kontinuerleg bemanna sidan 1963. Tidlegare var det òg forskingstasjonar ved La Grande Manchotière og La Petite Manchotière.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Analysar av magnetiske anomaliar på havbotnen indikerer at Crozet-platået vart danna kring 50 million år sidan. Øyane er av vulkansk opphav og basalt. Steinprøvar indikerer at det vulkanske opphavet går attende til minst 8,8 millionar år.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Crozetøyane har eit maritimt klima og somme område er tempererte regnskogar.

Øyane får mykje nedbør med over 2000 mm per år. Det regnar i snitt 300 dagar av året og vindstyrkar over 100 km/h (27 m/s) skjer 100 dagar per år. Det er vorte målt temperaturar opp til 18 °C om sommaren, men han går sjeldan under -5 °C sjølv på vinteren.

Plante og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Øyane er ein del av økoregionen Tundra i Sør-Indiahavet som omfattar fleire subantarktiske øyar. I dette kalde klimaet er vegetasjonen hovudsakleg avgrensa til gras, mosar og lav, medan dyrelivet består av insekt, sjøfugl, selar og pingvinar.[1]

Det finst fire artar pingvinar på Crozetøyane. Mest finst det av gulltoppingvin og det hekkar 2 millionar par på øyane, og kongepingvinen. Austleg klippehopparpingvin finst her òg, og det finst ein liten koloni med bøylepingvinar. Andre fuglar her er maskeslirenebb, petrellar og albatross, inkludert vandrealbatross.

Av dyr på Crozetøyane finn ein pelssel og sørleg elefantsel. Spekkhoggarar er observert jaktande på sel i området. Crozetøyane er kjend som ein av særs få stader i verda der spekkhoggarar med vilje standar seg sjølv (og seinare klarar å kome seg laus att) i jakta på sel. Dette er særs sjeldan oppførsel og som oftast sett i Patagonia i Argentina. Ein trur at dette er noko spekkhoggarane lærer vidare til nye generasjonar.

Crozetøyane har vore eit naturreservat sidan 1938. Innføring av ytre artar (mus, rotter og sidan kattar for å ta seg av skadedyra) har hardt råka det originale økosystemet. Grisar har vorte innført på Île des Cochons og geiter på Île de la Possession — begge for å nyttast til mat - men er i dag utrydda.

Ei anna uro er overfiske av patagonsk tannfisk og albatrossbestanden vert overvaka. Farvatna kring Crozetøyane vert patruljert av franske styresmakter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Crozetøyane vart først oppdaga den 24. januar 1772 av ekspedisjonen til Marc-Joseph Marion du Fresne, ein fransk oppdagar. Hans nestkommanderande Jules (Julien-Marie) Crozet gjekk i land på Île de la Possession, og gjorde krav på øygruppa for Frankrike.[2] Marion du Fresne kalla øyane opp etter Crozet sidan han alt hadde kalla opp Marion Island etter seg sjølv.

Tidleg på 1800-talet vart øyane ofte vitja av selfangarar og i 1835 var selane nesten utrydda frå øyane. Sidan vart kvalfangst hovudaktiviteten kring øyane, særleg kvalbåtar frå Massachusetts. I 1841 var det eit dusin kvalbåtar kring øyane. I løpet av nokre år var talet auka til tjue frå berre USA. Jaktperioden var derimot kortvarig og øyane vart sjeldan vitja resten av hundreåret.

Det var ofte forlis ved Crozetøyane. Den britiske selskuta «Princess of Wales» sokk i 1821 og dei overlevande var to år på øyane. «Strathmore» forliste i 1875. I 1887 forliste franske «Tamaris» og mannskapet hennar stranda på Île des Cochons. Dei knytte ei melding til foten av ein albatross, som vart funnen sju månader seinare i Fremantle, men mannskapet vart aldri berga. På grunn av dei mange forlisa kring øyane sendte Royal Navy eit skip til øyane med nokre års mellomrom for å sjå etter stranda overlevande.

Frankrike styrte opphavleg øyane som eit område inn under Madagaskar, men dei vart så ein del av Dei franske sørområda i 1955. I 1938 vart Crozetøyane erklært eit naturreservat. I 1961 vart den første forskingsstasjonen oppretta, men det var først i 1963 at den permanente stasjonen Alfred Faure opna ved Port Alfred på Île de la Possession (begge kalla opp etter den første leiaren for stasjonen). Stasjonen er bemanna av 18 til 30 menneske (avhengig av årstida) og gjer meteorologiske, biologiske og geologiske undersøkingar, driv ein seismograf og ein geomagnetisk observatorium (IAGA code: CZT).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Southern Indian Ocean Island tundra». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. http://worldwildlife.org/ecoregions/an1104. Henta 6. november 2012. 
  2. «TAAF». Taaf.fr. http://www.taaf.fr/spip/spip.php?article108. Henta 6. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Crozetøyane

Mal:Franske oversjøiske departement og territorium